Monthly Archives: oktober 2021

Her skulle du ha vore!

Leiaren i Fron historielag, Ole Christian Risdal, ønskte velkommen og hadde to æresmedlemskap på lur. Pluss det æresdiplomet som vart tildelt Vegar Skar posthumt.

Litt av ein kulturkveld da Fronsbygdin 2021 vart lansert på Dale-Gudbrands gard. Boka i seg sjølv er særs innhaldsrik, slik Gard Espeland presenterte ho, men her var det mange i tillegg som løfta kvelden. Øyvind Sund med nokre Prøysen-viser og ikkje minst nydelege, poetiske tekstar med framifrå gitarspel attåt og varm og triveleg presentasjon. Ola Breivega, som i samtale med Rasmus Stauri såg tilbake på dei harde språkpolitiske 1970-åra med humor, før Breivega las om ei lokkande prestefrue – og stoppa med blygsla intakt. Æresmedlemskap til Gard Espeland og Rasmus Stauri kom som julekvelden på gubben, som han sa, Stauri. Så vart det triveleg attåtprat og mat og kaffi, og har dei ikkje gått heim, driv dei vel på ennå.

Og nå er det berre å få tak i boka.

Gard Espeland dansa seg gjennom alle artiklane i boka.
Les meir

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Æresmedlemskap til Espeland og Stauri

Dei har laga Fronsbygdin sidan 2003

Rasmus Stauri og Gard Espeland.

Mange godord til dei to karane – redaktør og redaksjonssekretær i Fronsbygdin – som årleg sidan 2003 har fått samla fleire tusen sider med lokalhistorie, kunnskap og forteljingar som elles kunne vore tapt. Til glede for lesarar, for historikarar, for ettertida – og ikkje minst for økonomien til historielaget, som er bygd opp på salet av årboka. Stor og velfortent applaus på lanseringa av Fronsbygdin 2021.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Hugs lanseringa i morgon, torsdag!

«Du er sanneleg noko til kvinnfolk, sa eg, halvt arg, halvt imponert.» Kva hadde dette kvinnfolket gjort? Kong. Korleis fekk ein husmannsplass det namnet? Lokomotivførar Berhard Jakobsen, Vinstra, vart drepen i ei ulykke på Selsmyrene. Kven var han? «I 1908 bygde jeg Zoar bedehus og tilbygg til butikk i Lidarhein for Amund Rudi.» Kven skreiv dette? Johannes Jørgensen Stordalen vart dømd til livsvarig straffearbeid i 1852. Kva hadde han gjort? Kva er dette: «Eg skal ikkje tilføye Peder Bøe skade med neverflekking – berre ta never til eige bruk slik lova tillet ein leiglending.»

Svara får du når du kjem på lanseringa av Fronsbygdin torsdag 28.10. kl 19 på Dale-Gudbrands gard

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Bitter strid mellom rydningsmenn og bønder

Bønder i Nord-Fron brende ned husa

husmannstue-copy

Husmannsstugu. Foto: Pål Kluften

EINAR HOVDHAUGEN: Få stader i dalen har striden mellom rydningsmenn og bønder vore så hard og bitter som i Nord-Fron. Vi opplevde her så drastiske hendingar som at bønder reiv ned og brende opp husa rydningsmannen hadde bygt på rydningsplassen sin. Vi ser rydningsmenn bli kasta ut av rydningsplassane sine. Så seint som i 1750-åra gjekk ein mann frå Skåbu i gang med å rydde seg gard på Skjeftskogen eller Olstad. Han var nære på å få det godkjent som sjølstendig skattebol, men bøndene greidde hindre det. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Lokalhistorie på sitt beste!

Knut Selsjord med bok om gudbrandsdøler

«Jeg har lett etter folk i Gudbrandsdalen, folk som levde for lenge sida,»

CARL HENRIK GRØNDAHL: «Med store øyne har jeg lest gamle brev og kommet nær avsenderens tanker og følelser. Kjærligheten. Sorgen. Jeg har funnet hemmeligheter som aldri var ment å bli kjent, eller som bare er glemt. Jeg kjenner en klump i halsen, indre jubel og stolthet. Jeg har undra meg over alle gåtene – saker og forhold som ikke er til å forstå i dag.» Skriver Knut Selsjord i innledningen til boka si: Gudbrandsdøler. Fortellinger om jord, penger og kjerringbragder. Den tidligere journalisten har sjøl levert en bragd. Han har farsslekta si fra garden Selsjord i Bredebygden i Sel. Boka er lokalhistorie på sitt beste. Det banker liv og lagnader fra alle sidene, velskrevet, godt dokumentert.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Litteratur, Menn

208 sider med puslespel

Fronsbygdin 2021 blir lansert med ein innhaldsrik kveld!

