Monthly Archives: desember 2020

Vaffelrøra som vart borte

Dei tok vare på forteljarkunsten

HÅKON SVEEN I DAGNINGEN 24.2. 1995: Forteljarkunsten held på å bli borte, seier mange. Ragnhild Kjorstad, Margit Løkken og Johannes Lunde på Vinstra kan kunsta enda. Tysdag kveld trollbatt dei godt og vel femti ungar i biblioteket på Vinstra med forteljingar om livet før i tida. Ungane fekk høyre om korleis folk levde, korleis dei nytta ymse slag reiskap, og mange både trulege og ikkje minst utrulege forteljingar.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk

Jul med krigsfanger

Hardt skadde russiske offiserer kom til Harpefoss i 1917

Russiske krigsfanger på Grytting 1917. De to kvinnene er sykesøster Gjertrud Sørensen og Anna I. Grytting.

EIRIK BRAZIER: På Grytting ble julen 1917 spesiell, da norsk og russisk juletradisjon møtte hverandre. Onkelen til Ivar Grytting, Olav Grytting, sto for juletreet, men det var de russiske offiserene som sørget for dekoreringen. De flettet kurver, laget fuglefigurer, stjerner og himmelstiger av papir i alle regnbuens farger. Det var fantastisk hvor flinke de var med hendene. De russiske krigsfangene fant seg til rette på Grytting og Heggerud, men om de ble godt mottatt av frøningene, ble de sett på med skeptiske øyne av norske militære myndigheter.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Krig, Menn

Ros til Fronsbygdin i GD

«Svært grundig og seriøs på alle måter»

Live Sætre i GD har lest seg gjennom tolv årbøker og 1900 sider med «gode, spennende, triste, sjokkerende, rørende lokale historier om mennesker som levde for ikke altfor lenge siden.»

«Fronsbygdin 2020 er svært grundig og seriøs på alle måter. Fron historielag burde trykke opp Anton Tagestads artikler på egen perm for bruk i historieundervisningen i barneskolen. En bedre innføring i livet på Fron for hundre år siden får de ikke. Årbokartikkelen «Året rundt på Tåkåstad» forteller om arbeidslivet på en Frons-gard i hans oppvekst for rundt hundre år siden. Artikkelen er breddfull av detaljerte beskrivelser av alt fra avlinger, dyrestell, vedhogst, mosesanking, møkk-kjøring, mystikk på setra, ysting og hermetisering og nye typer slåmaskiner.»

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Eldste syklubben på langan lei

Starta tidleg på 1950-talet i Kvam

Frå venstre: Agnes Stormorken, Helga Stormorken, Eva Beitrusten (mor mi), Oddrun Rudland og (med kaffikjelen) Gunvor Kjos. Litt seinare vart også Solveig Rødningen og Helen Østli (kanskje fleire?) innlemma som fullverdige medlemmer i klubben.

GEIR BEITRUSTEN: Kanskje tek eg feil, men dette kan vera den eldste syklubben på langan lei. Såvidt eg veit hadde den ikkje noko anna namn enn «klubben», og stiftelsesdatoen er usikker; eg tippar at symøta starta tidleg på 1950-talet. Utover på 1980- og 90-talet vart det stadig mindre sying og hekling på møta, men til gjengjeld meir «slarving» og stadig finare bevertning og kanskje ei likør eller dram attved kaffien. Tidleg på 2000-talet tok alderen til å krevja sitt, og møta vart haldne på formiddagstid – og medlemmene måtte ofte køyrast og hentast når det var møte. Ja, det hendte at også eg var skysskar. Dei siste møta vart haldne rundt 2010, såvidt eg kan forstå. «Klubben» levde altså i over 50, kanskje 55 år. Dette bildet er truleg tatt tidleg på 1960-talet; i velmaktsdagane. Eg minnest framleis humøret og latteren som prega desse «tylege» samlingane, kanskje einkvardagskveld i månaden. Nå lever berre Helga og Oddrud. Trist å tenkje på at dei andre blide og gode damene, deriblant mor, er døde.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner

Helsing frå ei jul da ein kunne dra på besøk

I slike juletider, der barnebarn knapt nok kjem på besøk, og ein ikkje kan dra til bror sin – om det så er for å få til litt forsoning – kan det vel vere på sin plass med historielagets faste julehelsing: Per Tofte som gamal stribukk. God jul!

