Monthly Archives: juli 2021

– Merkverdigere gjest har dalen ikke hatt

Klok mann og klok tale om Heilag Olav for 100 år sidan

Fredrik Paasche fortel om Snøfrid og kongen på Dovre (Foto: Privat /Familien Stauri)

«Ingen kunne heldt ein slik tale i dag», sa prosjektleiar Bjørn Sletten som innleiing på Dale-Gudbrands gard 29. juli ved opninga av Hundorp 2021. Der framførte Rasmus Stauri talen som professor Fredrik Paasche heldt 100 år tidllegare, ved 900-årsfesten på Hundorp 29. juli 1921. Professor Fredrik Paasche var ein svært nær ven av folkehøgskolen på Hundorp frå 1917 og fram til han døydde i 1942. Han kom ruslande inn på gardsplassen etter å ha kome frå Kristiania ein sommardag i 1917 med desse orda. «Mitt navn er Fredrik Paasche. Jeg er bedt om å holde noen foredrag her». Seinare vart besøka mange, og han vart den sanne venen som let mange ord dekkje den inderlege vennskapen han kjende til høgskulefolket og til den historiske staden Hundorp. Han snakka systematisk om «det høie Hundorp!».

Ingen kan halde ein slik tale i dag? Kan hende, men er det litt synd? Her er talen i alle fall. Døm sjølv:

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Sjarmøretappen har starta!

Hundorp 2021 opna på Dale-Gudbrands gard

Ordførar Ole Tvete Muriteigen. Alle foto: Carl Henrik Grøndahl

Godstog som rumlar forbi. Rulleski på gamle E6. Det fekk han ikkje med seg, Heilag Olav, da han sette spor etter seg på Hundorp for 1000 år sidan. Men den historiske dåmen låg tungt over Dale-Gudbrands gard, da jubileumsfesten Hundorp 2021 vart sjøsett i dag. Og ikkje berre det. Opninga var ôg starten på Norge i 1000 år, ei markering og ein stafett som får sitt høgdepunkt på Stiklestad i 2030. Uvanleg at ein stafett byrjar med sjarmøretappen, som han sa, prosjektleiar Bjørn Sletten.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Litteratur, Musikk

Der ingen skulle tru…

Litt å tenkje på når du køyrer inn under Teigkampen

Kanskje sende ein tanke til Anna og Kristian og dei seks ungane når vi kjører inn i Teigkampen? Ill: Statens vegvesen

Kanskje sende ein tanke til Anna og Kristian og dei seks ungane når vi kjører inn i Teigkampen? Ill: Statens vegvesen

OSKAR LETRUD: Nye E6 går inn i Teigkampen og passerer to-tre hundre meter under restane etter dei gamle seterhusa på Skoekampen, ei seter som nå er nedlagt. Det er på høg tid å få skrive ned soga om denne setra og dei som brukte ho. Eitt er sikkert. Dette var ein tungvint plass å koma fram til, særleg for desse som ikkje hadde hest og måtte bera alt fram på ryggen. Les meir

5 kommentarar

Filed under Jordbruk, Setring

Tour de Fron for 101 år sidan

Lagt ut av Åge Jevne Hagestuen på Facebooksida «Du væt du e frå Vinstra når..»

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Smiu åt Pettersen-karom

Det song så fint: Nå slår far – nå slår bestefar – nå slår far

1472969_412836202153140_1345098043_n

Ole Pettersen ved arbeidsbenken siste leveåret, 1973.

NORA STORMYRBAKKEN: Tett inntil E6 på Vinstra, adresse Øvregate 49, ligg eit okergult murhus med verkstad i fyrste etasje og leiligheit i andre. I dag er det roleg utanfor portane, men mange hugsar aktiviteten her. Også inne i smia er det roleg, men ho er intakt, reiskapen ligg framleis sirleg ordna på benken. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Ho vart aldri som ho skulle att

Slik gjekk det med ei ualminneleg vakker jente i Vendalen

thale1956x818

Ho vart aldri som ho skulle att etter denne haugtakinga. (Poster til den norske skrekkfilmen Thale, (2013) bygd på folkelore og huldrehistorier)

IVAR SVELLE: Det var ein gong ei ung budeie som stelte på setra for det bruket ho var på. Det var innpå ei seter som heitte Vendalen. Det var omkring 30 setrer der den tida. Denne jenta skulle vera så ualminneleg vakker. Ho var raudleitt og slank som ei lilje. Ho var så snill og omgjengeleg at alle var vedunderleg glade i ho. Men så var det ein morgon. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner