Daily Archives: 1. januar 2022

Gardsbruk i Skåbu er populære!

Denne heimesida har lesarar i så å seie heile verda

Eit døme på presentasjonen i artikkelen.

I 2021 var det 2187 klikk på Ole Christian Risdals «Skåbu i utvida norske Gardsbruk.» Der han har gjort eit omfattande og viktig arbeid med å oppdatere, finne historikk, eigarforhold, opplysningar om samla areal og dyrehald. Det er faktisk ei lita bok som ligg her på heimesida. Artikkelen var først publisert 3. april 2020, blir stadig oppdatert og har besøk kvar dag. I 2020 var det 1626 som las artikkelen. I 2021 altså 2187, til saman 3813. Eit godt opplag for ei bok! Til samanlikning: I 2020 hadde den mest leste artikkelen 1769 trreff.

Her er dei mest leste artiklane i 2021. Statistikken syner at bilda på heimesida er populære.
Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk