Og så vart det brått slutt på julefeiringa
OLE CHR. RISDAL: På 1800-talet var det ein som heitte P. Carlsen Foss som sette i gang ei større tømmerdrift i Skåbu. I samband med dette verserer det ei spesiell julehistorie. Det var på slutten av ei julehelg, og det hadde vore vel mykje turing på Hølmyra. Dei som var med skulle vere ein tømmerhusbond til Carlsen, ein del av hoggarane hans som låg der, samt eit par bygdekarar. Det lei så langt uti jula at drifta skulle vore i gang att. Men karane hadde enno att ei kagge med brennevin som dei sat og godgjorde seg med, og somme hadde nok sovna óg. Les meir