Monthly Archives: november 2020

Toneskatt frå ein ordhittaug kar

Roger Slåstuen fortel om spelmannen Torger Iverstugun

På lanseringa av Fronsbygdin 2020 spelte og fortalde Roger Slåstuen om ein kunstnar som var forut for si tid. Vil du sjå og lese meir om Torgeir Iverstugun? Her er eit godt program TV Øst laga om han. Her er historia om Iverstugun, fortald av Ole Christian Risdal.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Korleis ser Sør-Fron kommune ut år 2000?

Dette trudde fire politikarar i 1988

I mars 1988 spurde informasjonsavisa Sørfrøningen kva det nye kommunestyret trudde om utviklinga fram mot år 2000. Fire politikarar kom til orde. 20 år etter tusenårskiftet kan det vera interessant å sjå hva dei trudde om framtida for 32 år sidan. Det dei ikkje visste – og som kom til å føre med seg store endringar, var vedtaket om OL på Lillehammer i 1994 og Peer Gynt-spelet ved Gålåvatnet første gong i 1989.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under handel, Jordbruk, Kommunikasjon, Verksemder

Det blenkte til i augo

Når utvandra frøningar lengta heim

Kanskje var det slik ho såg ut, Fron kyrkje i Nord-Dakota. Før ho var nedlagd. Dette er Norway Lutheran Church i McHenry County i Nord-Dakota. Foto: Ghosts of North-Dakota

ODDMAR MYRUM I BYGDEBLADET FRONSBYGDIN 3/1972: Helsing frå frøningar vi råka på under ein tur til Nord-Dakota i sommar. Vi budde hos slektningar i nærleiken av ein liten by som heiter Maddock. Sonen til Johan Larshaugen frå Ruste hadde farmen vi var på. Han var gift med Oline Myrum, og dei hadde seks barn som alle er spreidde over store delar av USA. Vi råka berre tre av dei, Ivar Haugen, Selvin Haugen og Myrtle Haugen, gift med Ingman Haugen, son til Petter Klyphaugen. Alle bad oss helse til gamlelandet, da serleg til Fron, som dei kjende utruleg godt, enda dei aldri har vore her, med unntak av Selvin Haugen, som var eit par dagar på tur her i 1954.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon, Kvinner, Menn

Litt av ein kar!

Torstein Rudihagen fortel om bessfar Sveinsson

Han budde einsam i over 30 år i ei lita bakhonkledd hytte på ei slette øvst i Nordre Lia. Her var ikkje straum eller innlagt vatn. Maten laga han på ein vedafyrt svartomn, og veden var kvist han drog i hop fra hogstfelta rundt omkring. Kleda sine vaska han når det regna. Da la han dei på bakken og lét naturen gjera jobben. Om sommeren sov han ute. Eit takoverbygg heldt regnet unna. Det er Torstein Rudihagen som fortel om Iver Hovdlistuen, Bessfar Sveinsson, i årets utgåve av Fronsbygdin. Litt av ein kar! Som fanga reinsdyr og skreiv dikt. Og Torstein Rudihagen fortel varmt og nært om ein mann som lyfta av ei dør i uthuset og hengde henne opp med ståltråd over vedomnen og sov der når han fraus. Ennå ikkje skaffa deg Fronsbygdin 2020?

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Skapande evner i skileiken

Trond Halle fortel om den gongen ungane ordna opp sjølv

Trond Halle ein gong rundt 1960

«På 1950-talet var det guteklubbar i nesten kvar ein liten repp på Harpefoss. Desse arrangerte skirenn. I reppen der eg voks opp ved Harpefoss skule, var det også mykje skileik da eg var gutunge på 60-talet. Vi laga ein liten hoppbakke og ei langrensløype på Nordgardsjordet (Nordgard Skurdal.) Det å gå opp langrennsløypa, lage i stand hoppbakken, og gjere dei andre førebuingane til rennet var minst like artig som å delta. Eg trur det var sunt for oss å drive på eige hand. Kanskje utvikla vi våre skapande evner betre på denne måten? Eg meiner kanskje det er vel mye tilretteleiing i dag. Ungane blir kanskje fråteke gleda ved å skape noko sjølve.» Skriv Trond Halle i Fronsbygdin 2020, ein artikkel redaksjonen fekk før han døde 7. 10. i år. Eit artig glimt inn i ei tid da det var hoppbakkar på kvart eit jorde. Skaff deg boka. 🙂

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Idrett, Menn

Møkkakjøring og mykje anna

Kanskje det viktigaste som har stått på prent i Fronsbygdin?

