Klok mann og klok tale om Heilag Olav for 100 år sidan

«Ingen kunne heldt ein slik tale i dag», sa prosjektleiar Bjørn Sletten som innleiing på Dale-Gudbrands gard 29. juli ved opninga av Hundorp 2021. Der framførte Rasmus Stauri talen som professor Fredrik Paasche heldt 100 år tidllegare, ved 900-årsfesten på Hundorp 29. juli 1921. Professor Fredrik Paasche var ein svært nær ven av folkehøgskolen på Hundorp frå 1917 og fram til han døydde i 1942. Han kom ruslande inn på gardsplassen etter å ha kome frå Kristiania ein sommardag i 1917 med desse orda. «Mitt navn er Fredrik Paasche. Jeg er bedt om å holde noen foredrag her». Seinare vart besøka mange, og han vart den sanne venen som let mange ord dekkje den inderlege vennskapen han kjende til høgskulefolket og til den historiske staden Hundorp. Han snakka systematisk om «det høie Hundorp!».
Ingen kan halde ein slik tale i dag? Kan hende, men er det litt synd? Her er talen i alle fall. Døm sjølv:
Les meir