Han skaut hol i brennevinskaggen

Og  så vart det brått slutt på julefeiringa

tc3b8nneOLE CHR. RISDAL:  På 1800-talet var det ein som heitte P. Carlsen Foss som sette i gang ei større tømmerdrift i Skåbu. I samband med dette verserer det ei spesiell julehistorie. Det var på slutten av ei julehelg, og det hadde vore vel mykje turing på Hølmyra. Dei som var med skulle vere ein tømmerhusbond til Carlsen, ein del av hoggarane hans som låg der, samt eit par bygdekarar. Det lei så langt uti jula at drifta skulle vore i gang att. Men karane hadde enno att ei kagge med brennevin som dei sat og godgjorde seg med, og somme hadde nok sovna óg.

Carlsen budde da på Nesset i Svatsum. Truleg hadde han ana uråd. Han hadde ein gamp som dei kalla «Kveksen», som var så kåt og lettfløygd at det gjekk ord om det. Det var sagt at han ikkje var god å stane etter at han var kome på floget. Einaste måten var da å vikja han mot eit tre eller ein husvegg. Jau, Carlsen hadde nå sela på «Kveksen» og kom i tråv og i renn etter Essdalsvatna. Han kom reint uventa på karane på Hølmyra, som enno hadde att ein del på kaggen sin. Men nå var Carlsen ikkje sein. Han sette seg over skrevs på kaggen, reiv opp ein revolvar, og tappa ned kvar ein dråpe som att var. Det var saktens hardt for dei som såg på, men det var ingen råd med det. Nå var jula slutt, og det var på tide tide å byrje att med drifta.

Carlsen Foss gjekk til slutt konkurs, men det var nok ikkje pga. julefeiringa på Hølmyra!

Kjelde: Torger T. Risdal: Gamle setre i Skåbu og Kvikne. Publisert her første gong 14. desember 2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s