Maria og Petter budde og sleit 47 år i Søre Skar

«Komfyren bar eg på ryggen, riktignok utan ringar og skuffer, men likevel vart det eit løft på vel 100 kilo. Komfyr måtte vi jo ha, og da var det ingen annan utveg enn å bera han. Eg var ung og sterk den gongen, men jammen var eg glad da uhyret stod på plass oppe i Skar!» Det sa Petter Pedersen Graasletten (1886-1970) i eit intervju med vekebladet Vi Menn på sine eldre dagar. Maria Amundsdatter Kjorstadmoen (1886-1967) og Petter hadde alt vore gift i tre år, hadde fått to ungar og ønske seg sterkt ein eigen heim. Nede i dalen var det lite å finne både av ledig jord og arbeid. Dei tok til som husmenn under Solbrå i 1910 og fekk drive båe dei to sørlegaste bruka i Skar. Dei første åra hadde dei ikkje hest, og alt måtte berast på ryggen opp den bratte lia. Ei lita stugu hadde dei, men jordvegen var sørgjeleg steinet og i dårleg hevd. Seinare kjøpte dei au Steindalssetra, det som nå er den søre delen av jordet. Når ein i dag ser kva som finst av hus og dyrka mark i Søre Skar, må ein berre bli imponert av kva Petter og Maria klarte å byggje opp gjennom dei 47 åra dei hadde heimen sin der.
Les meir