Kom mykje godt frå Brit og Jon i Lia

Og Brit fekk bort rusk i auga med blyantstreker

ODD JAN SKRIUBAKKEN: I 1902 kjøpte Jon Hansen Almehagen husmannsbruket Lia for 3000 kroner. Som fleire andre hadde han vore ein tur i Amerika, men kome attende. Lia har i nyare tid gjerne vore kalla Midtlia. I kyrkjebøkene er berre Rolstadlia brukt, medan folketeljinga i 1865 skriv Lia. Eit anna namn som òg har vore brukt, er «Pållia». Lia er sikkert eit av dei eldste husmannsbruka, kan hende den eine plassen Nordgard hadde i 1723. Jon Hansen Almehagen var gift med Brit Reire. Jon kunne vera fåmælt, men au snar å få sint. Ein gong han gjekk og pløygde med ein gamal treplog, kom far min forbi. Han var midt i «verste» oppveksten. «Gratulerer med ny plog», sa han. «Å, heill kjefta på´re gut, å gå oppete att», ropte Jon til far. «For e´ legem», sukka han. Alfred Grindhauga, som var med og pløygde, gapskratta.

Ein gong kom Ola Reire, far til Brit, ned i Lia. Jon sto i skålen og hogde ved. Ola spurte han om eitt eller anna, men fekk ikje svar. «Kyss me i rævvi, forbæinna muggejplugg!» sa Ola. Da han kom inn til Brit, spurte ho om kva han hadde sagt.. «E ba muggjepluggen kysse med i rævvi», svarte Ola.

Brit kunne «leså tå» sand og rusk folk hadde fått på auga. Ho hadde lært kunsta av far sin. Det er Hans Kolobekken som har fortalt med kva han sjølv opplevde: «Du fe itte skvette in det gjer lite grann vondt» – Brit hadde lagt handa på hovudet hans medan ho laga blyantstrekar på eit ark. Hans liksom kjende at rusket var drege vekk. «Ja, nå trur e det å æ borte att,» sa Brit.

Brit var elles ei lettliva dame. Det vart fort morosamt der ho var til stades.

Jon og Brit skreiv seg for Lien. Det vart foreldre til fem ungar, fire levde opp: Maria, Bjarne. Hanna, Jenny. Maria var fyrst gift med Johan Lillehagen. Det fekk dottera Magna, som gifte seg med Alf Larsen. Johan og Maria vart skilt, og ho gifte seg opp att med Egil Hernæs, den legendariske ordføraren på Sør-Fron i mange år. Mest like legendarisk vart ein av sønene, Øyvind. Han starta med å reparere syklar i garasjen, seinare var det sal av motorsyklar og møblar. Seinare vart Maria òg skilt fra Hernæs, som gifte eg att med Agnes Haugen. Det fekk sonen Arne.

Les meir om Øyvind Hernæs med puff og motorsykkel

Bjarne (f 1915) fall i kamp mot tyskarane ved Furnes nord for Hamar 19. april 1940. Han vart den einaste frå Sør-Fron som fall i kamp. Kvar 8. og 17. mai vert han heidra for at ha ga livet sitt for Noreg. På frigjeringsdagen i 2008 vart det avduka ein ny minnestein over Bjarne Lien

Les kva Odd Midtlin skriv om onkelen:

Det var eit frykteleg slag å miste ein kjær bror og son på den måten. Det var han som skulle overta bruket i baksia på Harpefoss. Nå fall alt i grus. Tyngst tok nok bestefar min det, og truleg forkorta tapet av sonen livet hans. Han levde berre til 1942. Seinare vart det foreldra mine som overtok Midtlia.

Redigert utdrag frå artikkelen «Husmannsbruk under Nordgard Rolstad» i Fronsbygdin 2017.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

One response to “Kom mykje godt frå Brit og Jon i Lia

  1. Brit Lien

    artig å lese om oldemor og far. Jeg tok navn etter henne

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s