Monthly Archives: oktober 2020

Dokumentarroman med tilknyting til Fron

Knut Jensson Rydland gjekk 2 år på Kristiansand lærarskule frå 1905 til 1907. Han tok lærareksamen 29. juni 1907. Deretter var han lærar i Ruste i Nord- Fron i Gudbrandsdalen frå hausten 1907- des. 1908. Han var frå 1910 lærar på den ambullerande Amtskulen i Sunnhordaland. Då skulen blei fast, 1/1 1916, blei han tilsett som styrar ved den Søndhordlands Amtsskule og like til skulen blei nedlagt i 1932. Namnet på skulen blei endra i 1919 til Sunnhordland Fylkesskule. Du kan treffe forfattaren på boklanseringa vår den 29. oktober. Da vil det også bli moglegheit til å kjøpe ho.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Ho gjekk for å vera “tullåt”, men…

Janna Lien hadde mykje fornuftig i seg

RASMUS STAURI: Janna Lien gjekk bort i 1978 etter ein tragisk brann. Godt vaksne frøningar hugsar den gode og treffande replikken ho kunne koma med, og sjølv i dag så mange år i ettertid blir ho hermt og fortalt om.

Dette fotoet er frå Hundorp gard juni 1961 og ho sit saman med Anna og Mossa Kvernæs, Dagny Stauri og Lise Agnethe ett år. Egil Stakston: Kanskje det einaste fotografiet som er å oppdrive av Janna.
Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Trond Halle og draumen

GD 8.10.2020
Omtale i Dølen

Trond Halle, (1952 – 2020) kongen av dølarock, døydde 7. oktober, 68 år gamal. I Fronsbygdin fortalde han historia om Baksia: Draumen om eit band som skulle rocke på kav døl.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Nytt styre i historielaget

Ole Christian Risdal

Ole Christian Risdal held fram som leiar i Fron historielag. På styremøtet 30. september på Mimes Brunn, Hundorp, vart styret konstituert slik:

Leiar: Ole Christian Risdal
Nestleiar: Egil Myhre
Kasserar: Åge Hagestuen
Sekretær: Eivind Holen
Bokansvarleg: Egil Myhre
Styremedlem: Gunnar Lien, Marit Haakenstad, Ragnhild Wadahl,
Møyfrid Kalstadstuen.

Bilde og nærare presentasjon er i kjømda.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Skulstuguførkja og Dale-Gudbrand

Mykje lesverdig frå Fron i Årbok for Gudbrandsdalen 2020

CARL HENRIK GRØNDAHL: Mykje godt og interessant stoff frå Fron i Årbok for Gudbrandsdalen 2020, som nå er i butikkane. Redaktøren, Geir Beitrusten har gått vidare på Ivar Kleiven si forteljing om Skulstuguførkja, Ragnild Skulstugun frå Sødorp, drikkfeldig, bråsint og noko så sjeldan som ei kvinneleg slåstbikkje med frykteleg slagkraft. Han går bak bygdesladder og mytar og set ho inn i ein større samanhang:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk