Johan Sørensen og kongedømet hans

Ein pioner som bygde Lauvåsen og fekk folk til fjells vinterstid

Johan Sørensen

Johan Sørensen

CARL HENRIK GRØNDAHL: Ein kan lære mangt av Johan Sørensen si historie i Fron. For det første at dei er mangslungne, dei kreftene som rår over livet. I dag hadde Johan Sørensen fått seg inhalator og kortison mot astmaen sin og blitt buande i Bærum. Han ville vel reist til Gålå berre for å sjå Peer Gynt. For 125 år sidan fanst ikkje slike medisinar, og da Johan Sørensen kom til Gålå som 50-åring i 1880, tungt plaga av pustevanskar, kvikna han til. Han hadde vore på leiting rundt i Europa, i Pyrineane, i Brennerpasset, i Innsbruck, i Tyrol. ”Efter en syv maaneders jagt helt ned til Egypten for at finde helsebodens klima, kom jeg mig mere død end levende hjem til Norge, – og levnede op igjen på Toftesæter-kjølen.” Her kunne han leve betre med sjukdomen, og i løpet av dei neste 30 åra bygde han seg eit kongedøme i Sør-Fron.

Han fekk sett opp ei jakthytte i Toftesetergrenda, kjøpte seg jord og gardar i Nordre Lia, bygde sanatorier i Tofte og på Lauvåsen med fjellveg imellom. Alt dette vart altså til på grunn av astma.
Den andre lærdomen er kor forgjengeleg det er, det vi driv med. Kva har slekta att av det imperiet Johan Sørensen bygde seg? Nokre mål med nokre hus innpå Toftesetra. Hotellet på Tofte er ei branntuft. Lauvåsen og alle dei andre eigedomane er for lengst ute av slekta. Og vegen hans? Opp gjelet i Nordre Lia? Grosserarvegen, ein tursti for dei få. Kor mange veit at grosseraren er Johan Sørensen og at han fekk vegen bygd for å binde saman dei to sanatoria sine? Mennesket bygger og Gud rår. Eller noko slikt. Like fullt – Johan Sørensen var med på å dra i gang noko som lever godt etter han.

Jegerhytta til Johan Sørensen på Toftsetra

Jegerhytta til Johan Sørensen på Toftsetra

Venstremann
Kven var da denne mannen som sette så digre og forgjengelege spor i Fron? Bilete av han syner ein liten, tett og kraftig kar med kvitt hår og skjegg. Han var ein kjend mann i samtida, særlig i dei meir radikale krinsane. Ven med kunstnarar og sjølve hovdingen i Gausdal: den to år yngre Bjørnstjerne Bjørnson, som fleire gonger vitja Sørensen i Fron. Han og Karoline skal ha budd der ein vinter. Heime hos familien Sørensen på Høvik var han og fleire gonger, for her ”utfoldet Sørensen politisk og litterær selskapelighet”.

Bjørnson kjende familien godt, og da Johan Sørensen si dotter Kate gifta seg med den fem år yngre Hjalmar Balchen i 1903, skal Bjørnson ha uttalt at ”i dag er Hjalmar Balchen Norges modigste mann.” Og det er lett å sjå at Sørensen og familien hans er modellar i det skodepelet Bjørnson skreiv som kvittering for Nobelprisen i litteratur: Daglannet (1904). Drivande, intens og stridbar skal han ha vore, Johan Sørensen.

I Kristiansund
Men heimføding var han ikkje. Far hans var dansk skipsførar som gjekk i land i Noreg og blei fyrvaktar. Mora var norsk. Johan Sørensen var ein av 12 sysken og veks altså slett ikkje opp som ein fjellets mann. Han mønstra på som dekksgut i 1843, 13 år gamal. Da slo astmaen til, og han fekk seg arbeid som volontør i Handelshuset Knudtzon i Kristiansund. Mellom anna styrte han Knudtzon sitt bibliotek, som han også arva. Denne bokhugen skulle seinare få markante nedslag i norsk kulturliv. I Kristiansund vart Sørensen kjend med folkeopplysningsmannen Ole Vig og kom med i det radikale miljøet som utvikla seg i Kristiansund, som i fleire andre norske byar.

Han lærer seg handel, men det er nok ikkje diskenspringar han vil vere, Johan Sørensen. Det er for mykje trøkk i han. I 1857, 27 år gamal, utvandrar han. Ikkje til USA, dit straumen dreiv nordmenn ettersom hundråret vart eldre, men til Spania. For å drive handel med dei tradisjonelle norske handelsvarane: klippfisk og trelast. Han hadde nokre vanskelege år i starten, men må ha vore ein dugande handelsmann, for i løpet av ti år har han saman med to andre nordmenn bygd opp den største trelastbedrifta i Spania, La Companja de Maderas i Barcelona.
Han blir og ein respektabel herre, for i åra 1867 til 1871 er han dansk konsul i Bilbao, der han hadde oppretta ein filial.

Giftar seg 38 år gamal
Johan Sørensen venta lenge med å bli familiemann. ”Jeg tenkte ikke muligheden af at en ung pige skulde kunne elske mig”, skriv han heim til foreldra i 1868. Da er han 38 år gamal og skal gifte seg. Anna Dick, ”en dejlig pige, har tilstaaet at hun holder af mig, og lovet at hun vil blive min hustru, og gjøre mig lykkelig.” Ho er 13 år yngre, har engelsk mor og ein far som har vore borgarmeister i Frankfurt og vognmakar av klasse. Han skal ha laga vogner for fyrstar og sjølve tsaren i Russland. No har familien budd i Paris i fleire år av politiske grunnar, og det er her dei treff kvarandre: ”Er hun vakker? Saavisst er hun vakker – iallfall næsten lige som jeg. Til videre underretning kan meddeles at hun ikke bruger høie heler, slep eller chignon.” Ho snakkar godt med språk, og Johan Sørensen skriv at ho kjem til å lære seg norsk, for ”et fremmed sprog mer eller mindre synes ikke at være nogen gjenstand for henne.”
Dei får tre barn som kjem tett, men likevel vert fødd rundt i heile Europa. Den eldste, Henry, fødd i Bilbao, slår seg til i USA. Den nest eldste, Aleksander Jon, ser dagsens lys i Stockholm i 1871 og forsvinn ut av soga. Den yngste, dottera Kate, som skulle føre slekta vidare i Noreg, vart fødd i London i 1872.

