Korleis ser Sør-Fron kommune ut år 2000?

Dette trudde fire politikarar i 1988

I mars 1988 spurde informasjonsavisa Sørfrøningen kva det nye kommunestyret trudde om utviklinga fram mot år 2000. Fire politikarar kom til orde. 20 år etter tusenårskiftet kan det vera interessant å sjå hva dei trudde om framtida for 32 år sidan. Det dei ikkje visste – og som kom til å føre med seg store endringar, var vedtaket om OL på Lillehammer i 1994 og Peer Gynt-spelet ved Gålåvatnet første gong i 1989.

Ivar Bjerkehagen

Trur du bygda blir svært forandra innan år 2000? – Får vi vera sjølvstendig kommune? Det håper eg, svara Ivar Bjerkehagen (SP). – Men ein kan jo lure når ein les at dei 26 kommunane i Oppland kan bli slått saman til 9. Eg får tru det ikkje hastar så med forandringane. Dessutan håper eg Frya industriområde står fullt utbygd til den tid, og at nabokommunane blir med i samarbeidet. Ein må sjå korleis ein kan utvikle arbeidsplassar, men eg trur vi må basere oss på landbruksnæringa i åra framover og. Det er ikkje stort å by turistane hvis vi ikkje har jordbruk, for dei ynskjer å finne eit levande samfunn der dei kjem, seier Bjerkehagen.

Arne F. Trønnes

Arne F. Trønnes (H): – Vi må gjera industriområdet på Frya så attraktivt at vi får etableringar. Vi har ikkje noko anna å satse på. Berre service og turisme blir for luftig. Det er ikkje råd å seia kvar vi finn E6 på den tida. Det er og vanskeleg å spå korleis det går med sentrumsutviklinga. Eg håper i alle fall vi ser fleire hus på Frya-sletta innen den tid. At turistnæringa har vorte styrka er vel eit steg i rett lei. Det løyser berre ingen problem aleine. Vi må ha fleire selar å dra i.

Helge Rønningen

Helge Rønningen (A): – Vi blir stadig færre i Sør-Fron, og stadig fleire eldre. Dette er betenkeleg. Men det ser ut til at vi har fått reiselivsnæringa inn i ein positiv periode. I år 2000 ser vi vel ein ny trasé for E6, men eg veit ikkje om han kjem til å vera på baksida. Det er krefter som gjerne vil ha E6 på samme side av Lågen som i dag, men han er ein negativ miljøfaktor slik han ligg i dag ôg.

Eiliv Enget

Eiliv Enget: Ei landsbygd som Sør-Fron trur eg ikkje endrar seg så mykje. Utviklinga i turismen kan nok gje seg utslag. Eit turistsenter som det på Gålå/Wadahl bør få utvikle seg, det er ikkje råd å gå imot det. Men det bør haldast innafor ei rame så det ikkje går ut over jordbruket og seterbruket som er der. Handelssenteret er begynt å vekse opp, og det er vel og bra, men eg er redd det blir for mykje handelssentra. Skulle ein bygge opp eit senter i Sør-Fron, skulle det vore gjort før. Ein må ikkje bygge på bekostning av andre. Både dei etablerte og dei nye kan få vanskar.

Kommenter innlegget

Filed under handel, Jordbruk, Kommunikasjon, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s