Her skulle du ha vore!

Leiaren i Fron historielag, Ole Christian Risdal, ønskte velkommen og hadde to æresmedlemskap på lur. Pluss det æresdiplomet som vart tildelt Vegar Skar posthumt.

Litt av ein kulturkveld da Fronsbygdin 2021 vart lansert på Dale-Gudbrands gard. Boka i seg sjølv er særs innhaldsrik, slik Gard Espeland presenterte ho, men her var det mange i tillegg som løfta kvelden. Øyvind Sund med nokre Prøysen-viser og ikkje minst nydelege, poetiske tekstar med framifrå gitarspel attåt og varm og triveleg presentasjon. Ola Breivega, som i samtale med Rasmus Stauri såg tilbake på dei harde språkpolitiske 1970-åra med humor, før Breivega las om ei lokkande prestefrue – og stoppa med blygsla intakt. Æresmedlemskap til Gard Espeland og Rasmus Stauri kom som julekvelden på gubben, som han sa, Stauri. Så vart det triveleg attåtprat og mat og kaffi, og har dei ikkje gått heim, driv dei vel på ennå.

Og nå er det berre å få tak i boka.

Gard Espeland dansa seg gjennom alle artiklane i boka.
Mykje musikalsk poesi og stemningsfulle toner frå Øyvind Sund.
Ola Breivega, Rasmus Stauri og ei prestefrue.

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

One response to “Her skulle du ha vore!

  1. BRIT LIEN

    Flott bok og e tru at bøken frå historielaget må væra dei beste i landet. Gatulere karæin med heder og ære.

    mvh Brit Allfsdotter Lien

    Sendt fra E-post for Windows

    Fra: Fron historielag Sendt: torsdag 28. oktober 2021 kl. 23:40 Til: gromjinta48@outlook.com Emne: [Nytt innlegg] Her skulle du ha vore!

    CHG posted: » Leiaren i Fron historielag, Ole Christian Risdal, ønskte velkommen og hadde to æresmedlemskap på lur. Litt av ein kulturkveld da Fronsbygdin 2021 vart lansert på Dale-Gudbrands gard. Boka i seg sjølv er særs innhaldsrik, slik Gard Espeland presenterte»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s