Anna og Johan Sørensen

Anna og Johan Sørensen

Anna Dick må og hatt rikt med høve til å undre seg over dei kreftene som styrer livet. Denne ungjenta frå Paris med engelsk mor og tysk far skulle bu rundt i Europa før ho slår seg til i Fron 30 år seinare og døyr på Tofte.
Som 40-åring flyttar Johan Sørensen med familien til Sverige og opprettar eit stort dampsagverk med høvleri utanfor Gøteborg saman med brørne Niels og Abraham i 1874. Men han vil heim til Noreg og bygger seg eit stort hus på Høvik, Fagerstrand. Fra 1880 er familien busett her.
Konsul og grosserar. Nettopp ein slik samfunnsstøtte som både Ibsen og Bjørnson skreiv skodespel om. Johan Sørensen er storkar.

Veidarvon vert til
Men så er det sjukdomen. Astmaen. Han er verkeleg plaga og finn ikkje ”nogen videre lettelse for min bronchit og aandenød.” Det er da han kjem til Gålå. Kvifor nettopp til Fronsbygdene veit vi ikkje, men truleg skulle han på rypejakt. Vi kan få eit glimt av korleis han opplevde dette møtet med Fronsfjellet, når vi les kva han skriv 20 år seinare om skilnaden på klimaet oppe på fjellet og nede i dalen:

Enhver, som i nogle uger har opholdt sig tre-fire hundre meter over dal-elvedragets niveau paa et sted med sundhedsgavnlige vilkaar, vil ved en sommerdag at komme ned igjen, føle sig som plutselig hensat i et andet klima med tung, lummer atmosfære, mættet af støvflugt fra oppløjede marker og befærdede kjøreveje. (…) Den lettere, renere, tørrere gjennemsigtigere luft, det intensere sollys, den tørrere jordbund, sparsommere vegetation oppe i højliden og i forhøjet potens oppe paa fjeldflaten øver en overraskende virkning på organismen og skaber hos de 99 af 100, som besøger højlandet, en lykkelig følelse af legemlig velvære.

Ikke å undrast over at han handlar raskt og resolutt. Nede i Ruste skal han ha kjøpt seg eit sel han sette opp øvst i Toftesetergrenda. 1882 er det rissa inn i ei glasrute. Jegerhytten, kalla han det. Ein av venene hans, målaren Christian Skredsvig, skal ha vore lite nøgd med eit så slapt namn på noko så vidsynt og norskt, så han sette saman dei gode gamle norske orda veiding og von til Veidarvon. Og det har plassen heitt sidan.

Forlagsmannen
Men før Johan Sørensen tar til å leggje delar av Fronsbygdene under seg, har han eit anna ruvande livsverk han skal ta tak i. Han meinte nok at Noreg var annleislandet også på 1880-talet. Og ikkje på det gode. Ei udanna bakevje, langt utanfor dei intellektuelle straumdraga i Europa. Han engasjerte seg sterkt på venstresida i norsk politikk og kulturliv og tok nok mål av seg til å vere med å forme samfunnsutviklinga i dei dramatiske og omveltande 1880-åra. Men politikar vart han aldri. Johan Sørensen var for steil og kategorisk. Francis Bull, som opplevde denne radikale krinsen da han var ung, fortalde at av dei alle var Johan Sørensen ”den mest envise og dogmatiske venstreidealist.” Sørensen var klar over dette sjølv og fann raskt ut at han måtte sette spor på anna vis. Han hadde godt med noko som kultur-Noreg mangla: pengar.
Kan hende var det slik det tok til:
Ein dag i 1884 åt bokhandlar Olaf Huseby middag på Hotel Royal i Kristiania. Da kom han i prat med trelastgrosserar Johan Sørensen, og dei kom til å diskutere ein av dei heitaste romanane i samtida, Arne Garborgs Bondestudentar. Boka var utseld, og ein våga seg ikkje på nytt opplag. Da, fortel Huseby, smalt det.

Sørensen var som en brann, slo i bordet og sa at jeg skulde på flyende flekken gå til Garborg og kjøpe retten til trykking. Han ville låne meg pengene. Jeg ordnet saken med Garborg samme dagen. Sørensen var en velstående forretningsmann og så med det samme muligheten av å investere penger i en kombinasjon av forlag, bokhandel. Særlig innen dette siste området var kravet om saklig og populær informasjon stort og udekket.

Han støtta Knut Hamsun og. Hamsun var god til å få pengar ut av rikfolk, og Johan Sørensen slukar agnet. I 1888 er Sult er på veg. Den boka kan nok ikkje Sørensen få gje ut, men han kan få ”en roman, som jeg tror man vil læse, jeg tror det. Men jeg er ikke i den stilling at jeg kan arbejde vedholdende på den, først må nu hele Sult blive ferdig.” Han fortel Sørensen hvor fælt han har det og kor han frys. Sørensen sender han 200 kroner, fleire gongar, meir enn nokon av dei andre rikfolka Hamsun lokka pengar av. Men noko bokmanus får han aldri av Hamsun til å gje ut.

