– Ha ei god oppleving der inne!

Rasmus Stauris opningsord ved utstillinga «Solrenning»  

Utstillinga «Solrenning» i regi av Gudbrandsdalsmusea og Hundorp 2021. Rasmus Stauri er idé-, tekst- og prosjektansvarleg. Foto: Stig Odenrud, GD. Les GDs reportasje her.

Ivar Kleiven, Gudbrandsdalens Snorre, som han vore kalla, skriv i Fronsbygdin, (1930)

Fron ha stødt vore helde for den beste bygda i Gullbrandsdala og blomin millom døm, ingor bygd ha så my´ go´ og vokstrom jor´ og di meste tå grendom ligg godt og lugomt te, og defor ha Fron frå langt atti medelaldra vore ei sterk bygd med innbuare som va i velmakt.

Vi toler å høyre dette frå tid til anna.

Det gamle Fron har vore omtala som ei fornminnebygd – ein påstand som må nyanserast. Denne utstillinga gjer ikkje krav på å vera ein fullstendig dokumentasjon på nettopp det, sjølvsagt. Dette er berre ein liten, men viktig flik, rettnok. «Det ryk utur pipun mange stan», som kjent. Og det er uttrykk frå det øvste samfunslaget i det førkristne samfunnet vi får sjå. Dei andre ser vi lite til.

Les om opninga her

Gudediktet Håvamål, frå den eldre Edda, fortel om ein praktisk nyttemoral med måtehald som ein viktig verdi; på verdien av ætta og minne frå forfedrene, slik gravhaugane her på Hundorp og elles i bygda syner. Men også om det vakre, det kostbare, det elegante, det dyrbare. Sagalitteraturen lærer oss å sjå verdien av andre samfunnsformer og moralbegrep enn vår eigne.

Dei mektige strofene, 76 og 77 frå gudediktet Håvamål. Det er Den Høge –  Odins tale.

Døyr fe,

døyr frendar,

døyr sjølv det same.

Men ordet om deg

aldri døyr

vinn du eit gjetord gjævt

Døyr fe,

døyr frendar,

døyr sjølv det same.

Eg veit eitt som aldri døyr,

dom om daudan kvar.

Vi er i hundreåra før kristninga av dette landet. Forfattaren er ukjent. Desse to strofene kjennest i dag svært aktuelle og passande. Å vinne seg eit gjetord er gjævt og leggje att spor etter seg er nettopp kva denne utstillinga handlar om, spor båe frå førkristen tid og frå kristen middelalder. Når vi moderne menneske ser dette i dag, handlar det for mange om tilknyting, forankring og kanskje det forslitte ordet identitet.Og dei fleste av oss er glade i ordet tradisjon – vel og merke ein sunn tradisjon.

Denne utstillinga  viser 40 gjenstandar frå førkristen tid fordelt på fire område, Sygard Kjorstad i Ryssland, frå fjellområda i Vuludalen og frå fjellområda mellom Gudbrandsdalen og Valdres og frå her på Hundorp.Denne utstillinga viser spor frå overklassa i det førkristne bondesamfunnet, og glimt frå dei mange skifte i  uttrykk og levevis som kom med trusskiftet på 1000-talet og framover i middelalderen. Dette er gjenstandar som aldri før har vore utstilt samla her i bygda –  og det er på høg tid.

Bygdene våre i førkristen tid har på ingen måte vore avstengde, noko praktfunna frå Sygard Kjorstad  så tydeleg fortel om, sjølv om den nordiske kulturen låg i utkanten av det germanske området, men med rik kontakt til sentral-Europa.

I førkristen tid var det ikkje snakk om religion, men om sidr – sed og skikk/sedvane – for å halde orden i kosmos. Lov, orden, og regler for forholdet menneska i mellom, fruktbarheit og rikdom – uttrykt  idet vi kan kalle ein bondereligion.

Denne utstillinga ber namnet «Solrennnig» etter Snorre kjernereplikk i kap 112 frå soga om Olav den heilage –– «Snu døkk mot aust, der kjem vår Gud med mykje ljos, eller det store ljos».

Sola renn i aust og ny kunnskap og ny erkjenning kom og kjem i all forstand. Ein klassisk sagareplikk av historikaren og diktaren, islendingen Snorri Sturluson lagt i munnen på Olav Haraldsson i møte med den siste Dale-Gudbrand kjent frå sagalitteraturen – ein kjernereplikk i Snorres penn i  skildringa av dette kristningsmøtet, slik diktaren ser det.  Kor sant det er, er ei anna sak. Snorre var også diktar.

