Monthly Archives: januar 2021

Salme ved reisens slutt

Likferd i bra fart på kjelke

Litt meir liv på denne reisa, men kan hende var det slik dei fôr? Foto: Kristian T. Petersen/Anno Domkirkeodden

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Eg har vorte fortalt ei historie eg ikkje heilt veit om eg skal tru på: Det budde tre karar oppe på Flatskriun. Ein vinterdag døde den eine. Det fanst ikkje uthus der, så liket skulle fraktast ned på låven i Skriubakka. Dei la liket på ein skikjelke, sette seg skrevs over og akte nedetter. I bra fart svingte dei inn på tunet på Skriubakka, syngjande på ei salme.

Slutten på artikkelen «Husmannsbruk under Nordgard Rolstad» i Fronsbygdin 2017

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Ugift mor sendt til tukthus

Marit (f. 1814) var «uegnet» da ho stod til konfirmasjon

Artiklane til Odd Jan Skriubakken i Fronsbygdin sidan 2013 er særs gode grunnar til å sikre seg alle årgangane. Han har grove djupt og godt og skriv om husmannsplassane på vestsida i Sør-Fron. Artiklane er rike på fakta – namn og årstal, kven vart gift og barn dei fekk. Under, fortalt med få ord, ligg det liv og lagnadar som teiknar eit stort og rikt og frysande bilde av kva for tilhøve dei levde under, dei som vart sett inn i verda før oss. Som historia om ugifte Marit i Fronsbygdin 2017. Ho vart sett til straffearbeid for å ha fått fire ungar. Og kva slags liv fekk dei til, desse fire? Fattigdom og fengsel.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

Huff, det var kaldt der!

Daude myser og lite vatn på pionerskulen i Sør-Fron 

KÅRE SVEINHAUG: Alt i 1959 tok Sør-Fron ungdomsskule til. Ikkje berre var det den første ungdomsskulen i Gudbrandsdalen, men ein av pionerskulane av dette slaget i landet. Eg vart svært glad og opplevde det som eit privilegium å bli tilsett som nyutdanna lærar ved Sør-Fron ungdomsskule i 1959, og eg var der til sankthans i 1966. Året før hadde eg gjort frå meg gymnaset, det militære og toårig lærarskule. Eg hugsar vi var tre unge lærarar den hausten. Dei eldre lærarane var flinke og hadde solid fartstid frå framhalds- og realskular i Fronsbygdom og Ringebu. I Sør-Fron fekk vi arbeide saman med skuleglad, arbeidsviljug ungdom og skuleinteresserte foreldre. Vi skulle drive forsøk med niårig skule. Også for røynde lærarar var det mykje nytt. Vi hadde ofte møte for å løyse flokane i lag. Det kunne bli livlege, ja, kvasse diskusjonar, slik demokratiet skal brukast. Det var aldri uvennskap. Rektor, Jørgen Tunold (1919-1981), kunne ringje til Forsøksrådet om råd, men vart oftast avvist med at det var nettopp vanskar vi skulle finne ut av og dermed skape viktig erfaring.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Har det stått noko om oldemor?

Stor interesse for Fronsbygdin

Egil Myhre har mykje godt på lager

 

Nå er det tid for bok! Og har du ikkje sikra deg godbiten Fronsbygdin 2020, kan det snart vere for seint, for lageret er bortimot tømt, seier boksansvarleg i historielaget, Egil Myhre. «God spennvidde i tid og tema frå historielaget», skreiv Dølen om boka. Egil Myhre har sendt ho ut til heile landet, frå Jæren i sørvest til Hammerfest i nord. Omlag 80 pakker med bøker gjekk ut. Eit område skil seg ut: Indre Østfold i Viken fylke. Hit gjekk det fleire bokpakkar enn til nokon annan stad. I nokre år har det vore ei ordning med at du kan abonnere på Fronsbygdin og få ho uoppfordra tilsendt i posten. No i haust glapp det litt, men det er berre å melde interesse til egilm@bbnett.no tlf.: 970 67 723, så kjem Fronsbygdin 2021 i posten lanseringsdagen. Les meir

2 kommentarar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Lærer, klokker, jeger og Vehl-Per

Paal Kleiven intervjuet på 70-årsdagen

Paal Kleiven

GUDBRANDSDØLEN, 30. MARS 1973: – I min stilling som klokker gjennom mange år lærte jeg å kjenne folk både i sorg og glede, og dette har vært verdifullt for meg, sier skolestyrer Paal Kleiven på Vinstra som fyller 70 år i dag. – Når folk var døde, møtte jeg opp i hjemmet og «sang ut liket» som det het, og jeg traff bygdefolket således i mange tunge stunder. Men jeg møtte dem også ved giftermål og dåp, da alt var glede, og på den måten lærte jeg dem å kjenne fra mange sider. Jeg kunne aldri tenke meg å være lærer ved en byskole. Så har jeg også vært en heimføding all min tid og holdt meg til kommunen.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Kunst og handverk, Menn

Erling Rolstad fekk flest besøk

Over 100 000 klikk på denne heimesida i 2020

«I familien Rolstad var det ungane som fekk oppgåva å hente «lappar» dei kunne handle det aller mest nødvendige for. For å dekkje over fattigdomen gjekk dei gjennom skogen for ikkje å bli sett.» Det er Hans Odenrud si forteljing om Erling Rolstad, den fyrste som etablerte seg på Lomoen, mest lest på denne heimesida i 2020. I april la Ole Christian Risdal ut oversikt over 100 småbruk/gardsbruk i Skåbu, oppdatert og krydra med meir historikk. Nestan kvar dag sidan har nokon vore inne og lest. Meir enn 1600 i alt. I mai 1979 vart Ola Kristian Brenden, småbrukar frå Skåbu, slått ned av ei bjørnebinne med to ungar i Murudalen. Bortimot 1200 klikka seg inn på den historia. Nestan like mange las om Kari Roen, som både lensmann og prest var ute etter, men ho svara så godt for seg at dei kom ingen veg.

Heimesida til Fron historielag takkar for samværet i året som gjekk og gler seg til nye historier i året som kjem.

I alle dei blå landa var det folk som las heimesida til Fron historielag i 2020.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon