Daily Archives: 1. januar 2021

Erling Rolstad fekk flest besøk

Over 100 000 klikk på denne heimesida i 2020

«I familien Rolstad var det ungane som fekk oppgåva å hente «lappar» dei kunne handle det aller mest nødvendige for. For å dekkje over fattigdomen gjekk dei gjennom skogen for ikkje å bli sett.» Det er Hans Odenrud si forteljing om Erling Rolstad, den fyrste som etablerte seg på Lomoen, mest lest på denne heimesida i 2020. I april la Ole Christian Risdal ut oversikt over 100 småbruk/gardsbruk i Skåbu, oppdatert og krydra med meir historikk. Nestan kvar dag sidan har nokon vore inne og lest. Meir enn 1600 i alt. I mai 1979 vart Ola Kristian Brenden, småbrukar frå Skåbu, slått ned av ei bjørnebinne med to ungar i Murudalen. Bortimot 1200 klikka seg inn på den historia. Nestan like mange las om Kari Roen, som både lensmann og prest var ute etter, men ho svara så godt for seg at dei kom ingen veg.

Heimesida til Fron historielag takkar for samværet i året som gjekk og gler seg til nye historier i året som kjem.

I alle dei blå landa var det folk som las heimesida til Fron historielag i 2020.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon