Det blenkte til i augo

Når utvandra frøningar lengta heim

Kanskje var det slik ho såg ut, Fron kyrkje i Nord-Dakota. Før ho var nedlagd. Dette er Norway Lutheran Church i McHenry County i Nord-Dakota. Foto: Ghosts of North-Dakota

ODDMAR MYRUM I BYGDEBLADET FRONSBYGDIN 3/1972: Helsing frå frøningar vi råka på under ein tur til Nord-Dakota i sommar. Vi budde hos slektningar i nærleiken av ein liten by som heiter Maddock. Sonen til Johan Larshaugen frå Ruste hadde farmen vi var på. Han var gift med Oline Myrum, og dei hadde seks barn som alle er spreidde over store delar av USA. Vi råka berre tre av dei, Ivar Haugen, Selvin Haugen og Myrtle Haugen, gift med Ingman Haugen, son til Petter Klyphaugen. Alle bad oss helse til gamlelandet, da serleg til Fron, som dei kjende utruleg godt, enda dei aldri har vore her, med unntak av Selvin Haugen, som var eit par dagar på tur her i 1954.

Elles var vi på vitjing hos Petter Klyphaugen, som reiste over i 1898 og aldri har vore attende sidan. I dag er han 95 år, bur åleine og steller seg sjølv. Han hadde eit brennande ønske om ein tur til Norge. Han hugsar Rustbygda i detalj etter eit fråvær på 74 år og er levande interessert i kven som bur her og der og korleis utviklinga har vore sidan han reiste.

Paul Wold, son av Petter og Marit Volden, er fødd i USA og har aldri vore her i landet. Men han snakka frøning som ein av oss. Han er i 70-årsalderen, bur på farmen og arbeider kvar dag.

Ein annan frøning vi skulle helse frå, var Anton Green. Han kom over med mor si da han var ti år gammal og hadde så stygt ver på turen at han aldri sidan har orka tanken på å reise attende.

Anton Klypen reiste ut i 1917 og har vore attende ein gong i Ruste. Han er 74 år og full arbeidskar. Vi trefte han i Fargo, der arbeider han på ein oppsamlingsstasjon for kveg. Han og ba oss helse slekt og kjenningar.

På ein tur til Williston vitja vi Kari og Gunda Sæteren frå Skåbu. Kari er over åtti, og Gunda har passert 70. Dei er både enker og bur i Williston. Det blenkte til i augo når talen kom inn på Skåbu, som dei sende varme tankar og helsingar til.

Vi var ogå ein tur og besøkte Philip Tron, son til Ole Tron og Inga Kluften. Philip her ein velstelt farm og har nyleg bygd seg eit pent hus.

Det var ei oppleving å treffe alle desse folka, ein hadde kjensle av å vera frøning blant frøningar, og vi fekk ei eineståande mottaking over alt. Vi hadde inntrykk av at dei vi møtte, hadde gjort det bra der borte.

Her låg Fron gamle kyrkje, som i dag er nedlagd. Men på gravplassane fann vi mange fronsnamn. Truleg har det vore som Ivar Haugen sa til oss, da han peikte på ein gammal telefon på veggen: «Gjennom denne tuten der ha de itte vore tålå stor anna hell frønning.»

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon, Kvinner, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s