Skal det vere litt kraftig mat i romjula?

Det går lenge før de vert svoltne att

Frå norsktradisjonsmat.no

OLAUG ASKHEIM AAS: Som den skogskaren far var, hadde han ein favorittmatrett frå praksistida: Sluring. Han skar spekeskinke i terningar og bruna i panna. På den tida visste ingen kva «stjernegris» var. Nei, det var skikkeleg feitt på grisen, og det synte seg i steikepanna. Far laga ei tjukk røre av kveitemjøl og mjølk, let det svelle og tømde det i panna oppå flesketerningane. Så stod dette og godtgjorde seg på vedakomfyren til det var kokt. Da kom panna på bordet, litt sukker strødd oppå, og så åt vi frå kvar vår kant med skei. Dette var middagen når far var åleine heime med oss. Kraftig mat. Godt var det ôg. Det gjekk lenge før vi vart svoltne att.

Godt var det å leggje kalde poteter på omnsringane og verme dei til det var brune utanpå, snu på det til dei vart varme – med heimekinna smør på. Litt sur mjølk i koppen, og du har eit herremåltid.

Utdrag frå artikkelen «Barndomsminne frå Elvenes i Skåbu» i Fronsbygdin 2018

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s