Ljugar-Endre og fa´n

Det var gut som smurde tjukt på

Fautgarden Rolstad Nordre. Gardsdrifta hass Endre fekk ikkje noko godt ord på seg.

IVAR KLEIVEN: N´Endre Amundsson Lo har vore mykje omtala på Fron oppgjennom tida, for ´n var ein underleg selle, ein storskrytar og storljugar; på Fron vart han derfor mest kalla for Ljugar-Endre. N´Endre var elles av godt folk, for far hans, n´Amund Torsson, var bror hans Tor Bratt på Bjølstad og fødd pålag 1685. N´Endre brukte Lo ei stond, men kjøpte sist nørdre Rollstad av fauten, n´Kristen Pram. Nokon driftig gardbrukar var ikkje n´Endre, det var nok ikkje meir enn så vidt det slong, men skryta av alle storbragdane sine var han kar til, og det var gut som smurde tjukt på.

«Ein kveld, medan eg var heime på Lo, fekk e høyre fa´n sat og hulle utved Vinsteråa – dermed gjekk e åt beitkåsta og spikka meg ei dugeleg bjørkslo, djeven bestetja meg, va´n ikkje glad ´n tagna, karn!»

Heime på Lo hadde dei ein peis i fjoset, som det var slikt eit vedonderleg drag ti: kom kalvane for nere åra, vart dei ståande på kne og svega, og kom hønene bortåt peisen, drog dei oppigjennom pipa.

Ein gong ha´n Endre ein gjeldvær som var vedonderleg til ullsau. «E fekk tri merk ull tå spæla hass», sa´n. Son hans Endre høyrde dette og skulle hjelpe te, han au: «Va det itte fire merk, du?» spord´n. «Snyt deg nå, gut!» sa´n Endre.

Gardsdrifta hass endre på Rollstad fekk ikkje noko godt ord på seg, han hadde ikkje framferd til å rå seg med turrved, og når det galdt om å skaffe lite turrved av og til, så klauv´n tå onnkvarmom i veaskåla. Dette dreiv han på med til skålin ronnde i hop ei natt. Om morgonen kom´n Endre borti granngarden og bar seg for, at det hadde vore forgale til vær om natta, «skålin vår har blåse ne», sa´n.

Det hende han vart innpåsliti for mat på Rollstad, og ein gong det var brødlaust på stabburet, bytte han bort eit jordstykkje på vælså 20 mål for ei brødstøe.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s