Daily Archives: 5. februar 2021

Alt for tjukt med parafin

Frå Dombås til Hundorp i 1948 for å hoppe i Børebakken

Børebakken 2017, 69 år seinare. Bakkerekorden har Kim André Steine, 56,5 m iflg FB-sida til Sør-Fron IL I flg tradisjonen skal Børebakken fått namn etter ein svenske som dyrka opp området for Isum. Han kan ha heitt Børre.

OLA HOLEN: Den vinteren eg var 12 år, meldte idrettslaget på Dombås nokre av oss på hopprenn på Sør-Fron. Det var det lengste heimanfrå eg til da hadde vore på hopprenn, for det var tungvindt å koma så langt av garde den gongen som få hadde privatbil. Dessutan hadde idrettslaget dårleg råd. Men tidleg ein sundags morgon i midten av februar 1948 kleiv eg inn på finka på godstoget sørover med nypolerte hoppski og spenning i kroppen. Finka hadde eit lite kott med vindauge inni vogna, som elles berre var eit stort rom. Det vart varma opp med ein koksomn, slik at vogna kunne ha med seg såkalla varmegods. Denne dagen var det vi som var varmegodset.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett, Kommunikasjon