Monthly Archives: september 2021

Årsmøte i Fron historielag

Vi minner om årsmøte i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard (bygningen til høgre når du kjem ned i garden) i morgon 30. september kl. 19.00. Lokalhistorikar Hans Olav Haugen frå Gausdal kjem for å halde foredrag om Ingebjørg Haugen Fosstvedt. Ho var flyktningelos under krigen og sørga bl.a. for at 15 engelske soldatar kom i sikkerheit. Gratis inngang, kaffi og kake. Vel møtt!

2 kommentarar

Filed under Informasjon, Krig

Slå som ein kar og ikkje bit som ein hund!

Fron var eit midtstøe for trolldom

Tre trollkjerringer brent i Fron

Tre trollkjerringer brent i Fron

IVAR KLEIVEN: Framover til 1630 er det fleire trolldomssaker på Fron, og som på den tida vart straffa med brenning. Etter det professor Molkte Moe har funne ut, skulle Fron i dette leite vera eit midtstøe for trolldom og runekonster. I 1619-20 vart det brent 3 trollkjerringer i Fron, og om dette står det skrive såleis:

en huskvinde (inderst) Karen (Kari) Berge, hennes bo av årsag, at hun for trolddom blev rettet med ild og brand, beløper seg boet 4 daler 1 ort. Udi lige måde Barbro Amundsdatter for trolddomssag hedenrettet med ild og sverd, boet 3 1/2 daler 1 orrt. Udi lige måde Ingri Olufsdatter for trolddom rettet med ild og sverd.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru

Sundinga var farleg, men brua vart dyr

Historia om Hundorpbrua

hundorpbryabyggingRAGNAR ØVRELID: Den siste av dei store bruene over Laugen var Hundorpbrua. Frå jernbanen og Hundorp stasjon kom i 1896, låg planane om denne brua på teiknebord i offentlig kontor i 30 år. Jernbanen ville ikkje bygge brua, etter som tilfartsvegane på begge sider var bygdevegar. Det var motstridande interesser i bygda. Og Sør-Fron kommune såg seg ikkje i stand til å greie finansieringa. I 1907 var brua berekna til 150 000 kroner, fire gonger eit vanleg kommunebudsjett i Sør-Fron. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Berre å bite tennene saman og gå

Historia om ein tung skuleveg i Skåbu

Olaug i Skåbu 1942, sykkelen var truleg frå før fyrste verdskrigen.

OLAUG ASKHEIM AAS: Barndomsheimen min låg på eit vakkert nes nedved Olstappen, der elva Vinstra song seg uti fjellvatnet, 662 moh. Staden heitte Elvenes, naturleg nok. Tungvint var det, og huset vanta alt som kunne kallast isolasjon. Ikkje dobbeltglas ein gong. På kjøkkenet stod vedomnen, i stua hadde vi kleberstiensomn. Den var god å tine seg på, god å ta på, ikkje sverta han, og ikkje brende ein seg. Men i stua vart det ikkje fyrt til dagleg, berre når vi skulle bruke ho, slik som i jula. Skulevegen var strevsam. Sju kilometer.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner

Triveleg stund på Bygdatunet

Vérgudane var snille mot oss da vi arrangerte open dag på Bygdatunet i går kveld. Rundt 15 personar møtte opp og det vart nokre trivelege timar på tunet og ved saga. Det einaste som mangla var kaffi, men det skal vi ordne med til neste gong! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Verksemder

Open dag på Bygdatunet

Onsdag 8. september kl. 17.00 arrangerer Fron historielag open dag på Bygdatunet i Sødorp. Her blir det høve til å sjå nærmare på dei nyrestaurerte husa. Oppgangssaga blir også demonstrert. Vel møtt til ei triveleg kveldsstund på Bygdatunet!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Verksemder