Mari Leirflaten tok prisen i 1986

GUDBRANDSDØLEN 7. 5. 1987: Mari Leirflaten på samvirkelagskafeen i Skåbu er kåra til Norges beste kaffikokar i 1986. Tysdag møtte Kaffikomiteen opp i Skåbu med hedersbeviset, «Den gyldne Kaffekjele», og i juni reiser Mari på kaffitur til Wien. Randi Brendløkken tipsa Kaffikomiteen om Maris kaffi og får slå følge til Wien. Mari stakk av med seieren i konkurranse med 400 andre kafear. Den som får prisen, skal ha utmerka seg både med god kaffi og med godt kafemiljø. Kafeen i Skåbu må vere det næraste vi kan kome ein italiensk restaurant her til lands. Mari opnar kafeen når det først gjestane kjem om morgonen og stenger når dei siste går om kvelden. Midt på dagen er det siesta.
I 28 år har ho kokt kaffi og steikt vafler til glede for skåbyggingar og vegfarande, nesten utan ein fridag. – Det går like radt, det ma, men eg lyt ta meg fri når eg skal til Wien, seier Mari, som korkje har vore utanlands eller oppe i fly før. Kva som ventar i Wien, vet ho ikkje, men Kaffikomiteen lokkar med både wienkafear, hestedrosjar, konsertar, nattklubb og alt det hjartet måtte behage.
Noe oppskrift på landets beste kaffi har ikkje Mari. – Eg berre slumpar, påstår ho. Men om ikke oppskrifta står svart på kvitt i ei kokebok, går Maris kaffikoking nøye for seg. – Ein kopp kaffi til ein liter vatn, rein kjele og reint nykokt vatn, og kaffin skal trekke, ikkje koke, seier Mari, den første vinnaren av «Den gyldne Kaffekjele» som kokar kaffi på kjel. – Slik blir han best, sier Mari, som har vore kaffikjerring frå ho var småjente. – Sukker har eg slutta med, men ein fløteskvett på eg ha.
I snart 30 år har Mari vore eit samlingspunkt i Skåbu. Når bygdefolket skal på kafe, ja, da er det nordpå eller sydpå åt ho Mari dei skal. Hos ho Mari samlast pensjonistar og ungdom, her har musikkorpset øvingane sine, her spelar dei bridge, og her har sanitetskvinnene sine arrangement.
Ved prisutdelinga sat kring 30 av Maris stamgjestar benka rundt kafeborda, og til kaffien vart det servert Maris heimebaka vafler, rundstykke og blautkake.