Både Øyvind Sund
og Ola Breivega kjem

«Nå som før er det nødvendig å kjenne si eiga historie om ein ikkje skal gå seg bort. Og for å sjå dei lange, store linene i histoira, er det nødvendig å kjenne alle de små puslespel-brikkene som lokalhistoria utgjer. Vi i redaksjonen er glade og stolte over å presentere nok ei årbok. Med heile 208 sider denne gongen.» Skriv redaksjonen i Fronsbygdin i forordet i årboka for 2021. Den blir lansert 28. oktober.

Det blir ein særs innhaldsrik kveld. Ola Breivega er født og oppvaksen på Fron, men bur i dag i Tønsberg. Han er filolog og målmann og var leiar i Noregs Mållag i perioden 1975–1977. I 2017 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanen Lutheri! Magister Kristofers memoarar. Like lite som gudbrandsdølane likte at Heilag Olav kom med kristentrua, like mykje motstand gjorde dei mot reformasjonen 500 år seinare. Med også det trusskiftet vart gjennomførd med tvang og vald. I Fronsbygdin 2021 har Ola Breivega ein artikkel om denne motreformasjonen. Han kjem på møtet og les frå artikkelen sin.

Øyvind Sund frå Nord-Fron er gitarist, visediktar og visesongar, teiknar og forfattar og har fått Spellmannsprisen og Prøysenprisen for visekunsten sin. Han kjem og syng boka inn.

Leiar i historielaget, Ole Christian Risdal, har minneord over Vegar Skar med bevis på æresmedlemskap.

Og så kjem sjølvsagt Gard Espeland og dansar seg gjennom artiklane. Rasmus Stauri er programleiar.

Kaffi og biteti. Møtestad: Storsalen på Dale-Gudbrands gard på Hundorp kl 19.00.

Oppe til høgre på denne sida ser du kor manga dagar som er att til lanseringa.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur

Dette blir ein gild kveld!

Kveldsseto i Midtdalsarkivet med Håkon Sveen

Håkon Sveen fortel også litt om arbeidet med Peer Gynt på Gålå i dette intervjuet, som Kari Bay Haugen gjorde for TV ØST i 2015.

Nå skjer det mykje spennande og interessant på Midtdalsarkivet i Ringebu. Kveldsseto, der du møter folk som verkelig har noko å fare med. Først ute i morgon onsdag 13. oktober er Håkon Sveen, humoristen, forfattaren og læraren, som fortel om sitt lange og morosame liv med Peer Gynt-familien på Gålå. Han har lært Henrik Ibsen å dikte på frøning, han har lært kjendisskodespelarar å snakke frøning, og han har sjølv stått på scena. Det vi veit, er at når Håkon Sveen slepp seg laus, er det gildt å vere i lag med han. Attpåtil blir det kaffi og kaker og musikk attåt. Alt dette for berre kr 100 på vipps eller kontant.

Møt fram i Innovasjonssentret i 2.etasje over Biblioteket i Ringebu kl 1900. Dette er ei kveldsseto du bør få med deg!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Utslitne soldatar i Skåbu

To engelske unggutar fekk dei siste havregryna

Ett år seinare var det soldatar som gjekk her på ski. Tre systrer, Gudrun, Aase og Olaug i februar 1939 på Elvenes.

OLAUG ASKHEIM AAS: Ein solskinnsdag uti april 1940 kom mange soldatar på ski over isen til Elvenes i Skåbu frå Espelandet. Dei hadde vore med i kampane ved Segalstabrua i Gausdal. Etter taper der tok dei skiene fatt nordover, for raskast muleg å koma til Kvam, der nye kampar venta. Soldatane, unge gutar, kom i kvite kamuflasjedrakter. Dei var så mange at det ikkje var plass til dei inne, og svoltne og tyste var dei. Sikkert utslitne òg.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Krig

Interessant og givande på årsmøtet

Foto: Jan Haugseth

Rundt 25 personar møtte fram på årsmøtet til Fron historielag sist torsdag. Det burde vore fleire med tanke på det flotte foredraget til Hans Olav Haugen. Han skildra svært levande korleis Ingebjørg Sletten Fosstvedt klarte å bringe 15 engelske soldatar i sikkerheit. Haugen har lagt ned eit kolossalt arbeid i å kartleggje denne historia, og formidlar ho på ein framifrå måte. Utruleg viktig og verdfullt arbeid! Når det gjeld reine årsmøtesaker, så vil vi underrette om valet og endring i styret. Gunnar Lien valde å gå ut no etter fleire periodar. Han er ein svært kunnskapsrik person som vi har hatt stor glede av å ha med i styret. Vi takkar han for flott innsats! Åmund Bækken Blakar frå Vinstra kjem inn som ny styremedlem. Med sine 28 år er han nok den yngste som nokon gong er vald inn i styret i Fron historielag. Kjempeviktig og artig å få med den yngre garde i styret! Åmund har mastergrad i historie og underviser ved Vinstra vidaregåande skule. Vi ynskjer han hjarteleg velkomen!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon