I Kvikne ringte dei inn jula ein time for tidleg

Historia om husmannen og kyrkjetenaren Torger Flekken

I djupsnø og uvêr – det var hit til Kvikne kyrkje han måtte, ringjaren Torger Flekken. Foto: Dølen

ODDGEIR BRUASET: Enno ein gong står Torger Torgersen Flekken her i mørke og dreg. Den største klokka oppe i tårnet vender seg, hammaren dundrar mot massiv malm. Enno ein julekvelds ettermiddag står han her og ringjer i Kvikne kyrkje. Enno ein gong skal han varsle at jula er kommen. Arbeidet er tungt. Ein times ringing. Men tanken går til dei borte i Baksidelia, til kona og dei seks borna på den vesle husmannsplassen som fekk namnet Flekken. Det blir seint før han når heim til dei som sit og ventar, også denne julekvelden.

Vegen, eller gangstien, er lang. Først lyt han ta seg ned mot elva og over Lagebrua, og så ventar dei tunge bakkane oppetter mot Åsmundstadlia, det høgtidelege namnet på heimen hans, husmannsplass under Søre Åsmundstad. Staden går for å vere ein av dei mest fattigslege, tungdrivne og avsidesliggjande i heile Gudbrandsdalen.

Lang og bratt arbeidsveg! Torger Torgersen Flekken kunne bruke to stiar for å komme seg til og frå Kvikne kyrkje. Foto: Mittet. Henta frå Tor Larsen sin artikkel om Torger i Dølen 24.12.2018

Torger Torgersen Flekken var fødd i 1844, den yngste i en ungeflokk på ni. Også faren, Torger Jehansen Skriustugun, var husmann. Båda han og kona, Ørnbjørg Andersdotter, var frå Kvikne.

Ti år gammal vart Torger farlaus, og tidleg måtte han ut i arbeidslivet og lære livsens alvor å kjenne. Med åra vart han gift med Marit Paulsdotter Opsahlskleiven, og saman med åtte born, sju døtrer og ein son, flytte dei i 1875 til den karrige husmannsplassen Flekken.

Det vesle plassbruket var lagt frå nok til at ein stor familie kunne leve av det. Torger måtte skaffe seg innkomme også på anna vis. Sterk som han var, brukte han mykje av kreftene på å rydde åkrane for stein rundt om. Hest såg han seg ikkje i stand til å fø, og skulle han leige ein gamp til arbeidet, ville mykje av fortenesta gå tapt. Så vart han hest sjølv. Etter å ha fått eit høveleg lass på steinsleden gjekk han i skjækene og drog lasset nedetter. Nedanfor åkeren la han steinen i røys. Heldigvis er landskapet i Kvikne bratt, så mannen fekk hjelp av tyngdekrafta – unnabakke, vel å merke. Å dra sleden oppatt var eit blodslit.

Den andre attåtinntekta skaffa han seg som kyrkjetenar. I 1888 vart han tilsett, som den første i fast stilling. I heile 32 år var han kyrkjetenar i Kvikne. Han skulle vere ringjar, både ved gudstenestene og ved innleiinga på høgtidene, han skulle vere gravar, opne graver og fylle dei att, og alt arbeidet vart gjort med handmakt. Dessutan skulle han syte fore at kyrkjegarden var velstelt.

Oppgåva som ringjar var den enklaste han hadde, sjølv om det saktens var slitsamt å dra i tauet ein heil time. Verst var det julekvelden. Då var det stummande mørkt, jamt låg snøen djup, og i verste fall kunne det vere uvêr. Ikkje sjeldan tok turen to stive klokketimar før han utsliten trødde inn i eiga stove. Det vart jamnast ei kort feiring av julekvelden i Flekken.

Slik gjekk åra. Men så skjedde det noko heilt utanom det vanlege. Folket i Kvikne tok til å tale saman om ar det var reint for gale at kyrkjetenaren deira ikkje skulle få komme seg heim i rimeleg tid, så han fekk feire julekvelden saman med sine som anna folk. Kunne han få ringt inn jula ein time tidlegare, ville mykje bli betre. Ingen hadde vel vondt av det. Men dei skjønte at dei kunne ikkje tjuvstarte på jula utan at dei hadde eit vedtak i vise til. Dei trong nokon til å hjelpe seg.

Johannes Krukhaug var lærar og kyrkjesongar i Kvikne, og han var prestens høgre hand i meir enn ein mannsalder, frå 1892 til 1933. Han var ikkje berre godt likt, han var ein leiar på så mange felt. Han hadde mest alle dei verv ein mann kan ha i eit lokalsamfunn, han var ein kar folk både lytta til og vende seg til, og han ville alle berre det beste. Krukhaug hadde medynk med kyrkjetenaren og dermed også sympati for den djerve tanken.

Mykje om det som hende, må bli gissingar, men truleg vart forslaget støtta av soknepresten, Gudbrand Heggenhougen, som var leiar for Kvikne kyrkje i samfulle 27 år. Kor vidt klokkaren og presten eigenhendig stod for vedtaket, eller om dei søkte råd og støtte hos prost og biskop, er ikkje kjend.

I alle fall tok klokkene i Kvikne kyrkje til å ringje til høgtid ein time før tida. Det heldt dei fram med å gjere kvar einaste julekveld så lenge Torger Flekkan var ringjar. Ja, ordninga kom til å vare ved då ein ny kyrkjetenar tok over. Johan Smikop budde også i Baksidelia, og då måtte han behandlast på same måten.

Slik heldt kyrkjetenarane i Kvikne fram med å ringje inn høgtidene ein time for tidleg. Først då handemakta laut vike for automasjonen, og ingen kykjetenar lyt møte fram på høgtidskvelden, gjekk soknet tilbake til «gammal tidsrekning». Det skjedde så seint som i 1992.

Torgeit Flekken arbeidde som gravar, ringjar og kyrkjegardsrøktar til 1920. Då hadde han fylt 76 år. At ein mann som nærma seg 80, kunne stå og ta opp graver sjølv når telen låg meterdjup, vitnar om at han hadde ein uvanleg styrke, og dertil heldt han seg alltid frisk.

Husmannen på Flekken døydde ein dag i 1938, 94 år gammal. Livet hans hadde vore uvanleg strevsamt, og like uvanleg var den høge alderen han fekk.

Torger vart lagt i ein grav som etterkommaren hans hadde teke opp, men det vart ikkje reist nokon stein på grava hans. Husmenn vart sjeldan ei slik ære til del.

Redigert utdrag frå artikkelen «Der jula begynte ein time for tidleg» i Fronsbygdin 2018

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s