Vaffelrøra som vart borte

Dei tok vare på forteljarkunsten

HÅKON SVEEN I DAGNINGEN 24.2. 1995: Forteljarkunsten held på å bli borte, seier mange. Ragnhild Kjorstad, Margit Løkken og Johannes Lunde på Vinstra kan kunsta enda. Tysdag kveld trollbatt dei godt og vel femti ungar i biblioteket på Vinstra med forteljingar om livet før i tida. Ungane fekk høyre om korleis folk levde, korleis dei nytta ymse slag reiskap, og mange både trulege og ikkje minst utrulege forteljingar.

Ragnhild hadde også med seg fine handarbeid. Applikasjon av eventyrmotiv ho sjølv har laga. Margit slo til med sjølvskrive eventyr. Det var ikkje mange lyder i rommet da Margot fortalde om vaffelrøra som vart borte frå dørhella på setra, heller ikkje da Johannes tok fram forteljinga om sigersluva. Spennande og lærerikt både for ung og gamal. Dei tre forteljarane veit korleis dei skal få tilhøyrarane til å lytte. Det blir ikkje færre som møter opp neste gong desse tradisjonsberarane skal i elden.

Lagt ut på Facebook av Paul Henrik Hage

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s