Johan og Anna Sørensen (bak) på Tofte

Johan og Anna Sørensen (bak) på Tofte

Nyt tidsskrift
Samarbeidet mellom Sørensen og Huseby vart kontraktfest i mai 1885, og firmaet fekk namnet Huseby & Co. limit. Dette var starten på ein av dei verkeleg store bragdane i norsk forlagssoge.
Forlaget vart frå første stund kjend for å gi ut samfunnsorientert, radikal og det mange meinte var farleg litteratur, mellom anna Constance Ring av Amalie Skram, ein roman som hadde blitt refusert av direktør Hegel i Dansk Gyldendal på grunn av ”realistiske skildringer af den mest yderliggaaende art”. Noko seinare kom Fortale til Fra Kristiania-Bohemen av Hans Jæger.
Men Johan Sørensen ville ha fram meir enn romanar. Han skulle ha dei nye tankane inn i det norske offentlege rom og freista på det som alle forlag alltid har tapt pengar på: å drive tidsskrift. Nyt Tidsskrift kom med første heftet i 1882, under redaksjon av J. E. Sars og Olaf Skavlan. Trass i usedvanleg høg kvalitet og dei solide økonomiske ressursane Sørensen pumpa inn, gjekk tidsskriftet inn etter fem år, til stor sorg for den ihuga grosseraren.

Darwin i London
Dei nye ideane må ha flamma høgt i han, og han måtte få dei ut til folket på anna vis. Først og fremst Darwin sine revolusjonerande tankar om mennesket sitt opphav. Sørensen oppheld seg i England sist i 1850-åra, og han er truleg ein av de første nordmenn som fekk kjennskap til Darwin sitt hovudverk On the Origin of Species, som kom ut i London i 1859. Boka gjorde eit voldsomt inntrykk på han og forma han, slik ho kom til å knuse dei kristne mytane om skapinga for svært mange. Dette brevet han skreiv seinare, er eit svært interessant og tidstypisk vitnesbyrd:

Sligt kan ingen opleve mere end en gang i livet, og der vill kanske hengaa hundre slegtledd førend mennesker atter faa opleve en saa brat overgang til nyt syn paa livet og hele tilværelsen som den vi, eller folk i min alder, har oplevet.

Darwin for første gong på norsk

Darwin for første gong på norsk

Så starta han Bibliothek for de tusen hjem og vart den første norske forleggar som ga ut Darwin sine verker på norsk, eit bidrag som for alltid vil vere knytt til hans namn.
Bøkene i Bibliotheket vart delt opp i hefte, og Johan Sørensen hadde fastsett at kvart hefte skulle koste 10 øre, slik at bøkene kunne nå ut til alle grupper i samfunnet. Alle bøkene var i lite oktavformat, trykt på billeg papir. Dei hadde likevel ein kvalitet som overgjekk dei fleste andre billege trykksakene som kom i same tidsrom.
Sørensen sitt føremål med denne billigbokserien var å kunne presentere høgverdig populærvitskapeleg litteratur, skrive av dei fremste forskarane innan ulike område. Bøkene kom ut i Bibliotheket under fellesbetegnelsen Almenfattelig videnskab. Når ein ser titlane, slår det ein kor dristig han var. Han hadde tiltru til folket sin intellektuelle svolt. Det er noko storslagent og profetisk over denne programerklæringa hans:

Hvor megen latent intelligens der paa denne måde tændes til live, hvor megen kundskab der saaledes spredes, og hvor megen raahed der kvæles eller i alle fald dæmpes, – kan naturligvis ikke med tal eller maal beregnes; men hvad man har erfaringens vished for er, at disse bøger gaar ud blandt den store mængde i masser, som tidligere var ukjendte i bogverdenen, og om man skal – hvad vi fornuftvis maa – gaa du fra, at bøger ikke kjøbes i millionvis for at slænges bort, men for at læses, tvinges vi til den slutning, at denne massespredning af det ypperste, verdensliteraturen har at byde, ikke kan undlade at øve en overordentlig civilisatorisk virkning.

Nemleg.
Bibliothek for de tusen hjem vart nok inga økonomisk gullgruve for Sørensen, som ofte måtte ta av formuen for å dekkje underskot. Men serien vart ein salgssuksess av dimensjonar. Frå 1887 til 1895 kom det 671 nummer eller 120 bind på frå 15 til 757 sider. Nokre av bøkene kom i opplag på heile 20 000 eksemplar. I alt vart nærare 600 000 eksemplar spreidd ut over landet, nokre også i Danmark. Beint fram imponerande, når ein veit at folketalet i Noreg på slutten av 1800-talet var rundt to millionar. For første gong vart det mogleg for alle – ikkje berre dei velfødde – å ta del i dei vitskapelege, åndelege og politiske straumdraga i tida. Dette er Johan Sørensen sin store kulturinnsats, som den danske diktaren Jeppe Aakjær sette  ord på: ”Der har aldri i Norden eksisteret et Forlag grundet paa saa ideelle Principer.” I bokverket Gardar og slekter i Fron skriv Einar Hovdhaugen at Johan Sørensen sin ”store innsats som folkeopplysningsmann ruver høgt i vårt åndsliv i 1880-åra.”
Kvar er desse bøkene no? Ein kan sjå nokre av dei i eit glasskap i resepsjonen på Lauvåsen.

