Daily Archives: 26. november 2021

Få Fronsbygdin i postkassa!

Ta kontakt med Egil Myhre: egilm@bbnett.no

Egil Myhre sender deg gjerne Fronsbygdin 2021!
Dersom du ønskjer det, ligg det ei bok til deg i denne stabelen.

Fronsbygdin 2021 har den mangslungne kvaliteten Fronsbygdin er kjend for. Bur du ikkje slik til at du får triveleg besøk på døra av ein bokseljar eller kan stikke innom ein butikk for å få med deg bestseljaren i Fron, send ein epost til Egil Myhre: egilm@bbnett.no. Han er nå i ferd med å sende ut Fronsbygdin til dei som abonnerer på boka. Sett deg på lista, og du har boka i postkassa. Berre 340 kr kostar det. Historielaget gir deg rabatt på forsendinga. I meldinga til Egil skriv du adresse og telefonnummer. Så er du i godt selskap.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Reir for dei revolusjonære og for kaksane

Bøndenes hus og Folkets hus monument over klasseskille

Huskomheihuset. Foto: Hildegunn Ruset
Kaksereiret
 

RAGNAR ØVRELID: Dei staselege bygningane Folkets Hus og Bøndenes Hus på Vinstra, berre eit par steinkast frå kvarandre, bygde omlag samtidig, står i dag som monument over det klassedelte fronssamfunnet i mellomkrigsåra. Det var utenkeleg den gongen at arbeidarlaga og «distriktets jordbruksinteresser» skulle ha gått saman om eitt forsamlingshus. For bøndene stod Folkets Hus som symbol på revolusjonære omveltningar i bygda, på dei nye tider som hadde rista det gamle maktgrunnlaget deira. For arbeidarar og småbrukarar var Bøndenes Hus eit kaksereir, eit fortidsminne om herredøme over bygda. Les meir

2 kommentarar

Filed under Verksemder