Talet på «uægte fødte børn» forskrekka Eilert Sundt

Eilert Sundt (t.h) hadde ein disputt med Per Chr Asbjørnsen (t.v) kalla Grautkrigen. Dei fann at ein duell måtte til. Asbjørnsen hadde som utfordrar rett til å velgje våpen, og han valde – magen! Til jubel frå publikum og duellantane sjølv klaska dei saman mage mot mage.
ELDRID BRANDVOL: I Fronsbygdene var det ikkje noko uvanleg å ha både eitt og to barn saman før giftarmålet. Heller ikkje ser det ut til å ha vore til ulempe på ekteskapsmarknaden om ein hadde eit barn «fyryåt». Utan blygsel fortalte folk om barn født utanfor ekteskap, om folk som budde saman utan å vera gift, noko som var straffbart etter lova. Bygdafolk flest såg ikkje på det å få barn utanfor ekteskap som ei ulykke. Det var helst blant dei «kondisjonerte» ei slik oppfatning var rådande. I Nord-Fron var det svært få personar av denne gruppa, og meiningane deira om samliv hadde vondt for å slå gjennom blant «almuen».
I august 1851 var Eilert Sundt komen til Fronsbygdene på si vandring gjennom Gudbrandsdalen. Formålet med ferda var å undersøkje levekåra blant «almuen» på landsbygda i Norge, særlig i «de lavere klasser». Dette vart gjort med stipend frå høgste hald. Han traska til fots med skreppe på ryggen og stoppa og gav seg i prat med folk han møtte. Dei fortalde frimodig om korleis dei levde, og han noterte flittig. Notisbøkene hans vart fort fylt, og mykje av innhaldet er med i boka hans Om sædelighedstilstanden i Norge. Tonen i samtalane er muntleg, lett og ledig.
Da han la ut på ferda, var det med eit håp om at han ut over landet skulle møte «blidere sæder» enn i byane. Men han vart bittert skuffa over tilstandane han fann, og særleg vart han forfærd over sume bygder i Gudbrandsdalen.
Eilert Sundt var utdanna teolog og kom frå eit område på Sørlandet, der det årleg kanskje var født eitt eller to barn utanfor ekteskap i prestegjeld med folketal som Nord-Fron. For han måtte talet på «uægte» i Nord-Fron fortone seg skremmande høgt. Det har han blant anna gjeve uttrykk for i brev til kona si:
Froen er en ulykkelig bygd – med meget fordervede Sæder.
Talet på «uægte fødte børn» forskrekka han, og likeeins den aksepterande haldning som folk flest i bygda hadde til dette. Han fekk ofte til svar at skikken var slik. Dette opprørde han, og han grunda mykje over korleis tilstanden hadde vorte så ille. Fattigdom og usle levekår var eit resultat av umoral og «letsindig ægteskab», meinte han. At husmannsklassa var stor, og all dyrkbar jord teke i bruk, reflekterte han ikkje så mykje over, ser det ut til. Etter kvart kom han til to hovudårsaker til dei ulykksalege tilstandane. For det eine: Skikken med «natteløberi», det vil seie at ungdom møttest natterstider utan tilsyn av føresette. For det andre: Skikken med «Natteleie i Fæhusene». Begge desse skikkane var truleg mykje utbreidd i Frons-bygdene. At tenestefolk måtte sove i fjøset var ganske vanleg i Nord-Fron så seint som ved folketelllinga i 1875. Av boka om «sædelighedstilstanden» går det fram at Sundt refsa denne forkastelege skikken.
Frå 1851 var Nord-Fron eigen kommune. Sokneprest Christie hadde tre kyrkjesogn å styre og budde i prestegarden Sundet. Der vart Sundt orientert om tilstanden i prestegjeldet, og derfrå la han ut på turar både til Kvam og Kvikne og fekk ved sjølvsyn oppleva det Christie hadde fortalt om. Han hadde også ei samtale med «Arbeiderforeningens formand», noko som gjorde han harm. Marcus Thrane hadde reist gjennom Gudbrandsdalen og stifta arbeidarforeningar, også i Fron. Sundt hadde ingen sympati for radikale, politiske idear, og når fattige folk klaga over «haarde Vilkår», likte han det ikkje, og meinte at det låg mykje skuld hos husmannsfolk sjølve.
