Leif Juster, Adolf Tagestad og fjols til fjells

Lysteleg på Gålå i gamle dagar

Snøen ligg idyllisk rundt Hurumhei høgfjellshotell, styrt av portieren Poppe (Leif Juster). Så kjem dotter til direktøren på hemmeleg inspeksjon, forkledd som pikkoloen Rudolf. (Unni Bernhoft). Både tilsette og gjester spring omkring dei i eit ellevilt virvar. Leif Juster køyrer på ski frå Blåbæråsen gjennom støa på Tåkådstadsetra, noko som gjekk greitt på film. Adolf Tagestad, som ofte var på farten, vart beden om å vere statist, og i filmen ser han undrande på Juster som fer forbi. Dette er filmen Fjols til fjells frå 1957, ein av dei mest berykta filmane i norsk filmhistorie. Elska av publikum, slakta av kritikarane og kulturvitarane. Nokre av scenene vart innspelte på Gålå Høgfjellshotell. Møbelpioneren Ragnvald Krogenæs nytta høvet til å plassere møblane sine i foajéen, og ein frøning var altså med som statist: Adolf Tagestad.

I 2020 kom ein ny versjon av filmen. Her vil barnebarnet til Poppe, Leif Juster sin rollefigur, kjøpe det gamle Hurumhei-hotellet og rehabilitere det. Men her er ikkje Gålå med, ikkje Krogenæs og ingen statistar frå Fron. Båe filmane er å få på CD.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s