Tusenhjemkjerra
I september 1895 avvikla Johan Sørensen heile forlagsdrifta. Grunnane var fleire. Den politiske utviklinga i 1890-åra, med Venstre sine kompromiss og nederlag, tok nok litt av stridshugen ut av han. Det vart også mykje konfliktar rundt Bibliotheket. Sørensen var ingen tradisjonell bokhandlar. Han sende kvinnfolk med hest og den såkalla ”Tusenhjemkjerra” rundt på Østlandet for å få bøkene ut til folket. Slike vulgære metodar provoserte. Og den konservative pressa var ute etter han. Her kom ”det politiske og fritænkerske Venstre” og ville smugle vantru og radikalisme inn blant uskuldig folk.
Og så var det sjukdomen. Men han gjer seg ikke gjerandslaus av den grunn. Det er no han tek fatt på å bygge dette kongedømet sitt i Fronsbygdin. Og typisk nok – ikkje berre for sine eigne lungar. Han vil hjelpe mange. Også her vert han ein pioner. Han er bortimot 70 år gamal og tek til på ei heilt ny soge i livshistoria si. Det har vore mykje kraft i Johan Sørensen.

julekort tofteFå byfolk til fjells!
Før Fridtjof Nansen sine skiferder sette trenden, var det berre villmenn og eksentriske engelskmenn som la seg inn på fjellet og streifa omkring. Henrik Ibsen laga ordet «friluftsliv» i det store diktet På vidderne, som han skreiv i 1859, 31 år gamal. Her er livet på fjellvidda romantisert til eit slags bilete på den einsame kunstnergjerninga. Noko forsteina og kaldt og umenneskeleg er det i alle fall. Her trivst berre den einsame skytte. Og Ibsen er ikkje ute for å sporte: ”Friluftsliv for mine tanker”, var det han skreiv. Det var truleg det same tankeløftet som dreiv Aasmund Olavson Vinje, han som ga sjel til fjellet og gjorde det heilagt for det norske folk. Tidleg i 1860-åra bygde han seg ei lita bu ved den vestre enden av Bygdin. Ikkje først og fremst for helsa og sporten, men for ånden:

Vaar stakkars jord treng til slike fjell, liksom mannalivet til store tankar og gode gjerningar. Og store tankar og gode gjerningar er det som fjell-livet gjev. Og det er meir verdt enn gods og gull, maavita!

Det er vel ikkje så heilt gale å tru at ein mann som Johan Sørensen – med kulturbragden Bibliothek for de tusen hjem bak seg – også kan ha tumla med slikt på Fronsfjellet. Men først og fremst er det den medisinsk velgjerande lufta han gjer seg til apostel for – naturleg nok, og slik kom han til å bli ein pådrivar for å få byfolket til fjells. I dag er det ei sjølvsagt sanning at fjellet er godt både for kropp og sjel. Johan Sørensen av alle, denne 70-åringen med dansk opphav, barndom på kysten og 20 år i varmare strok i utlandet, var med på å skape denne sanninga.

Jernbanen kjem
Grunnlaget kom med jernbanen til Fron i 1896. Før den tid var det fire gjestestader som betalte øl- og vinskatt til Sør-Fron. I 1903 var det 16. Johan Sørensen var ikkje først ute med å få tak i folk som ville til fjells for å pleie helsa si. Det eldste sanatoriet i Fron var Fefor, som opna først på 1890-talet og vart drive av ein svensk lege – og på Gålå, drive av distriktslegen. Dette var tida da turberkulosen herja. Men dei ville ikkje ha desse brystsjuke på sanatoria sine: ”For tæringssyge passer ingen af etablissementene.” Dei var ute etter rekonvalesentar og trøtte byfolk. Sørensen var heller ikkje den einaste innflyttaren som kom til den sunne lufta i Fron og såg potensialet for pensjonat og hotell. Men da han bygde, bygde han stort og mykje. To sanatorier for astmatikarar og rekonvalesentar: Lauvaasen Høifjeldssanatorium og Tofte Høilidssanatorium.

Ein kunne ikkje ta byfolk rett til fjells. Dei måtte akklimatiserast på Høilidshotellet først.

Ein kunne ikkje ta byfolk rett til fjells. Dei måtte akklimatiserast på Høilidshotellet først.

Marknadsføraren
Det er rundt århundreskiftet det tek til for alvor. I 1905 kjem det ei særs interessant lita bok, skriven av A. Magelsen, ”praktiserende læge i Kristiania”. Tittelen er ingen kioskveltar: De sanitære betingelser for sommer- og vinteropphold i det alpine og subalpine klima i Norges indland. Men her er Gudbrandsdalen sjølve helseparadis på jord og ”kan trygt gives fortrinsret”. Forfattaren har av ein eller annan grunn forelska seg i sanatoriet på Tofte.
Her har vi eit sjeldsynt høve til å sjå Johan Sørensen i korta. Litt nærlesing av teksten syner at Magelsen må vere Sørensen sin doktor. I boka har Magelsen med eit langt ”brev” frå ein anonym pasient, som har reist rundt i Europa og heilt til Egypt med astmaen sin før han fann det leveleg på Toftesetra. Det kan ikkje vere nokon annan enn Johan Sørensen. Og etter det vi veit om den tidlegare redaktøren og utgjevaren av Bibliothek for de tusen hjem, ville det vore rart om han ikkje hadde ein finger med i spelet når Magelsen skriv nettopp denne boka på nettopp dette viset. For kva er det Sørensen oppnår? Han skaffar seg populærvitskapeleg prov på at det han driv med i Nordre Lia, er noko eineståande i Europa.
Det heile toppar seg når forfattar Magelsen ber sanatorieeigar Sørensen sjølv skrive om kor fantastisk det er på Tofte. Slik får Johan Sørensen høve til å drive reinspikka reklame gøymt bak objektiv utgreiing, og det gjer han framifrå. Han hadde ikke berre lese mykje. Han skreiv godt og. Det er ein svir å lese teksten hans. Både som kulturhistorie og som naturprosa.
I marknadsføringa kan ein høyre fyrvaktarsonen og astmatikaren som har kome seg så langt vekk som ein berre kan på den skandinaviske halvøya frå det fæle, usunne havet, frå klam fukt og tåke og alt som vått er. Lauvaasen er

fritliggende, men ogsaa lun, idet den tætte løvrige skog bryder eggen av selv den barskeste fjeldvind. Skogbunden er som følge af, at den porøse undergrund meget hurtig opsuger regnet, usædvanlig tør, og det nærmestliggende luftlag er derfor ogsaa let og frit for vanddampe, som det kun paa faa steder findes. (…) Alle de helbredsstyrkende og hærdende egenskaber, som karakteriserer et norsk højfjelds-klima i heldig beliggende lokalitet midt inde paa halvøen, er visselig i fuldt maal tilstede paa Lauvaasen.

Og kom no ikkje og tru at dette kan finnast kor som helst inne på eit eller anna fjell. Ein kan ikkje berre slå seg til i ei setergrend og rekne med helsebot. Fronsfjellet – og særleg Lauvåsen og Tofte –  er eineståande.

Man maa ikke gaa ud fra, at man over alt paa højfjeld vil kunne i lige høj grad finde de fortrinlige sundshedsgavnlige naturforholde, som her er skildrede, og at den fjeldluftsøgende med lige gode følger for sin sundhed kan slaa sig ned i en hvilken som helst øvrebygdsgrend eller i en hvilken som helst sætergruppe. Den som det gjør, risikerer at blive skuffet.

Nei, det må ”naturgivne hygienske vilkaar” til, solide bygg med ”betryggende afgrøfting”, heva over ”sumplænder og vandsamlinger, med disses sædvanlige tendents til nattetaage-dannelser.” Da kan staden ”regnes blant de aller bedste klimatiske højlids eller eller højfjelds-kursteder som finnes – ikke alene i Norge, men i hele Europa.”
Og så smell Johan Sørensen til: ”Om sanatoriene Lauvaasen og Tofte tør det med tryghed siges, at de i fuld maal forener disse hygienisk fordelaktige betingelser.”
Ein skal ikkje skulde han for å vere subtil, men slik var tida sitt språk, og ein kan skjøne at denne mannen bygde opp den største trelastbedrifta i Spania. Kunsten å selje kan han. Gjestane kom.

I forkant av ei folkerørsle
Men det mest interessante og nye er at han nyttar høvet til å marknadsføre det få trudde på den gongen: vinterfjellet. Magelsen skriv at ”skiture til høifjellet er jo ungdommens ret, de vilde daarlig passe for den part af trætte, muskelsvage bybeboere, der for helbreds skyld vilde søge udbytte af det norske vinterklima.”

Mykje klebestein i peisestua på Tofte Høilidshotel

Mykje klebestein i peisestua på Tofte Høilidshotel

Johan Sørensen går på. Han er 74 år gamal første gongen han bur på Tofte i februar. Og han vert overraska. For det første over ”den lethed, hvormed kulden taales.” Men mest over lyset, ”sollysets intensitet på en typisk vinterdag; den er rent forbausende.” Og denne februarsola er attpåtil god og varm: ”Hvad varmegraden af vintersolen her angaar, da er den ikke ringe, paa intens skyfri dage med temperatur i middagstiden af ca. –10, har jeg flere gange i sollyset maalt 28 indtil 32 varmegrader.” Han er med på at ski- og kjelkesport er noko ein må sjå bort frå ”for størsteparten af de rekreationssøkende gjæster”, men han vil ha dei ut likevel

for under sine daglige ture at sidde i halve og hele timer i solbad paa dertil egnede steder. Den, der har prøvet disse ”lysbade” i vinterluft heroppe, promenerende eller siddende paa en træstub, et tømmerstykke eller hvad der byder sig, vil med længsel mindes disse seancer i et natursceneri, som i pragt søger sin lige. (…) At det er i denne ”lysvirkning”, der gjør sig gjældende for livet heroppe baade uden og inden døre, man maa se en hovedfaktor for indenlandsvinterklimaets udmærkede virkninger, nærer jeg ikke tvivl om.

Sjeldan har vel ein mann vore så i forkant av ei folkerørsle. Han skulle sett Fronsfjellet i våre dagar ein vintersøndag med folk i kvar ei solgrop. Og dei som no driv og marknadsfører Fronsbygdene vinterstid, kan ha mykje å lære av Johan Sørensen for å få ”alle overanspændte, overtrætte og neurasteniske bybeboere” til fjells:

Som andre kategorier af takknemmelige objekter for vinterklimaet her vilde jeg nævne katarrhalske dispositioner og anæmier især hos unge. Forbausende hurtig restitueres disse sidste, faa spænstighed og kræfter og en solbrændt hudfarve, der snart gjør dem ukjendelige.

Han påstår jo ikkje. Han veit. Han har erfart det sjølv: ”At det tørre klima har en heldig virkning paa rheumatiske og artritiske affektioner, er egen personlig erfaring mig en borgen for.” Slik sameiner han kall, eigennytte og investeringar.

Lauvåsen arkLauvåsen
Høifjeldssanatoriet Lauvaasen vart opna i 1898 i ei praktfull bjørkeli ned mot vatnet Øyangen, berre tre kilometer frå den første hytta hans i Fron: Veidarvon. Eigedomen var 10 km i omkrins, og det vart sett opp åtte store tømmerhytter med to husvære i kvar. Ikkje utenkjeleg at Sørensen hadde lært namnsetting av Skredsvig, for no smell det i norske namn inne på Lauvåsen: Dovregubben, Doktorstugu, Øyansjå, Rondeslottet og Huskestugu. (Men han meiner han må oversetje Lauvaasen for sitt publikum: ”det løvrige Højdedrag”.) Og så det særprega huset han døypte Langleiken, som i marknadsføringa no kallast legendarisk. Samt eit hus til med spisesal og peisestue. Sanatoriet var i drift frå juni til september.
Mange hestekarar nede i Fronsbygdin tente seg ein ekstraskilling på å frakte godt pelsinnpakka byfolk opp Nordre Lia på Grosserarvegen og inn forbi Skjervangen til Lauvåsen. Med kjerre om sommaren og karmslede i påska. I 1930-åra fekk dei 10 kroner for turen. Samtalene mellom skysskar og ferdafolk må ha gjeve stoff til mykje folklore.
Lauvåsen si vidare historie er ei anna soge. Her er det berre kort å seie at eigedomen vart seld ut av slekta i 1928, ti år etter at Johan Sørensen døydde. Det såg stygt ut til ein bykar kjøpte staden på 1970-talet og fekk alle husa restaurert. Men å drive det med overskot? Etter at bymannen selde og lokale krefter tok over i 2000, er det liv og nybygg og store planar på Lauvåsen. No er det så mykje velstand blant folk at annankvar nordmann kan gjere som Johan Sørensen: Ikkje leige seg inn, men byggje seg gildt husvære i tømmer og stein til helsebot og sjeleløft.
Johan Sørensen hadde nok vore full av vellæte over å sjå at dette hjartebarnet hans, denne staden der ”intet nærliggende højdedrag stænger for det store, vide fjerne rundsyn”, no syder av liv og nybygg. Skuggen frå han lever framleis inne på Lauvåsen, og dei nye eigarane tek godt vare på han.