Etter opphaldet blant kondisjonerte i prestegarden gjekk han altså ut i «denne ulykkelige bygd», og dei familie- og bustadstilhøve han der fann, underbygde informasjonane han hadde fått av Christie. Utan blygsel fortalte folk om barn født utanfor ekteskap, om folk som budde saman utan å vera gift, noko som var straffbart etter lova.
Kyrkjeboka for Nord-Fron for året 1851 fortel mykje om det som Sundt karakteriserte som «Usædelighed» og andre tilhøve. Dette året vart det døypt i alt 136 barn ved dei tre kyrkjene i Nord-Fron. 23 av desse, altså omlag 17 prosent, var registrert som «uægte». Dei fordelte seg nokså likt på Sødorp, Kvam og Kvikne. Ein gjennomgang av foreldra til alle fødte gjev eit tydeleg inntrykk av at husmennene var i stort fleirtal i bygda. Blant foreldra til dei «uægte» var det berre eitt par som kom frå gardar. Ei ung enke frå Kvam fekk barn med ein «Ungkarl, Gaardmandssøn» frå same kyrkjesokn.
På denne tid var nikkelverket i Espedalen i drift. Barn av foreldre med tilknytning til Espedalsverket ser ut til å vera døypte i Kvikne-kyrkja. Tre barn døypt som uekte har far som er innført som «værksarbeider». Ein av desse, ein smed frå Trondheim, gifta seg året etter med mor til barnet. Den andre verksarbeidaren, ein kar frå Lesja, fekk tvillingar med ei jente frå Kvikne, men forsvann frå ansvaret. Etter det Ivar Kleiven skriv om Espedalsverket i Fronsbydin, skullke det der vera mykje
o-levna med fyll og slagsmål og mangt anna låkt, som har lett for å gro opp ved slike drifte
men ut frå talet på barn født utanfor ekeskap i 1851, ser det ut til at dei seksualmoralske tilhøva har vore rimeleg bra.
Dei fleste av dei 22 para med barn født utanfor ekteskap har nokså lik bakgrunn og er som regel på same alder. Alle er vaksne, frå midt i 20-åra og oppover. Dei kan ha vore i teneste saman, eller tent på gardar i same grend. Nokre få, både menn og kvinner, er frå Heidalen, og som nemnt ovanfor er det to utanbygds verksarbeidarar blant fedrane.
Sidan det å få barn med tre forskjellige var straffbart etter lova, noterte presten ved barndåpen omhyggeleg i kyrkjeboka om det var førstegongs, andregongs eller tredjegongs leiermål. Det finst også tilfelle av fjerdegongs. I nokre få tilfelle er ikkje nummeret på leiermål notert. Årsaka til det kan vera at syndaren er utanbygds frå, og at presten ikkje har fått undersøkt i heimbygda til vedkomande.
Av mødrene var det elleve med førstegongs leiermål, fem med andregongs, to med tredjegongs, to med fjerdegongs leiermål, og for to var talet ikkje oppgjeve Etter kyrkjeboka skulle altså to kvinner og to menn meldast til fogden for å få straff for sitt syndige liv. Alternativet til soning, som på denne tida skulle skje på garden Lunde i Fåberg, var å gifte seg med sin medskuldige.
To par valde denne utvegen i 1851. Eitt par i Kvam, som båe hadde hatt tre barn med tre forskjellige, gifta seg med kvarandre 16. mai same året. Deira felles barn var fødd 6. januar, men døydde før heimedåp var stadfesta i kyrkja. Ei velvaksen jente frå Kvikne (43 år gamal) som hadde fått sitt tredje barn 7. mars 1851 og vorte innrapportert som «hjemfallen til straf», valde å gifte seg med barnefaren. Ein mann meldt for tredjegongs leiermål skulle vore sendt på straff på «vand og brød», men tilgjengeleg kjeldemateriale viser ikkje om det skjedde.
