Her er det stoff til tv-seriar!

Mange lagnadar og mykje løynt liv hos Odd Jan Skriubakken

CARL HENRIK GRØNDAHL: Odd Jan Skriubakken skriv skisser til gode tv-seriare i Fronsbygdin. Sidan 2013 har han tatt føre seg husmannsplassane på vestsida i Sør-Fron. Artiklane er rike på fakta – namn og årstal, kven vart gift og barn dei fekk. Han fortel først og fremst historia om plassane. Men under ligg det liv og lagnadar som berre ventar på gode dramatikarar. Odd Jan Skriubakken kan ikkje og skal ikkje dikte, men der han har kjelder, smett det sterke, levande livet opp i teksten, t. d. slik frå artikkelen i 2020-utgåva: Korleis kan det ha seg at ein husmann gifta seg med ei fornem prestedotter, «jomfru Caja Petronelle Carine Lemmich»?

Kaja Lemmich var døvstum , gift med en bygdeskredder og bonde i Sør-Fron, levet der i 1843 i fattige omstændigheder og hadde mange barn.

Dette er noko å dikte på! Ei dauvstum prestedotter i fattige «omstændigheter» i Fron.

Dette er vel ei meir tradisjonell historie, men drama nok:

Ingeborg – eller Embjør, som folk sa og som òg oftast vart skrive – vart heller aldri gift, men ho vart mor til to ungar, Berit (1822) og Ole (1826). Far til Berit var korporal og heitte Børre Christensen Kraft. Far til Ole var òg militær, Georg Ulrik Lohse. Han var premiærløytnant. Dei militære heldt til på eksisplassen ved Breivegen.

Korporal Kraft og løytnant Lohse – og Embjør. Her er det mange gode roller og scener. Embjør gjorde vel berre det dei brukte å gjere i familien. Bror hennar, husmann Amund Olsen på Murastugu

vart ikkje gift, men var far til tre eller fire ungar – med ulike mødrer.

Dei to levde saman med mor si, men da Amund døydde i 1849, kom mora på legd «og systera vart nok kasta ut frå plassen.» Da var vel korkje korporalen eller løytnanten der. Kva skjedde med Embjør?

Det er naturleg nok mange slike historier, kjønnsdrifta har nå alltid vore ei kaoskraft:

Heilt på tampen av året 1869 vart det født ein gut på Buhomstranda ved Ålesund. Mora heitte Marte Oline Valgermo. «Ungkar Ole Pedersen Skridebakken av Froen, 21 aar,» vedgjekk at han var faren. Det er tvilsamt om Ole P. seinare hadde noko kontakt med mor og son.

Og kva med sonen til denne herr Skridebakken på utflukt til Ålesund? Han vart døpt Hans Oluf Mathias og gifta seg i Kristiania i 1895 med Dagmar Alfrida Waldorf. Det varte ikkje lenge. «Dei døydde unge, båe av tuberkulose, men fekk dottera Olufine Alfrida, som har fleire etterkomarar», fortel Odd Jan Skriubakken. Det er godt, men ho må ha mista foreldra da ho var lita. Kva for ein oppvekst fekk ho? Kva gav ho vidare til barna sine?

Hans og Mari i 1906. Mari svakhelsa, fødte sju ungar. Foto: H. H. Lie

Så var det ho Mari Hansdotter Vetl-Strand. Mor hennar var frå Svatsum og gravid da ho gifta seg med Paul Nilsen i 1856, Mari kom til verda berre nokre månader seinare. Men Paul tok ikkje på seg farskapen, han anga Hans Hansen Krokum, tenestekar i Nordgard Skodal, som far til ungen. Men han tok seg nå av den gravide jenta og fostra opp Mari. Godt gjekk det ikkje med dei. «I 1890 er det notert at både Paul og Kari levde av betleri – stakkars krokane», skriv Odd Jan Skriubakken. Og Mari? Ho fekk seg ein mann, ein husmann, Hans Pedersen i Skriubakken, dei gifta seg i 1881 da ho var 25 år gamal, dei levde saman i 27 år:

Det er sagt at Maria var «ei svakhelsa menneske», like fullt fødte ho sju ungar til verda. Mari arbeidde ein del som hushjelp hos doktoren og vart kalla Dokter-Mari.

Ho døydde i 1908.

Her er det altså nok stoff og lagnadar for den som vil dikte.

Og her er meir frå Odd Jan Skriubakken:

Måndagsæinne tolte ikkje å bli vaska

Historia om Eldri og Ola, husmenn i Reire

Om Ola Toppen: – E bæt eit stort stykkju utur kjåkå på o´m

NRK har send Et sted å høre til, ein serie frå Australia om storfolk og småfolk. Sett gjennom storfolket. Her kan vi sjå noko av det same – gjennom småfolket.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Menn

2 responses to “Her er det stoff til tv-seriar!

  1. Marit Tardy

    Hvor kan få tak i disse bøkene?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s