Triveleg stund på Bygdatunet

Vérgudane var snille mot oss da vi arrangerte open dag på Bygdatunet i går kveld. Rundt 15 personar møtte opp og det vart nokre trivelege timar på tunet og ved saga. Det einaste som mangla var kaffi, men det skal vi ordne med til neste gong! Etter omvising i nokre av husa, gjekk vi til oppgangssaga og kverna ved Sula. Her sørga leiar i styret for Bygdatunet, Øystein Hagen, for at både kvern og sag vart demonstrert. Men lita vassføring sørga for at den seansen vart kortvarig. Oppgangssaga er kome frå Meåkre i Skåbu-traktene. Ho vart bygd på 1890-talet og var eigd av gardane Nordgard Kongsli og Grosberg. Eigarane, Asbjørn Kongsli og Eivind Sande, gav så bort saga til historielaget i 1963. Kverna kjem frå Skurdalshaugen på Harpefoss, og vart skjenka historielaget av Ivar Haugen i 1967. Men korkje kverna eller saga vart sett i drivverdig stand før i 1993. Det var trufaste karar som Knut Tvete, Johannes Brandvol og Petter Skar som sørga for dette. Sjølve bygdetunet vart offisielt opna i 1986. No lyt vi halde fram med å planleggje meir aktivitet på denne flotte plassen.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s