Ikkje frå Tåkåstad, men fyrste «selvbindern» i Kjorstadgardane. Sygard, Nigard og Nordgard Kjorstad kjøpte den saman. Foto frå Knut S Kjorstad/Vegar Skar

«For å få gjødsla jevnt og fint utover enga, ble det kjørt over med ei sloe etter at gjødsla hadde tørket litt. Sloa besto av noen passe store bjørk som ble festet på en rustningsblokk. Et stykke bak ble bjørkene festet sammen og pålagt litt ballast, oftest stein. Når dette enkle redskapet ble kjørt der det var spredd husdyrgjødsel, ble denne jevnet og fordelt og alle klumpene knust.»

Anton Tagestad (1920-2008)

Dette fortel Anton Tagestad (1920-2008) i Fronsbygdin 2020: «Året rundt på Tåkåstad.» På sine eldre dagar skaffa han seg ein PC som han skreiv ned livssoga si på, samstundes som han gjekk gjennom heile årssyklusen med arbeidet på ein gard – og dermed laga nærast ei lærebok i etnologi. Dette er viktig, lærerik og særs interessant dokumentasjon av setertid, våronn, slåttonn og skuronn, husdyr og redskap, slakting og baking, vinterarbeid og vedhogging og mykje anna. Står altså i årets utgåve av Fronsbygdin!

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Setring

Der står tida stille sjølv om åra går

Litt om Berget og Rolf Ingemann Krogh 

Rolf Ingemann Krogh i 2006. Foto: Paul Henrik Hage

PAUL HENRIK HAGE: Berget i Breinnom, Sødorp. Eg tok meg ein tur oppi Berget att her om dagen. Der står tida stille sjølv om åra går, og nå er det ni år sidan Rolf Ingemann Krogh døydde. Han var den siste som budde der. Rolf var ein tyleg og interessant kar å treffe eller besøkje. Fargerik var han på alle måtar og artig å fotografere både i farger og svart/kvitt. Han budde der aleine med dyra sine, var frå Vinstra, utdanna kokk og arbeidde i mange år som koldbordansvarleg på passasjerbåtar tilhøyrande Den Norske Amerikalinje og på høgfjellshotell som Gålå og Wadahl. Han var fleire somrar budeie på Øyasetra på Fryvollane. Han kjøpte Berget av Ivan Berget i 1972 og budde der eller på setra på Nysetra med geiter, bukk med namnet Putin, sauer, kalvar, høner, hund og kattar nesten heilt til han døydde 14. oktober 2011.

Berget i Breinnom. Foto: Paul Henrik Hage
Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Her er det stoff til tv-seriar!

Mange lagnadar og mykje løynt liv hos Odd Jan Skriubakken

CARL HENRIK GRØNDAHL: Odd Jan Skriubakken skriv skisser til gode tv-seriare i Fronsbygdin. Sidan 2013 har han tatt føre seg husmannsplassane på vestsida i Sør-Fron. Artiklane er rike på fakta – namn og årstal, kven vart gift og barn dei fekk. Han fortel først og fremst historia om plassane. Men under ligg det liv og lagnadar som berre ventar på gode dramatikarar. Odd Jan Skriubakken kan ikkje og skal ikkje dikte, men der han har kjelder, smett det sterke, levande livet opp i teksten, t. d. slik frå artikkelen i 2020-utgåva: Korleis kan det ha seg at ein husmann gifta seg med ei fornem prestedotter, «jomfru Caja Petronelle Carine Lemmich»?

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Menn

Både hogger og hest

Ole P. Brenden i blinkskudd fra Tobben

UKJENT AVIS 6.2.1985: Ole P. Brenden er både tømmerhogger og hest i en og samme person. Flere ganger i løpet av vinteren har vi sett ham trekke med sin lille slede med skjeker og tau, omtrent som en sterk fjording i arbeid. Ole P. er 74 år, men driver stadig på og skaffer ved til huset. For tørr ved må en ha, skal det bli godt og varmt, mener han. (Foto: tobben)

Lagt ut av Ola Løkken på FB-sida «Du veit du e frå Vinstra når..»
 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Forteljarkveld torsdag 5. november

 

Det blir forteljarkveld i Sør-Fron kulturhus torsdag 5. november kl. 18.30. Asbjørn Myrvang vil fortelje både om og frå den gamle skulen på Glasmestermoen. Her blir det fokus på skulesoge og på den store betydninga og rolla skulen hadde i lokalsamfunnet. PS! Koronasikkert arrangement. Gratis inngang! Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon