Monthly Archives: desember 2021

Dette treng du til jul!

Så kan du alle julesongane rundt treet

I 1988 presenterte Kvikneveren Ola Hage ei riktig smart oppfinning i Skåbu. Sjølvsagt var NRK Norge Rundt på plass. Klikk her. I innslag nr 9 møter du karen med hodelykt og klesklype mot rakfisklukta.

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Menn

Døden tapte kampen i myrholet

Var det «ein annan» som hjelpte til?

«Til sist var det berre hovudet og halsen med den drivkvite mana som stakk opp av myra.» Ill. foto frå hest.no

JOHAN DALSEG: Hingsten med hoppefylgjet sitt hadde beita på vollane langs bekken og var på tur bort, da vi kom. Fylgjet sette over blautmyra, og tre av hoppene gjekk igjennom. To av dei baksa seg opp att med det same, men Raua til Edda Stebergløkken i Prestgarden vart sitjande fast. Ho strevde for å koma seg opp, men sokk berre djupare og djupare. Til sist var det berre hovudet og halsen med den drivkvite mana som stakk opp av myra. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Stuttreiste juletrær

NRK Norge Rundt på besøk i Rusta i Søre Lia for 11 år sidan

I bortimot ti år kunne du hogge deg juletre sjølv i Sør-Fron med sledefart og god gammaldags julestemning, eit lite pust i julestria – og eit mykje betre minne enn å kjøpe eit importert tre på torget, seier ein far. Klikk her, så kjem du til Norge Rundt 17. desember 2010. Klikk så på «Vis meir». Juletrehogsten er innslag nr 9. Her er det berre å kose seg med førjulsstemning.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jordbruk

Nye skot på gammal rot

Møt spelemenn, songarar og dansarar i Fron for 26 år sidan

Sør-Fron spel NRKSlike program kjem nok NRK aldri til å lage meir. Året etter OL på Lillehammer gjorde NRK opptak som vart til to program om tradisjonsmusikken i Midt-Gudbrandsdalen. «Den har fra gammelt vært rik og blomstrende. For noen tiår siden var det like før tradisjonene ble borte, og alle krefter måtte settes inn for å redde en musikkarv. Programmet gir eksempler på folkemusikkaktiviteten i Fronsbygdene med fele, trekkspill, torader – i sang og dans.»  Klikk på bildet, så ser du programmet.

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk