Ugift mor sendt til tukthus

Marit (f. 1814) var «uegnet» da ho stod til konfirmasjon

Artiklane til Odd Jan Skriubakken i Fronsbygdin sidan 2013 er særs gode grunnar til å sikre seg alle årgangane. Han har grove djupt og godt og skriv om husmannsplassane på vestsida i Sør-Fron. Artiklane er rike på fakta – namn og årstal, kven vart gift og barn dei fekk. Under, fortalt med få ord, ligg det liv og lagnadar som teiknar eit stort og rikt og frysande bilde av kva for tilhøve dei levde under, dei som vart sett inn i verda før oss. Som historia om ugifte Marit i Fronsbygdin 2017. Ho vart sett til straffearbeid for å ha fått fire ungar. Og kva slags liv fekk dei til, desse fire? Fattigdom og fengsel.

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Under Uppigard Rolstad er det i 1801-teljinga ført opp ei Sigri Olsdotter. Ho er 61 år, enkje, og ho «bruger husmandsplads med jord.» Ho har ei dotter, Kari på 19 år. Eg kan ikkje skjøna anna enn at dette må vera Flatskriu, og at vi her har namna på dei fyrste som levde der. Mannen heitte Ole, men om dei hadde hatt fleire ungar, er eg ikkje kjend med. Dottera Kari gifta seg i 1807 med Paul Olsen. Han var frå ein plass under ein av Kjorstadgardane (Kjorstadhaugen). Dei fekk seks ungar, alle utan ein gut voks opp. Det er berre to av jentene eg har greidd å spore, dei heite båe Marit, fødde i 1814 og 1818. I 1835 flytta Paul og Kari på seg og vart husmenn i Kong (under Nordgard Grytting).

Marit (f. 1814) fekk karakteren «uegnet» da ho stod til konfirmasjon. Ho flytta med foreldra til Kong og budde der. Ho var ikkje gift, men sette fire ungar åt verda for det – alle med ulike fedre. På den tida var dette i strid ikkje berre med kyrkja si lære, det var lovbrot! Etter den siste ungen vart Marit dømt til eit halvt års straffearbeid. Våren 1855 vart ho skyssa til Christiania Tugthus for å sone straffa. Det var ei trøysteslaus tid.

Dei fire ungane til Marit var Kari (f. 1838), Ole (f. 1843), Johannes (f. 1847) og Simen (f .1854). Ole og Johannes døde i heimgrenda, ugifte og fattige. Simen gifta seg i 1888 med Berthe Sofie Andersdotter Skullerudeidet frå Sørum. Ho var født i 1837 og var 17 år eldre enn Simen. Dei sat både i 1865 og i 1875 inne på «Tugthuset» i Christiania. Dei er ikkje å finne korkje i 1900- eller 1910-teljinga. Truleg har dei utvandra.

Så var det den eldste, Kari – det er ho som vart kjend som Kongs-Kari. Ein gong etter 1870 flytta Kari og mor hennar opp på Flatskriu att. I 1875 budde også Simen der. Husa som stod der, var vel flikka såpass at dei var til å bu i, men er «uten jord» i fylgje folketeljinga frå 1875. Dei sanka likevel nok fôr til ein sau og tre geiter – og enda fire dei hadde «på foring». Så hadde dei i alle fall litt mjølk, sau- og kjekjøtt og litt ull.

Marit døde i 1891. Kari vart buande der oppe i lia til ho kom på gamleheimen på Grov og døde 27. juni 1915.

Det lever flere historier om ho Kongs-Kari. Ei er at ho hadde ei geit bunde i ein sengestolpe. Kom det folk, og Kari hadde kaffe å spandere, var ho bortunder geita med kaffekoppen om folk ville ha noko oppi.

Redigert utdrag frå artikkelen «Husmannsbruk under Nordgard Rolstad» i Fronsbygdin 2017

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

2 responses to “Ugift mor sendt til tukthus

  1. Brit Lien

    Karene var som vanlige unntatt straff og fengsel så en kunne tru at ho var gravid av seg sjølv. Rart med det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s