Grosserarvegen
Så mykje liv er det ikkje i det andre sanatoriet han bygde nede på Tofte. Det finst ikkje meir. Det fekk den lagnaden som vert mange gilde trepalass til del i Noreg: Det brann ned til grunnen. Israel Krupp som kjøpte branntuftene av etterkomarane til Johan Sørensen, skal ha forplikta seg til å byggje heile stasen, Tofte Høilids-sanatorium, opp att. Men, som han skal ha sagt, det står ikkje noko i avtalen om når.
Sørensen sin idé var nok at rekonvalesentane skulle bu nokre dagar på Tofte og akklimatisere seg før dei flytta opp i det ville høgfjellet innpå Lauvåsen. Han er poetisk når han fortel om den gilde grosserarvegen sin:

Særlig kan nævnes sanatoriets privat anlagte kjørevej, der slynger sig gjennem svære fjeldsprængninger, vilde klevjer og yndige skogpartier op forbi hjem-sætrene til fjeldvidden; kun et par times gange op og ned – baade sommer og vinter.

For Johan Sørensen er også Tofte langt borte frå alt vått og klamt. Han reklamerer med at det ligg ”højt over Hundorp-sundets vandflade, isoleret fra alle alfarveje og fjernt fra alt, hvad der kan kaldes en vandpyt eller antydning til vandsygt sumplænde”. Og så drar han til med si lyriske stortromme. No lokkar han og dei ”sportselskende”:

Som vinter-sanatorium ved man nu efter mange aars erfaring og af en mængde besøgendes skudsmaal, at Tofte ejer de bedste betingelser, – hvad enten der er spørgsmål om god forplejning og godt logis, eller om ro, hvile og helbredsstyrkende luft for lidende, rekonvalecenter og arbeidstrætte, eller om der spørges efter anledning for sportselskende at bevare og hærde sin gode helbred i ægte norsk friluftsliv paa ski, med kjælke eller i slæde indover lid, bakke og fjeldvidde.

Ein kan sjå for seg Johan Sørensen, kor han enn måtte vere under OL på Lillehammer 90 år seinare. Han sitt der og nikkar og stryk seg i skjegget: ”Det var jeg som satte det hele igang.” Han var i alle fall godt førebudd. Han kunne trygt reklamere med at ”tysk, engelsk og fransk tales.” Han kunne utan tvil lagt til spansk.
Tofte Høilidssanatorium var eit produkt av si tid. Kan hende er det like greit at det brann ned. Det hadde blitt rive før eller seinare. Ingen hadde fått økonomi i drifta i dag. Berre å halde bygningane ved like ville kosta nok til å utfordre helsa til den sunnaste.

tofte snø villaenStaseleg og ruvande
Ta Langleiken på Lauvåsen, gang med fem legg husa i vinkel, panel det og mål det kvitt, så får du kan hende ein idé om korleis Høilidssanatoriet oppe i Nordre Lia såg ut med plass til 70-80 gjestar. Sørensen skal ha starta med ei tømmerstue han fekk flytta opp frå Toftegardane. Det vart til hovudhuset. Han installerte eiga dampsag på Tofte til byggearbeida. Sto du på gardsplassen, låg husa rundt deg som ein U. Til høgre var Hovudbygnaden med hovudinngang, spisesal, leseværelse, storstue med peis og kjøkken i underetasjen, privaten i 2. etasjen. I midten låg Centralen og til venstre Villaen med alle soveromma. Desse husa var hekta saman med trapper. ”Det er naturligvis bjælkehuse, derfor lune, overalt dobbelte vinduer, kleberstensovne saavel i værelser som i forstuer og korridorer”, skriv dr. Magelsen.  Staseleg og ruvande.
Mange bønder leverte kjøt og mjølk, poteter og egg og slikt til sanatoriet. Dei saga isblokker på Lågen, frakta dei opp til Tofte og la dei i sagflis til sommarbruk.
Og så var det kvinnfolka. Desse sanatoria trekte til seg ungjenter som gjorde reint og fyrte i omnene og var gode kjerringemne. Men så var det i tillegg solinga. På grassletta ved Smiuhaugen, skriv Ragnar Øvrelid i historia om Fron, ”fekk toftefolket det første innsynet i det søte liv: her kunne dei sjå byfolk, bydamer helst da, ligge og sole seg ”nesten nakne”.”
Johan Sørensen engasjerte seg i drifta sjølv. Men nøgde seg ikkje med det.
”Begge disse Sanatorier tilhører Tofte Gaard og driver under fælles Administrasjon”, heiter det i reklamen. Tilhører Tofte Gaard? Johan Sørensen bygde seg ikkje til fant på desse to sanatoria. Han hadde pengar på bok og handla seg jord, småbruk og litt større gardar: Uppigard Tofte, Utistugun Tofte, Nørdre Flåtå, Søre Borolia, Tøfte, Hemstad, Kjølset, Målarbakken og Hyggen på Tofte.
Kvifor? Gardbrukar var han ikkje. Og etter kva som seiast, strevde han ikkje hardt for å bli frøning. Anna Sørensen var ei meget gjestfri dame, men korkje ho eller mannen blanda seg mykje med bygdafolket. Klasseskilje var ein realitet, og grosseraren heldt seg til dei kondisjonerte, særleg dei utanbygds frå. ”De hadde omgang med mange av tidens kjendiser, som forfattere, musikere, politikere og skuespillere”, skriv Anton Tagestad.
Likevel feste Johan Sørensen røter i bygda. Da han døydde, åtte han så godt som all mark frå Lauvåsen og ned til Lågen. Her er kongedømet hans. Fyrvaktarsonen, sjømannen, diskenspringaren, gründaren, konsulen, grosseraren, forlagsmannen og føregangsmannen Johan Sørensen tenkte muligens som så at jord er det sunnaste og tryggaste, og eit betre stykke Noreg kunne ingen ønskje seg?

