Monthly Archives: mars 2021

Ljugar-Endre og fa´n

Det var gut som smurde tjukt på

Fautgarden Rolstad Nordre. Gardsdrifta hass Endre fekk ikkje noko godt ord på seg.

IVAR KLEIVEN: N´Endre Amundsson Lo har vore mykje omtala på Fron oppgjennom tida, for ´n var ein underleg selle, ein storskrytar og storljugar; på Fron vart han derfor mest kalla for Ljugar-Endre. N´Endre var elles av godt folk, for far hans, n´Amund Torsson, var bror hans Tor Bratt på Bjølstad og fødd pålag 1685. N´Endre brukte Lo ei stond, men kjøpte sist nørdre Rollstad av fauten, n´Kristen Pram. Nokon driftig gardbrukar var ikkje n´Endre, det var nok ikkje meir enn så vidt det slong, men skryta av alle storbragdane sine var han kar til, og det var gut som smurde tjukt på.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Ein god æresmedlem

Til minne om Vegar Skar (1945-2021)

Vegar Skar, (1945-2021) æresmedlem i Fron historielag

RASMUS STAURI: I 2020 vart Vegar Skar frå Sør-Fron utnemnd til æresmedlem i Fron historielag. Han gjekk bort 21. februar i 2021, og fekk såleis glede seg over æresmedlemskapet i historielaget det siste året han levde. Det synlege uttrykket hekk på veggen på rommet hans på Sørheim omsorgssenter, der han budde ei tid før han døydde. Vegar Skar vart fødd på bruket Nedre Skar 23.9.1945 og var yngst i ein syskenflokk på tre – ein ordentleg attpåklatt. Etter eit par år flytta familien ned i bygda til plassen Furumo nedafor Lillehove i Sør-Fron, og her voks han opp. Han reiste ut på kvalfangst midt på 1960-talet, og han arbeidde på Vinstra-anlegget og Harpefoss-anlegget før familien flytta til Drammen. Resten av arbeidslivet arbeidde han som bygg- og anleggsarbeidar i Oslo. Han og Else (f. Wahlquist) fekk fire ungar; dei opplevde å bli besteforeldre, og dei fekk også eit oldebarn.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Nytt tak med GD-fondet

Oppgangssaga ved Sulheim blir bra!

Piotr Michalowski alias Petter Tømrer med sønn i arbeid med takreparasjon på oppgangssaga. I dag er det oppretting av åsar som er i gang. Foto: Øystein Hagen

Fron historielag takker for støtten fra GD-fondet, kr 5000, som bidrag til å legge nytt tak på oppgangssaga ved Sulheim. 🙂 Morten tømrer AS er i gang med jobben.

GD Fondet skal støtte mangfoldet innenfor kultur i GDs distrikt fra Mjøsbrua i sør til Skjåk i vest og Lesja i nord. Fondet skal yte støtte i form av økonomisk bidrag inntil 5000 kroner til konkrete prosjekter som lag eller foreninger måtte ha planer om. Tildeling fra fondet skjer to ganger i året.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

Han sette mange fotavtrykk

Hans Petter Kleiven er  død

Hans Petter Kleiven: Her er de som var med. Foto. Carl Henrik Grøndahl

Hans Petter Kleiven fortel om gulltransporten på årmøtet i 2014. Foto. Carl Henrik Grøndahl

RASMUS STAURI: Hans Petter Kleiven (1930-2021) sette mange fotavtrykk – i reiselivet, i Peer Gynt-stemnet, i lokalpolitikken og i det lokalhistoriske arbeidet. Historielagsmiljøet og lokalsamfunnet i Fron fekk stor glede av initiativa, gløden, formidlingsevnen og dei store kunnskapane hans. Fron historielag og Fronsbygdin vil takke og heidre Hans Petter ved å publisere artikkelen hans om gulltransporten i aprildagane 1940 i årboka for 2008. Takk, Hans Petter!  For redaksjonen

-Få nordmenn var med på noe så dramatisk under krigen som de frøningene som bidro til gulltransporten i 1940, sa Hans Petter Kleiven i sitt meget gode kåseri på historielagets årsmøte 3. april. En utrolig historie, og inni dette kåseriet er det gjemt et godt filmmanus. Værsågod. Her er Hans Petter Kleivens fortelling:  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Krig, Menn

Dyrlegehistorie frå Fron

Dei fleste middelaldrande og den eldre garde i Fron, hugsar heilt sikkert dyrlege Loe. Det var fleire kommunar i landet, i tillegg til Fronskommunane,  som fekk glede av å ha denne dyktige veterinæren hos seg. Mange erindrar sikkert at sonen hans, Bjørn, var med faren rundt omkring på oppdrag, bl.a. i ein blå Mercedes! No har han skrive biografien om faren sin. Boka er til sals no rundt omkring – så flyg og kjøp!

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Dei fem toftejentene fekk skåp

skapaBJARNE JETLUND: Det var nokså vanleg at jentene i familien fekk med seg skåp i heimefølge når dei flytta ut. Etter fem jenter på Tofte finst det fem stasskåp. Felles for alle skåpa er at dei har følgt storstovene der dei har vore, og dei er stelt pent med. Dei står der og vitnar om skapande hender og solid og varig handverk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Få med deg kjentfolk på tur!

Det er berre å laste ned appen Hidden

«Eingong seint ein julekveld fik´n Peder Dass bo frå konga i Kjøbenhavn at´n skull kåmå å præke før hoffe tile juldagsmorgon.» Så fekk presten skyss med fanden. Dette sagnet finn du på appen Hidden når du oppsøkjer Sødorp-kyrkja. På appen er det kart, der du ser all informasjon som er lagt inn om stader og fornminne og segn i Fron. På bildet under kan du sjå at det er over 250 av dei både i Vinstra- og Hundorp-området. Det skal visstnok vere fritt fram for å bidra med fleire segner og meir informasjon. Det er berre å trø til! Meir om appen finn du her.

Éin kommentar

Filed under Informasjon