Blir det klokkespel på ny?

Men ikkje i tårnet, klokkene er for tunge

Slik kan klokkespelet ved Sør-Fron kyrkje bli. Skisse frå Erik Langdalen Arkitektkontor

I januar 2015 vart det nok ein rundt med lokalhistorisk utveksling på FB-sida til historielaget. Temaet har nå vorte høgaktuelt: Klokkespel i Sør-Fron kyrkje: John Arne Nilsestuen: I Sør Fron kirke er det et klokkespill i tårnet. Har hørt at det var en fra Sveits som ga det til kirken. Stemmer det og om det gjør, hvorfor er det ikke i bruk i dag? Kåre Hosar: Klokkespillet var et elektronisk klokkespill, det vil si det var noen strenger som laget lyden, men den ble elektronisk forsterket. Det kom på plass i kirken ved restaureringsarbeidene i 1950-årene. Elektronikk er dessverre ikke evigvarende, så det virker ikke lenger. Jeg vet ikke hvor det var laget, men det var gave fra en norskamerikaner, en ætling fra Melgard. Egil Stakston: Klokkespillet vart innvia 3. juni 1956, under festgudstjenesten som markerte gjenåpninga av kirka etter det store restaurering- og modereniseringsarbeidet på 50-tallet. Andrew Melgard og sønnen var tilstede under innvielsen. De første tonene som strømmet ut over bygda var «Deilig er jorden».

Frå Kyrkjeblad for Sør-Fron 1/2020: I 1956 fekk kyrkja eit elektronisk klokkespel i gåve frå norskamerikanaren Andrew Melgard. Klokkespelet spela ein melodi gjennom høgtalarar frå klokketårnet. Mange hugsar sikkert det. Elektronikk er ikkje evigvarande, og på slutten av 1960-talet var det slutt på musikk frå klokkespelet. Alle organistane frå 1970-talet og fram til i dag har prøvd å få det reparert, utan å lykkast.

I 2017 sette soknerådet ned ei arbeidsgruppe som skulle greie ut spørsmålet om nytt klokkespel. I arbeidsgruppa sit organisten, Sergey Shulga, Marita Aanekre, tidlegare soknerådsmedlem, og Karl Olsen, tidlegare ansvarleg for kyrkjebladet og mangeårig medlem av tidlegare sokneråd.

Det vart fort klart at eit elektronisk klokkespel ikkje var aktuelt – det måtte bli eit ekte klokkespel. Det viste seg og at kykjetårnet ikkje var eigna for eit ekte klokkespel, det ville kreve omfattande endringar. Dermed var det klart at det måtte bli eit frittståande klokkespel. Det sørlege, østre hjørnet av kyrkjegarden er vald ut for plassering av klokkespelet, og er særleg godt eigna.

Klokkene veg mellom 15 og 260 kg med diameter mellom 26 og 76 cm. Prislappen for klokkene er på 1,2 millioner kroner ferdig montert. Prosjektet arbeider mot ei økonomisk skisse på ca 2,2 millioner. Erik Langdalen Arkitektkontor har utarbeida ei prosjektskisse som viser det planlagte klokkespillet med 25 klokker, plassert i det sør-østlige hjørnet av kyrkjegarden. Naboar, kulturlivet, næringsdrivande og andre har sagt at dette er et fint tiltak som dei gjerne støtter. Å få eit nytt klokkespill vil være bra på mange måtar. Eit frittståande klokkespel ved kyrkja vil glede alle på spesielle dagar og vera med å skape ei flott rame rundt høgtidsdagar.

På tur inn i 1000 års markeringa av kristningemøtet er arbeidsgruppa optimistiske med tanke på økonomiske bidrag. Dei satsar på eit spleiselag mellom gudbrandsdøler, utflytta døler, fritidsinnbyggere, næringsdrivande, stat, fylke, sokn og kommune. Og samarbeider med velrenomert nederlandsk firma Royal Ejsbouts om levering av klokkespillet, med Tveit Smie om produksjon av bærekonstruksjonen.

Sokneprest Kristinn Olasson: Forutsatt at alle tillatelser og finansiering av prosjektet er på plass ser jeg et nytt klokkespill som meget attraktiv for Sør-Fron sokn. Dette åpner for nye muligheter både knyttet til forskjellige temaer i kirkeåret og i andre kulturelle sammenhenger. Det er på mange måter fornuftig å knytte et nytt klokkespill til 1000-års markeringen av kristningen i Gudbrandsdal som feires på Hundorp i 2021.

Kantor Sergey Shulga: Klokkespill er en drøm for meg helt siden 2011, da jeg første gang hørte om at Sør-Fron kirke hadde hatt et klokkespill tidligere. Det er noe som kan gi Sør-Fron et særpreg og løfte kommunen ytterligere som opplevelse for mange, både i og utenfor kirken. Klokkespill er en varig investering som kan yte for kirken og besøkende i flere hundre år. Min oppfordring til alle frøninger er – vær gjerne med å se inn i framtiden sammen med oss, oss som bidrar til nytt klokkespill i Sør-Fron i 2021.

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Musikk

One response to “Blir det klokkespel på ny?

  1. Eivind Holen

    Det gamle klokkespillet var trolig av amerikansk fabrikat for det gikk på
    110 Volt spenning som er vanlig nettspenning i USA.

Legg att svar til Eivind Holen Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s