Dresinen oppe i Skar

Historia om korleis Kristian fekk namnet «Bikken»

Dette var noko for Kristian! Foto: Thomas Markovic

Kristian (født 1900) var son av Erland Amundsen og Mathea Olsdatter i Nedre Skar. Kristian var så uheldig at han fekk ein hjerneskade ved fødselen og kom aldri lenger i utvikling enn ein fireåring. Faren Erland arbeidde ein del på jernbanen, og det hende at Kristian var med faren på arbeid. Framkomstmiddelet etter toglina var dresin av den typen der to menn stod og «pumpa» opp og ned for å få framdrift. Dette var fascinerande for gutungen, og han fann seg ein staur og apa etter dei på dresinen.

Les om ein barndom i Nedre Skar

Yndlingsplassen hans Kristian var oppe på berga, der stod han og vippa stauren opp og ned. Uheldigvis kom han litt for langt ut på kanten og tok overbikken og fall utfor, men stoppa i ei rogn som hadde slått rot i berget straks nedanfor kanten.

Mora såg heldigvis hendinga og kom seg opp den både lange og bratte bakken og fekk med mykje strev berga guten, som hang utover det 50 meter høge stupet

Sidan den dagen vart Kristian heitande «Bikken.»

Frå artikkelen «Historia om bruka i Skar» i Fronsbygdin 2017 av Palmer Skar, Anders Nustad og Kristen Brendhaugen.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s