Her låg hotellet, fortel Ben Balchen

Her låg hotellet, fortel Ben Balchen

Kan hende finn vi og eit svar hos Bjørnson: Gamle Dag i skodespelet Daglannet frå 1904 seier at

jo mer industri, jo mer vi får av den sort, jo ulykkeligere og uenigere blir menneskene. De går under i misunnelse, i hat, i begjær.

Om vi no går med på at Bjørnstjerne Bjørnson tok Johan Sørensen som modell for Dag i Daglannet, kva meir får vi vite om grosseraren der? Ein skal sjølvsagt vere varsom med å dra likskapen for langt, men det er mykje i portrettet av Dag som passar godt med dei segnene som lever etter Sørensen. Bjørnson legg eigedomen Daglannet til ein Vestlandsfjord, så vi er langt unna Fronsbygdene. Likevel er det mykje i scenetilvisninga som høver godt med Tofte, og Dag sjølv trivst best inne på fjellet med astmaen sin. Og fru Dag? Ho snakkar fransk og gebrokkent norsk og går imellom når faren er ute for å tukte barna.

Gud, når mor i gamle dager sloss for oss her nede med far! Han ble rasende, og mor, uten å svare, gjorde en sving – den der! Og gikk fornem opp til seg selv. Og kom ikke ned igjen før han hadde vært oppe og bedt. Ikke om det varte fem dager.

Johan Sørensen foran hotellet

Johan Sørensen foran hotellet

Dag er, som  Borna til gamle Dag hos Bjørnson  har fått mykje juling og er redd han. ”Han er den fødte despot”, seier sonen. ”Frykten for ham kan jage meg på sjøen”, seier dottera. Bjørnson bygger godt opp under forventningane. Vi høyrer mykje om gamle Dag, men først i tredje handling kjem patriarken inn på scenen. Ned frå setra og plagast derfor med pusten. Ein stribukk er han og likar ikkje det nye som kjem med industrialisering, opprør, gudløyse og mammondyrking: – ”vantroen, opprøret, spekulasjonsgrådigheten. Og det skal rykke inn her…?”
Dei segnene som lever etter Sørensen, syner og en stridbar kar. Sinna og grinete kunne han vere. I raseri baud han ei jente som arbeidde på Tofte, å reise til helvete. Ho skal ha vore god til å svare for seg: ”Ja, det skal eg gjere, man da må Sørensen vere med og syne meg vegen, han som er kjend der.” Da ba Sørensen om orsaking. Ein annan gong skal han ha kjefta opp ein av dei tilsette noko så grueleg. Men han var aleine på kontoret sitt.
Temperamentet gjekk i arv. Anton Tagestad har nedtegna ei jakthistorie. Både Johan Sørensen og dottera Kate var ivrige rypejegarar. På den tida var grosseraren både gamal og sein. Kate skal ha vore ein god skyttar og så ivrig at ho gjekk i føreveg og skaut før faren kunne kome på skothald. Da sa han klart frå at ho måtte vente på han. Men neste gongen hunden tok stand, gjekk ho likevel fram og skaut før faren kom til. Han blei rasande og kjefta. Men da vart dottera minst like argsint og ga seg til å hoppe opp og ned i store einerkjerr mens ho skreik: ”Fan ta den hissige mann og fan ta den hissige mann.” Slik heldt ho på til ho reiv av seg klea, så ho sto i berre stakklinningen.

Barnebarnet til Johan Sørensen, Fridtjof Balchen, arva Tofte Høilidshotel

Barnebarnet til Johan Sørensen, Fridtjof Balchen med mandolin, arva Tofte Høilidshotel

Det er noko gyntsk over Johan Sørensen. Han dikta vel ikkje skrøner og handla ikkje med gudebilete, og da han kom heim att, makta han det Peer berre drøymde om: Han kjøpte seg gard og bygde seg slott. Men som Peer fôr han frå landet i unge år og laga seg mange liv. Han liknar nok enda meir på den strilynte Brand. Draumane hans veit vi ikkje så mykje om, bortsett frå at han, som Brand, ville få det norske folket til å tenkje stort. Han gjorde meir enn mange for at den draumen skulle bli verkeleg. Den gamle radikalaren var 75 år gamal ved unionsoppløysinga i 1905. Kor han sto og kva han tenkte, veit vi ikkje, men det er vel ikkje så heilt på jordet å tru at han ein stad hyste ein draum om å vere ein politikar som skapte historie. Utsegna hans om møtet med Darwin syner en mann som veit at tankar og handlingar kan setje skilje i menneskesoga. Han fekk med seg første verdskrigen før han døydde i 1918, heile 88 år gamal. Lufta i Fron må ha vore sunn.

