
Litt av ein kulturkveld da Fronsbygdin 2021 vart lansert på Dale-Gudbrands gard. Boka i seg sjølv er særs innhaldsrik, slik Gard Espeland presenterte ho, men her var det mange i tillegg som løfta kvelden. Øyvind Sund med nokre Prøysen-viser og ikkje minst nydelege, poetiske tekstar med framifrå gitarspel attåt og varm og triveleg presentasjon. Ola Breivega, som i samtale med Rasmus Stauri såg tilbake på dei harde språkpolitiske 1970-åra med humor, før Breivega las om ei lokkande prestefrue – og stoppa med blygsla intakt. Æresmedlemskap til Gard Espeland og Rasmus Stauri kom som julekvelden på gubben, som han sa, Stauri. Så vart det triveleg attåtprat og mat og kaffi, og har dei ikkje gått heim, driv dei vel på ennå.
Og nå er det berre å få tak i boka.
