Møt ei modig kvinne på årsmøtet!

Merk av: Årsmøtet i Fron historielag torsdag 30. september

Kom på årsmøtet i Fron historielag og høyr lokalhistorikaren Hans Olav Haugen fortel om ei modig kvinne.

Ingebjørg Sletten Fosstvedt vaks opp i Oslo, og da krigen braut ut i 1940, var ho lærarstudent. Frå Oslo tok ho med seg ei heil skuleklasse, der mange av barna var jødiske, opp til Follebu der familien hennar hadde hytte. Der fekk ho høyre at 15 engelske soldatar låg i dekning for tyskarane på Follebukjølen. Ettersom Ingebjørg kunne engelsk, vart hun beden om å snakke med dei. Ho skjøna raskt at soldatane ikkje kunne leggje opp ei fluktrute over til Sverige på eige hand, og samtalane førde til at ho i første omgang tok på seg å følgje dei over til Steinsetra i Øyerfjellet. Da dei nådde fram dit, vart det klart for alle at dei var heilt avhengige av Ingebjørg for å kome seg vidare, og det enda med at ho tok på seg å føre dei helt inn i Sverige. 14 dagars strabasiøs tur i snø og sørpe over bekkar, fjell og med kryssing av store elver som Glomma og Trysilelva. Dei måtte improvisere mat, drikke, klede og utstyr, og dei måtte fleire gonger gjømme seg for tyske styrkar og fly, alltid redde for at norske nazistar skulle angje dei.

Dette kan du høyre meir om på årsmøtet i Fron historielag 30. september kl 1900 på Dale-Gudbrands gard. Her fortel lokalhistorikaren Hans Olav Haugen frå Gausdal om Ingebjørg Sletten Fosstvedt, som fekk pris frå Israel fordi ho seinare under krigen hjelpte mange norske jødar over grensa.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s