Konkurs
Om Johan Sørensen kan ha nokre trekk av Peer Gynt, liknar etterkomarane hans mest på Jon: La gå til spille!
Bjørnstjerne Bjørnson er forsoninga sin mann. I Daglannet er gamlingen uroleg for kva som skal hende med eigedomane, men alt endar med godlåt mellom generasjonane. Johan Sørensen var også uroleg, for han ana kan hende at temperamentet hadde gått i arv, men ikkje det genet som hadde vett på pengar og handel. Det var berre dottera Kate han hadde i Noreg. Det må likevel ha vore latent strid i familien, for i eit utkast til testament skriv han at

det vilde være mig en hjertesorg, om jeg skulde gaa i graven med den tanke, at nogen av mine arvinger vilde sætte sig imod min ordning. Først og fremst gjælder det at alle fuldt ud tilegner sig den forstaaelse, at A/S Tofte Gaard & Sanatorier er en pur og bar forretning, i hvis administration intet familieanliggende maa blandes ind.

Han såg – som gamle Dag – at den nye tid trampa utanfor døra:

Straks jeg er død, vil her komme en mængde spekulanter paa eiendommer og endnu flere som vil kjøbe parceller – mest jobbere. Vis alle høfligst bort. Intet maa sælges af jorden. Det vil være økonomisk daarskab.

Lauvåsen 1950

Lauvåsen 1950

Det kan godt vere at Bjørnson har desse orda til Dag frå den gamle kremmaren Sørensen sjølv:

Menneskenes mål er da ikke penger. Det er da ikke å gjøre menneskene til maskindeler for å skaffe mer penger. Gud Fader bevare oss.

Anna Dick Sørensen døydde tre år etter mannen, i 1921. Da var altså kongedømet samla i eit aksjeselskap. Mange vil vel seie at dei to neste generasjonane ikkje særmerkte seg med forstand på finansar. Dottera Kate Balchen fekk hjelp av dårlege tider og mangt anna til å kvitte seg med formuen. Noregs Bank sette opp kroneverdien i 1925-26. Skattane vart mykje hardare å betale. Det der før skulle 10 000 liter mjølk til for å betale, måtte det no 17 000 liter. I 1926 sende Sør-Fron heradsstyre brev til Finansdepartementet om at skattesatsane stig ”i forfærdende grad” og at den økonomiske situasjonen i kommuneøkonomien er ”uholdbar”.
Før tiåret gjekk til ende, var Johan Sørensen sitt livsverk i Fronsbygdin, A/S Tofte Gaard og Sanatorier, konkurs. Heller ikkje han rådde over ettertida og alle dei kreftene som styrer våre liv.

Påske på Tofte Høilidshotel midten av 1930-talet

Påske på Tofte Høilidshotel midten av 1930-talet

Skiheim
Men noko vart berga. Frå buet kjøpte svigersonen, Hjalmar Balchen, att Veidarvon til dottera Annie  og Tofte-hotellet til sonen Fridtjof, som moderniserte det, blant anna med sentralfyr i 1930-åra.
Men så rykte landsmenn av Anna Dick inn på Tofte. I desember 1940 hadde tyskarane rekvirert hotellet. ”Skiheim der Luftkommando Norwegen”. No var det tyske offiserar frå flyvåpnet på permisjon som naut godt av Johan Sørensen si investering og det gode klimaet. To skitrenarar og lege hadde dei. Offiseren som var sett til å styre skiheimen, Hauptmann Stambler, var visstnok henta frå det sivile og eigentleg professor i germanske språk. Han skal ha kost seg fælt med Sørensen si meget verdfulle boksamling i leseværelset. Tyskarane takka for gode dagar på Tofte med å øydelegge alt. Unggutane kunne krige, men dei kunne og feste og drikke og var kan hende ikkje så gode til å fyre i omnar, så det gjekk fort å få hotellet brunne ned til grunnen like før jul i 1940. Slik utsletta dei det meste av historia til Johan Sørensen – hus, møbel, bøker, brev, kontraktar, dagbøker, bilete.

Berre Veidarvon og Hyggen var att. Annie Balchen bygde på Veidarvon i 1939 og dreiv seterstua til ut på 1970-talet. Men historia heldt fram med å snerre etter det Sørensen let etter seg. Annie Balchen sin heim, Hyggen i Tofte, brann ned i 1980 med dei siste restane av det som var att av skrift og bilete etter grosseraren. Det var så vidt ho berga livet sjølv, og ho døydde året etter. No er også Veidarvon ute av slekta.

Dei er mangslungne, dei kreftene som rår over livet.

Generasjonane etter Johan Sørensen på Tofte: Svigersonen Hjalmar Balchen, oldebarnet Ben Balchen og barnebarnet Fridtjof Balchen

Generasjonane etter Johan Sørensen på Tofte: Svigersonen Hjalmar Balchen, oldebarnet Ben Balchen og barnebarnet Fridtjof Balchen

Kjelder:
Bjørnstjerne Bjørnson: Samlede verker, bind V, Gyldendal Norsk Forlag 1975
Einar Hovdhaugen: Gardar og slekter i Fron, bind I Sør Fron, Fron Historielag 1974
Thore Lie: ”Johan Sørensen – opplysningsmann og Darwins forlegger i Norge”. I Fra Mester Geble til Charles Darwin. Forum for universitetshistorie 1998
A. Magelsen: De sanitære betingelser for sommer- og vinteropphold i det alpine og subalpine klima i Norges indland. Nikolai Olsens bogtrykkeri 1905.
Anton Tagestad: upublisert foredrag om Johan Sørensen
Harald Tveterås: Om Johan Sørensen i Norsk biografisk leksikon, Aschehoug 1959
Ragnar Øvrelid: Historia om Fron, bind I og II, Fron Historielag 1991
Gudbrandsdalen og Lillehammer Reisehaandbog, Kristiania 1905, fotografisk opptrykk 1981
Opplandsarkivet
Samtalar med Anton Tagestad og Ben Balchen
Ein takk til Biblioteket i NRK

Lagt ut her første gong 8. januar 2014

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

2 responses to “Johan Sørensen og kongedømet hans

  1. Ein verkeleg god artikkel, for ei historie!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s