Monthly Archives: juni 2021

Frøningen som fekk seg skuss med ein tuss

Det ylde og pipa kring øyro

hestehode

Det var skuss som tok tak

Ein frøning var på Kongsbergmarknaden og hadde selt hesten sin, ein gild tråvar. Om kvelden gjekk han og sveiv i gata der og undrast kor han skulde få seg losement til natta. Da kom det køyrande ein framandkar etter han. Han stana hesten og spurde om frøningen ville heimatt, så skulle han få køyre. «Akk nei, eg har nok lang veg heimatt eg, så det er nok ikkje tenkje på i kveld,» svara han.
Men framandkaren stod på sitt same, han, at frøningen kunde berre setje seg oppi, så skulle han få køyre radt heim.

«Du veit vel ikkje, kor langt det er til heimen min, eg er heime oppi Gudbrandsdalen,» svara frøningen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Ikke bruk eggjern Sankthans!

En liten fortelling om glad latter som varsler en ny sommer

galaseter

83 år gammel skrev Adolf Tagestad ned sine minner fra setergenda på Gålå, der han var første gang i 1908. Gålå sæter var det opprinnelige navnet på Wadahl Høyfjellshotell. Ved siden av hotellet lå den opprinnelige Gålå-sæter, som var setra til Heggerud. Bilde fra rundt 1920.

 

ADOLF TAGESTAD: Sankthans, da er de kommet i stellet, som de brukte å si, på alle setrene. Og det var gjerne Sankthans-aften budeienes første sammenkomst fant sted. På en haug eller slette om været var pent. Da ble det samlet sammen til bål, det var vanlig med einkåvå, som det nevntes, og den brant som oftest godt. Alle som kunne, var med på denne Sankthans-feiringen. Var det tilgang på musikk, danset de, var det ikke så trallet de og danset da også. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Setring

Interessant dag på kongsgarden Steig

Trass surt vér var det rundt 200 som møtte opp på Steig sist sundag. For omvising, kaffi, god kringle og flotte foredrag sørga for at vi heldt varmen likevel. Det var lokalhistorikarane Nils Christian Steig, Pål Kjorstad, Rasmus Stauri, Geir Paulsrud og Kari Clausen frå Norges Vel som stod for historieformidlinga. Verten sjølv, August Johan Evensen, batt det heile i hop på ein fin måte. Du kan sjølvsagt lese meir om denne historiske og eldgamle garden fleire plassar, t.d. på denne nettsida og på steig.com. Høyr foredraga her: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

– Ha ei god oppleving der inne!

Rasmus Stauris opningsord ved utstillinga «Solrenning»  

Utstillinga «Solrenning» i regi av Gudbrandsdalsmusea og Hundorp 2021. Rasmus Stauri er idé-, tekst- og prosjektansvarleg. Foto: Stig Odenrud, GD. Les GDs reportasje her.

Ivar Kleiven, Gudbrandsdalens Snorre, som han vore kalla, skriv i Fronsbygdin, (1930)

Fron ha stødt vore helde for den beste bygda i Gullbrandsdala og blomin millom døm, ingor bygd ha så my´ go´ og vokstrom jor´ og di meste tå grendom ligg godt og lugomt te, og defor ha Fron frå langt atti medelaldra vore ei sterk bygd med innbuare som va i velmakt.

Vi toler å høyre dette frå tid til anna.

Det gamle Fron har vore omtala som ei fornminnebygd – ein påstand som må nyanserast. Denne utstillinga gjer ikkje krav på å vera ein fullstendig dokumentasjon på nettopp det, sjølvsagt. Dette er berre ein liten, men viktig flik, rettnok. «Det ryk utur pipun mange stan», som kjent. Og det er uttrykk frå det øvste samfunslaget i det førkristne samfunnet vi får sjå. Dei andre ser vi lite til.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Storhending på Dale-Gudbrand

Det blei både høgtid og humor da utstillinga «Solrenning» opna tysdag kveld. Både ordførar, kultursjef, representant frå Innlandet Fylkeskommune og sentrale aktørar var til stades, saman med rundt 70 publikummarar. Dette markerte óg starten på Hundorp 2021. Primus motor Rasmus Stauri tok oss med på ei historisk reise med ei kjempeflott opningstale. Multimusikaren Tom Willy Rustad akkopagnerte det heile med stemningsfullt fløyte og munnharpespel. Etterpå vart utstillings-containaren opna og spente folk kunne gå inn. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Soldatane tigga, plyndra og smitta

Mange frøningar verva seg og kom heim som slåstbikkjer

Dynekilen

Om Tordenskiold hadde med seg frøningar i slaget ved Dynekilen i 1716, veit vi ikkje. Heller ikkje om det var frøningar med på Fredriksten i 1718, da Karl den 12. vart skoten. Men usannsynleg er det ikkje. Foto: Arnstein Rønning.