To kvinner med fjerdegongs leiermål har gjort presten usikker på om dei har sona for sitt tredje barn. Embedskorrespondansen til presten viser ikkje kva utfallet vart.
Ni av para som hadde barn saman utanfor ekteskap i 1851, gifta seg med kvarandre i åra 1851-1856. Eitt av para hadde i mellomtida fått nok eit barn saman.
Årsaka til at folk venta med å gifte seg, var truleg at dei venta på å koma inn på ein ledig husmannsplass eller i eit anna husvære. Inntil det skjedde, kunne dei bu kvar for seg, kvinna ofte heime hos foreldra med barnet. Eller ho kunne vera ute i teneste att, og barnet vera plassert hos foreldra. Mannen var ute i teneste og måtte prøve å leggje seg opp nokre skillingar med tanke på framtida.
Sundt har også fortalt ein episode som illustrerte kor vanskeleg det var å finne ein felles bustad for eit par:
Han har gjeve seg i prat med ein ung skyssgut, 20 år gamal og gift! Å vera berre 20 og gift finn Sundt heilt utruleg. Men guten fortel:
Ja, han skjændte, husbonden min, også; for da han skjønte at gjenten min var med barn, så vilde han,at jeg skulde reise af til Nordlandene; for der var mange gutter som gjorde sånn, sagde han, og det var så vandt om pladsbrug i bygden, sagde han, at det ville bære galt afsted, om jeg og gjenten kom i hob, sagde han.
Men i dette tilfelle viste den unge guten meir ansvar enn husbonden. 20-åringen gifte seg med gjenta
og den dag vi blev viede, så blev ungen vor døbt. Og siden har jeg havt både kjærringen og ungen hos foreldrene mine.
Sundt var rørt over denne historia og skriv at dette gjorde han merksam på ei ny årsak til det han kallar
tidlige – men ikke derfor letsindige ægteskaber innen arbeidsklassen.
Kyrkebøkene viser at sume gutar fylgde rådet om å reise til «Nordlandene». I Bardu kyrkjebok har eg funne giftarmål, der brudgommen er ein «åvreist» barnefar frå Kvam.
Talet på barn født utanfor ekteskap heldt seg høgt utover heile 1800-talet i Nord-Fron. Truleg har dette samanheng med den aksepterande haldninga Eilert Sundt registrerte under opphaldet sitt i 1851. Eilert Sundt, sokneprest Christie og andre som uroa seg over «fordærvede Sæder», var barn av si tid og sitt miljø, som alle andre.
Men det Eilert Sundt har fortalt frå ferdene sine, er på alle vis interessant lesnad også i våre dagar og levandre skildringar frå ei tid som var.
Viktigaste kjelder:
Eilert Sundt: Om Sædelighedstilstanden i Norge.
Eilert Sundt: Om Giftermål i Norge.
Kyrkjebøker for Nord-Fron
Nord-Fron: Prestens KopiBog
Nord-Fron: Prestens Journal.
Publisert her først gong 23. april 2014
Et moment som må tas med, men som kanskje Sundt ikke nevner når det gjelder sedelighetstilstanden i Fron er betydningen av at Breivegen var eksersplass for soldater gjennom hele 1800 tallet. Dette betydde et stort tilsig antall soldater når de årlige eksersisene fant sted. Beskrivelser av et til tider løsaktig levnet i den forbindelse, er godt beskrevet et annet sted her på bloggen. Soldatene nøt også en viss ansvarsfrihet når det gjaldt leiermålsaker.jfr Schous forordninger.
En røff gjennomgang av kirkebøkene viser at
Antall fødte barn Fron 1799-1850 totalt 9043
Herav født utenfor ekteskap 1106 dvs 12,3%
Uekte fødte barn med soldater som fedre 113 dvs 10.22% av totalt uekte.
Fødte barn Sør Fron 1851-1897. totalt 4347
Herav født utenf.ekteskap 617 dvs 14.1%
Herav med soldatfedre 9.
Dette siste tallet skyldes nok at Breivegen ble lagt ned i 1869.
LikarLikar