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk

Annie Balchen – ei fjelldronning

Annie Balchen i 1976

Annie Balchen i 1976

CARL HENRIK GRØNDAHL: Vinternatt utpå nyåret 1980. To unggutar står ute på Prestegardstunet. Da ser dei det. Sterkt, flakkande lysskjær over Tofte. Brann, tenkjer dei vel og kjem seg opp Nordre Lia. Det er Hyggen som brenn, det vesle huset til Annie Balchen. Ho blir funne i snøen, har kome seg ut med brannsår i svidd nattkjole. Hunden Vicki og katta tok seg inn att i elden og vart borte. På sjukehuset i Lillehammer søkk ho ned i ei verd som berre er hennar og kjenner ikkje att dei som kjem for å sjå til henne. Året etter døyr ho, 77 år gamal. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

Kom mykje godt frå Brit og Jon i Lia

Og Brit fekk bort rusk i auga med blyantstreker

ODD JAN SKRIUBAKKEN: I 1902 kjøpte Jon Hansen Almehagen husmannsbruket Lia for 3000 kroner. Som fleire andre hadde han vore ein tur i Amerika, men kome attende. Lia har i nyare tid gjerne vore kalla Midtlia. I kyrkjebøkene er berre Rolstadlia brukt, medan folketeljinga i 1865 skriv Lia. Eit anna namn som òg har vore brukt, er «Pållia». Lia er sikkert eit av dei eldste husmannsbruka, kan hende den eine plassen Nordgard hadde i 1723. Jon Hansen Almehagen var gift med Brit Reire. Jon kunne vera fåmælt, men au snar å få sint. Ein gong han gjekk og pløygde med ein gamal treplog, kom far min forbi. Han var midt i «verste» oppveksten. «Gratulerer med ny plog», sa han. «Å, heill kjefta på´re gut, å gå oppete att», ropte Jon til far. «For e´ legem», sukka han. Alfred Grindhauga, som var med og pløygde, gapskratta.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

Tung bør, ras og krig

Maria og Petter budde og sleit 47 år i Søre Skar

Maria og Petter Skar i Søre Skar

«Komfyren bar eg på ryggen, riktignok utan ringar og skuffer, men likevel vart det eit løft på vel 100 kilo. Komfyr måtte vi jo ha, og da var det ingen annan utveg enn å bera han. Eg var ung og sterk den gongen, men jammen var eg glad da uhyret stod på plass oppe i Skar!» Det sa Petter Pedersen Graasletten (1886-1970) i eit intervju med vekebladet Vi Menn på sine eldre dagar. Maria Amundsdatter Kjorstadmoen (1886-1967) og Petter hadde alt vore gift i tre år, hadde fått to ungar og ønske seg sterkt ein eigen heim. Nede i dalen var det lite å finne både av ledig jord og arbeid. Dei tok til som husmenn under Solbrå i 1910 og fekk drive båe dei to sørlegaste bruka i Skar. Dei første åra hadde dei ikkje hest, og alt måtte berast på ryggen opp den bratte lia. Ei lita stugu hadde dei, men jordvegen var sørgjeleg steinet og i dårleg hevd. Seinare kjøpte dei au Steindalssetra, det som nå er den søre delen av jordet. Når ein i dag ser kva som finst av hus og dyrka mark i Søre Skar, må ein berre bli imponert av kva Petter og Maria klarte å byggje opp gjennom dei 47 åra dei hadde heimen sin der.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn