Her blir det Solrenning!

Storhending på Dale-Gudbrands gard frå 15. juni

Direktøren i Gudbrandsdalsmusea, Øystein Rudi og sonen Eirik snikrar, Rasmus Stauri har skrive tekstane til utstillinga, og bakom, inni konteinaren, syng fornminna. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Det historiske Hundorp blir av fagfolk vurdert på same nivå som Borre, Hafrsfjord og Stiklestad. Har har levd menneske i fleire tusen år. Utstillinga «Solrenning» som opnar 15. juni, viser praktfunna som vart gjort på Hundorp og Sygard Kjorstad i Sør-Fron for over 100 år sidan. Nylege funn frå førkristen tid i fjellet er også med i denne jubileumsutstillinga. Det er fyrste gongen desse gjenstandane blir viste fram under eitt.

På utstillinga kan du sjå originalen til det som vart logoen til Fron historielag: Dørringen er frå gardskapellet som i tidleg katolsk tid stod på garden Steig. Dørringen er truleg frå 1200-talet.

Gjenstandane frå Kjorstad og Hundorp er praktfunn i arkeologisk samanheng. Dei fortel om stor lokal makt og rikdom gjennom fleire hundre år før år 1000 – om velstand og kunstnargivnad, men også om daglegliv og fest, og ikkje minst om gravskikkar i tida før Kvitekrist kom til dalen.

Jordbruket stte sitt merke i landskapet, og det er rundt og på garden vi finn hovdingen og familien hans. På garden møttest folk til forhandlingar, rettsavklaringar, religiøse ofringar. Dei dreiv med handel og handverk og mobiliserte våpenføre menn i ufredstider. Storbonden eller kanskje hovdingen fekk med seg både sverd , spjut og bissel i grava, men også ei saks og ein ljå som viser til gardsdrifta.

Informative tekstar tar deg gjennom utstillinga.

Denne utstillinga på Dale-Gudbrands gard går inn i 1000-årsmarkeringa for klubbeslaget på Hundorp, ho står til ut i september, og mange arbeider for at ho skal bli permanent i Fron. Det ville i så fall ha vore litt av ein attraksjon.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s