Kaare og bergkunsten

Veit du at det er eit helleristningsfelt oppe i Sødorpbygda?

Kaare Høgset med det verdfulle funnet – ein ti cm lang pilespiss frå vikingetida, funne like ved Skoe gard. Bilde frå Årbok for Gudbrandsdalen 1983.

PAUL HENRIK HAGE: Oppe i Sødorpbygda er det eit helleristningsfelt frå bronsealderen, som vart oppdaga av Kaare Magnar Høgset. Han voks opp like ved Grytberget der bergkunsten er, og la alt som gutunge merke til dei underlege gropene og figurane i berget. Han passa på dei, og ein gong greip han inn og protesterte da nokon ville leggje eit materiallass oppå dei. Kaare Magnar var einaste sonen til Mathea, som var frå Skar, og Anton Kleven. Anton var postførar og var derfor meir kjent som «Anton Post».

Helleristingar blir og kalla bergkunst. Fornminne eller kulturminne er verna etter Lov om kulturminner (Kulturminneloven). Bronsealderen i Noreg er rekna frå ca 1700 f. Kr. – 500 f. Kr.

Namnet Høgset hadde Kaare Magnar etter namnet på heimen deira. Han var skuleflink og gjekk ut frå landsgymnaset i det andre kullet der i 1950. Eg har funne ei omtale i Dagningen av ei offentleg framsyning av Ibsens «Vildanden» som skuleteateret sette opp i 1949. Kaare spelte ei av rollene, så gjevnaden hans gjekk nok i fleire retningar.

Ikkje alle figurane og gropene er like lette å sjå. Raudfarga er mest borte, og etter det eg veit, blir det ikkje brukt lenger.

Han kom seg ikkje ut av bygda for vidare utdanning, men styrde i mange år folkeboksamlinga på Vinstra og enkelte av filialane seinare, når det vart Nord-Fron bibliotek. Han var ein hjelpsam og interessert «bokmann» og likte og å tala ved folk om historie og andre emne, slik vi ser skåbyggingen Torger T. Risdal særleg nemner i minneordet om han i Årbok for Gudbrandsdalen i 1983:

«Vi hadde mange hugnadsstunder på bilblioteket i Skåbu. Som oftast hadde han med seg bandopptakaren. Presset ved bokdisken var somme tider ikkje større enn det vart høve til eit og anna opptak. Særleg likte han seg når det kom innom folk som var noko opp i åra. Da galdt det å få praten inn på eit eller anna frå gamaltida. Da var han Kåre ikkje sein om å setja på bandopptakaren. »

Han var aktiv på mange måtar i Fron historielag går det fram av minneordet.

Minneskiltet som Mathea Kleven hjelpte til å å opp.

Kaare Magnar døydde i 1982, berre 53 år gammal. Mathea, mor hans, som da var att aleine, brukte ein god del pengar på å få laga ei minneplate til å feste på Grytberget der sonen hadde funne helleristningane, passa på dei og ikkje gav seg før han fekk gjort dei kjende.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s