RAGNAR ØVRELID: I heile 11 år var Noreg i krig med Sverige, frå 1709 til 1720. Vi veit ikkje kor mange frøningar som var utkommanderte i denne krigen. Men mange var det, og lenge låg dei ute. Tenestetida på 1700-talet var normalt 10 år. Det utvikla seg ein soldatstand i bygdene her, som merkte seg ut på mange vis. Etter fem og ti år i felten hadde dei vanskar med å tilpasse seg kvardagen. Dei orka ikkje arbeide, dei tigga, plyndra og fôr med all slags uskikk, dei hadde hestar og gevær, flokkevis streifa dei ikring i og utanom bygda. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Nilshimin

Historia om eit vanskeleg liv

nilshimin-1

Pål Nilsheimen. Bilde frå Anna Smikop.

ODDMAR MYRUM: Den karen vi skal fortelja om her, var original i beste tyding av ordet. Namnet var Pål Nilsheimen, eller Nilshimin som har vart kalla til dagleg. Foreldra hans var Hanna og Ola Nilsheimen, og dei hadde berre denne eine sonen. Han var fødd i Kvikne i 1900. Det blir sagt at foreldra hans Pål var svært strenge med guten, og at dei fleire gonger var direkte hardhendte med han. Han fekk hjerneskade, uvisst kva som var grunnen.

Nilshimin likte godt å prate med og om jenter. Det var interessa for jenter som øydela fleire år av livet hans. Det kom ut at han hadde vore nærgåande mot ei ungjente i bygda. Det vart rettsak, og han vart straffedømd. To år bak murane fekk han. Sjølv hevda han at han var uskuldig. Mange i bygdesamfunnet stødde han og meinte at alt saman var oppspinn, men han måtte slite med at han hadde vore på straff.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Få garder i Norge har en så rik historie

Steig gjennom 1000 år – unik gardshistorie fra Fron

I boka «Steig gjennom 1000 år» gir forfatteren Nils Chr. Steig for første gang en samlet framstilling av historien på Steig. Garden er nevnt i historiske kilder gjennom hver eneste århundre siden 1000-tallet og representerer en unik gardshistorie.

Steig på begynnelsen av 1900-tallet

Norrøn tid

Den kjente historien på Steig begynner med Tord Guttormsen Istermage. Etter kristningen på Hundorp gifter han seg med Olav den Helliges tante. Hans sønn «Steigar-Tore» gir kongsnavn til sitt søskenbarn Harald Hardråde og fostrer opp en konge, Håkon Magnusson Toresfostre. Hans barnebarn Ingebjørg blir landets dronning, gift med kong Øystein Magnusson. Siden hører vi om at Kong Sverre og birkebeinerne bodde på Steig et par ukers tid. Det fortelles om at Håkon IV Håkonson som reiste en festsal på garden og om at han restaurerte kapellet der i årene rundt 1250. Steig var siden kongsgard opp gjennom mange hundre år. Få garder i Norge har en så rik historie fra norrøn tid som Steig.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Overkjørt av same drosje to gonger

Å vera barn på Vinstra på 1950-talet

poPER OTTESEN: For oss barna i Vinstra sentrum først på 1950-talet var det ein spanande plass å vekse opp. Trafikken i Riksveg 50, som han heitte då, var stor, og det var mykje spanande å sjå. Ein gong vart eg overkjørt av same drosje to gonger på ei veke, då vi kjørte kjelke frå Haanshusgarden og rett nedi riksvegen. Men bortsett frå ein reprimande frå mor mi gjekk det bra. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

«Innbruddstjuven» Mikkjel Fønhus

Mystisk kar jabba i laussnøen i Skåbufjella

Setra til Nordre Risdal. Måleri av Sigmund Hernæs.

Noko av setra til Nordre Risdal i Skåbu. Måleri av Sigmund Hernæs. https://fronhistorielag.com/2015/01/20/hernaes-kjente-landemerke/

Torger T. Risdal: Ein grå vintermorgon i fyrsten av 1920-åra, seig det to høylass smått om senn innover høgda frå Storhøli-setrene. Vegen synte ikkje, og det gjekk i små kvilar. Øykane var nøydd om å puste på titt og jamt. Dei var komne til setra i mørkninga kvelden før, og etter at dei hadde sett inn øykane, fyra opp og fått seg ein kaffiskvett og noko mat, tende dei lykta og drog sleden inn på låven og tok til å laste. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Menn, Setring