Den  mektige guddomskrafta symbolisert i sola – ei stjerne som gir grunnlag for livet her på jorda, – lys og varme, – dette er ikkje eineståande for sagaforteljinga lagt til Hundorp. Mange kulturar prissett nettopp sola som eit guddomsbilde – stjerna som står konstant i verdensrommet og som vår vesle jord sviv rundt.

«Solrenning» er ei eineståande utstilling. Det står om sjeldne gjenstandar frå ei fjern fortidlagt til eit fysisk rom  i vårt industrisamfunn med lagring og godstransport– ein blå conteiner med måla 2,40 x 6 meter. Her vart plassen kostbar og tids- og kulturmøtet ekstra sterkt. I Fron er det fyrste gong vi får oppleva ei slik utstilling.

«Solrenning» får oss til å tenkje over viktige spørsmål – vi er sjølve eit ledd i den lange rekkja av folk som har budd i bygdene her. Dei mange bilda av folk frå generasjonar før oss på utsida av conteineren – folk som levde på 1900- talet helsar oss velkomen. Dette er eit levande og godt  velkomsuttrykk.

Vi blir imponert og andektige ved å sjå dørringen på gardskapellet på Steig frå 1200-talet, av å sjå relieffet som truleg har stått på den gamle Listadkyrkja, og Reformasjonsbibelen frå 1550 lagt ut parallelt med gullringane frå Sygard Kjorstad, glasperler, våpen og prydgjenstandar frå praktfunna i 1867 og 1874 og 1921.

Og kanskje viktigast – vi blir glade i fortida og i det samfunnet vi er så heldige å vera ein del av i dag. Jo eldre ein blir, di større blir både interessa, sorga og gleda over hendingar i fortida, både det gode og det mindre gode.

Arbeidet med utstillinga har tatt lang tid, og mange har vore med fram mot ferdiggjeringa.. Det har vore krevjande, både fagleg og formidlingsmessig. Fagfolk ved Kulturhistorisk museum i Oslo har vald ut gjenstandane – med Ingar Gundersen i spissen, og ikkje minst ei  oppdatering med geoskanninga i 2020/21 ved Arne Stamnes og hans fagfolk ved NTNU. Her står att mykje arbeid.

Historisk kompetanse både lokalt og sentralt er trekt inn – det er nok uklokt å nemne dei alle med namns nemning her, men du finn dei på takkelista ved utgangen av utstillinga – ein stor takk til døkk alle!

Men likevel: Eg vil nemne hjelpa frå Pål Kjorstad i Ryssland når det gjeld Kjorstad-funna – takk for di gode hjelp!

Det er i tillegg to eg vil nemne spesielt: Gudbrandsdalsmusea v/Øystein Rudi for gode samtalar og ikkje minst Krible design på Vinstra v/Åsne Flyen. Du har vore flink til å utnytte plassen. Det har vore ein udelt fryd, alt dette samarbeidet!

Tekstene er skrive med tanke på ei brei publikumsgruppe; om ein har lykkast, står att å sjå, og det vil sikkert vera både kommentarar av både surt og søtt – den sjansen må ein berre ta. Ikkje meir enn 45/50 ord i eit avsnitt og ikkje meir enn 25 ord i kvar setning var lova. Og det skal helst stå noko i kvar setning!

Dette vore ei stor, men givande utfordring, både fagleg og språkleg. Det er med slike resultat som med det å lage god mat; ein treng gode ingrediensar (det har vi, som kjent) og ein treng god tid (det har vi også hatt, og tidsplanen er følgt)

Sluttord-

eit lite sitat frå eit brev folkehøgskulestyrar Stauri skreiv etter at han sende inn funna på eit jorde her på Hundorp som ilgods i ei kasse, til Universitetets Oldsaksamling, datert 10.november 1921:

Hvis det var mulig ville jeg gjerne få beholde de 4 spenner. Oldsamlingen har sikkert en hel del slike før, så det kan ikke være av synderlig interesse å ha disse (kommentar: det er lov å prøve seg!). Og jeg ville som sagt sette megen pris på å få ha dem, da de er funnet her på gården».

Nå er dei kome attende!

Svaret frå prof. Brøgger den gongen var ein kontant «Nei». Han hadde ikkje høve til å kome oppover, heller ikkje å halde foredrag på eit nordisk kurs. Stauri var svært skuffa.

I dag er vi svært glade og takknemlege og skulle meir enn gjerne sett at vi hadde plass og rom til ei permanent utstilling. Kanskje i framtida? Ja, det må kome! Inntil den dagen kjem får vi klare oss med ein conteiner anno 2021. Ha ei god oppleving der inne!

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s