Daily Archives: 8. februar 2021

Vis-Knut høyrde kva som stod i breva

ALBERT FOSSE: På dei mange reisor far gjorde i Gudbrandsdal og andre stader i landet har han fått tak i mykje om Vis-Knut, som elles sikkert ville bli gløymt. Han var sterkt interessert i å finna ut alt han kunde om dei løynde evner i menneska. Og det var for å hjelpa i granskinga av det mystiske – og dermed også å hjelpa litt den vitskapelege tenkning i åndeleg retning. Andreas Austlid på Dovre fortalde dette 23. oktober 1917:  I midten av 70-årom talte eg ved Vis-Knut. Han låg på senga og røykte og fortalde meg at han fekk brev like frå Kalifornia. Dei vilde vita kvar dei skulde grava etter gull. «Døm kan grava hår døm vil for meg. Det er ikkje sagt det er til gagn for døm um døm finn det heller. Eg les ikkje slike brev eg no lenger, eg kastar døm på varmen.» Eg: «Men kjære, korleis kan du vita kva som står i desse brevom når du ikkje les dei da?» Knut: «Eg høyrer det eg, ser du. Eg legg brevet åt øyra, og da høyer eg hå som står.»

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn