Like pirkete som hardangersaum

Einar Pettersen bygger fly i garasjen

GUDBRANDSDØLEN 22.8. 1987: – Du får begynne å hekle eller knytte tepper, sa kona. Men slikt pirk er ikkje noko for meg, seier Einar Pettersen, pensjonert vinstravær på 64, smattar på pipa og tek seg ein femminutt frå hobbyen i garasjen. – Flydilla? Tjaaa … dreg han på det og stryk med kjærlege fingrar over sin sjølvbygde Colibri MB2. I fjor vår gjekk han i gang ned bygginga i garasjen. Nå står skroget der, eit lite kunstverk i finér og furulister, møysommeleg og nøyaktig saga ut etter millimetermål og ihoplimt. Ennå manglar vengene og understellet før heile flyet skal trekkast med finér og nylonduk.

Ein Colibri MB2. Foto: Pilotmix.com

Det ferdige flyet skal vege 190 kilo med motor, ein ombygd folkevogn-motor som gir toppfart på 180 km i timen. Flyet blir 4,5 meter langt og får eit vengespenn på 6 meter. Prisen blir kring 50 000 kroner.

Med tilgang med snikkarverkstad i Skåbu og mekanisk verkstad på Vinstra klarer Pettersen å utføre alt bygegarbeidet sjølv.

Ennå står flyet i garasjen. – Når det blir for stort, er det enkelt å ta ut eine veggen, seier flybyggaren.

Einar Pettersen har hatt flydilla i årevis. I 1950-åra sat han ved spakane samen med Walter på Fefor, men han har aldri vore til vers på eiga hand. Nå les han til flysertifikat. Neste sommar håper han å kunne lette frå Frya.

Eg er haua, men det er ikkje sikkert det går. Eg er vel i eldste laget, og eg har berre eitt auge. Flyet må også godkjennast av Luftfartsverket, seier Einar Pettersen og smattar sørgmodig på si eventyrblanding mens blikket prøvande følgjer flyets veg til vers. Draumen om å få fly som fuglen lever framleis. -Får eg ikkje lov til å fly, får andre overta Colibrien. Det er spennande å bygge, like pirkete og langt mer interessant enn hardangersaum – tykkjer nå eg.

– Berre her i halepartiet er det over 300 delar, forklarer Peettersen, vier fram ein stabel me dteikningar,, peikar, memner uskjønelege namn, teinar med fingrane ove gråpapir-rullar med flydetaljar

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s