Monthly Archives: april 2021

Mora går rett og slett frå han

Fyrste halvdel av 1800-talet var ei hard tid for mange i Fron

guttANDERS HAUGEN: Det var særleg ille i åra 1835-38. I husmannsheimane gjekk det på livet laust. Derfor var det mange som rett og slett la ut på vandring. Det utvandra 300-400 personar frå Fron dette året. Den vanlegaste stadene folk drog til var Møre-kommunane, Trøndelag og vidare nordetter. Mora var desperat av svolt og angst for framtida og tok til å true eldste sonen med at han får prøve å greie seg sjølv. ­ I Orkdal går ho rett og slett frå han. Når han vaknar, er mora og broren borte, og han anar ikkje kor dei har teke vegen. Les meir

4 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

-Neiggu om det går an å drepa denna kar’n

Fløytinga nedover Vinstraelva var eit farefullt arbeid

OLE CHR. RISDAL: Fløytaren Anders Brustugun kom frå ein liten plass attmed Skåbyggja som heitte Brustugu. Han vart vitne til ei dramatisk hending. Ein dag hadde ein tømmerlunne festa seg like ovanfor Hinøgelsbrua. Elva gjekk grøn og stri i vårflaumen. Fossefallet utanfor brua mulla og mol så det høyrdest lang lei. Fleire karar dreiv utpå lunnen og skulle freiste å få den løyst. Mellom dei var Kristian Finnsand, ein østerdøl som var tømmerhusbond hos Carlson Foss. Rett som var losna lunnen og utover fossen bar det med bulder og brak. Det var som heile lia skolv og vasspruten stod himmels høgt. Det var eit leven så voldsomt at ein kunne tru domedag var komen. Alle hadde kome i land, så nær som Finnsand, for han vart med utover fossen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Teigejenta vart tatt i berg

Og Teigekjerringa såg meir enn ho skulle

«Denna gjorde som spratt tå, tok dei vare på, og ho skal vera på Teige den dag i dag.»

Ein gong langt atti tida vart ei jente på Teige i Kvam så søkkjande borte. Folk leita og leita, det vart ringt med kyrkjeklokkene au, men Teigejenta fanst ikkje og kom ikkje att, kor mykje dei leita og ringde. Så ein dag det lei på andre året etterpå, kom ein framandkar til gards og spurde mor hennar som burte var, om ho ville gjera så vel og sjå åt dottera si. Jau, det kan du veta mora ville, og vart med framandkaren så fort ho vart ferdig. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Jordbruk, Kvinner

Trist at eit slikt dyr må bøte med livet

Men sauebøndene er glade for at gaupa vart skoten

HÅKON SVEEN i DAGNINGEN 17. MARS 1995: Gaupa har gjennom alle år vore sett på som ein av dei verste fiendane sauebøndene i distriktet vårt har. I det siste har det vorte gjett fellingsløyve på to dyr i dalen, og fleire jaktlag har vore ute. Onsdag ettermiddag fall den fyrste gaupa i baksia mellom Kvam og Vinstra. Det var eit jaktlag frå Vinstra som kom på sporet av gaupa, og etter fleire timars jakting enda det med at Lars Gjerdingen frå Vinstra løyste skotet som gjorde det slutt på gaupa sitt liv.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk

La oss gjere dette saman!

Ditt bidrag: 200 kr for medlemskap i 2021

Har du fått ein slik i posten?

Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller på videoopptak. Slik medverkar historielaget til at nye generasjonar kan vere i ein naudsynt og skapande dialog med fortida.

Fron historielag er ein idealistisk organisasjon. Vil du bidra til at laget lever vidare? Støtt det arbeidet laget gjer. La oss gjere dette saman. I desse dagane får du denne i postkassa. Bli medlem i 2021. Har du ikke fått giro? Enkelt å bli medlem. Berre 200 kroner til konto 2095 32 92735, Fron historielag, 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse.

Velkomen som medlem i 2021!

Årsmøtet i historielaget ville normalt ha vore nå i april, men også i år blir det utsett til hausten.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon