Vis-Knut høyrde kva som stod i breva

ALBERT FOSSE: På dei mange reisor far gjorde i Gudbrandsdal og andre stader i landet har han fått tak i mykje om Vis-Knut, som elles sikkert ville bli gløymt. Han var sterkt interessert i å finna ut alt han kunde om dei løynde evner i menneska. Og det var for å hjelpa i granskinga av det mystiske – og dermed også å hjelpa litt den vitskapelege tenkning i åndeleg retning. Andreas Austlid på Dovre fortalde dette 23. oktober 1917:  I midten av 70-årom talte eg ved Vis-Knut. Han låg på senga og røykte og fortalde meg at han fekk brev like frå Kalifornia. Dei vilde vita kvar dei skulde grava etter gull. «Døm kan grava hår døm vil for meg. Det er ikkje sagt det er til gagn for døm um døm finn det heller. Eg les ikkje slike brev eg no lenger, eg kastar døm på varmen.» Eg: «Men kjære, korleis kan du vita kva som står i desse brevom når du ikkje les dei da?» Knut: «Eg høyrer det eg, ser du. Eg legg brevet åt øyra, og da høyer eg hå som står.»

Her finn du meir om Vis-Knut.

Eg: «Nei, nå har eg aldri høyrt maken; du er nok åleine om dette, du». Knut: «Å nei da, eg er berre som du og mange andre. Døkk har såmå evnone, døkk som eg, Men døkk har forsømt døm, så døm ikkje fær vekse å, vi tufse oss mykje burt med mat og drikke og klæde og alt dette ytre, måta. Men eg vart driven med sjukdom, eg, så eg nøyddest til å snu augo innover i meg sjølv; og det er Gud å takke og ikkje meg, at eg vart slik. Men jad´n var det tungt au ofte da eg var ung. Det var to røyster måta, og den eine vilde narre meg; og døm var så like einannan at eg, stakkaren, ikkje greidde å skilja åt. Men så sa eg den vonde frå meg. Og no skal han ha takk. No kjem han ikkje meir, for no veit han at det nyttar ikkje heller, – eg kjenner fanten no.»

Det brende seg inn i meg desse orda hans Knut.

Frå boka Vis-Knut, den framsynte frå Gausdal ved Ivar Fosse. Hundorp 1941

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s