Daily Archives: 31. oktober 2020

Her finn du det, alt saman!

Innhaldet i Fronsbygdin gjennom 17 år

Nå er oversynet ajourførd. Rull deg gjennom denne sida, og du finn alle artiklane som har stått på prent i årboka sidan 2003. Du finn sida her til høgre. Ho ser slik ut:

Det er litt av ei samling lokalhistorie! Nokre av artiklane er lenka opp, det tyder at utdrag av dei er lagt ut på denne heimesida. Har du ikkje bøkene, kan du få dei ved å kontakte Egil Myhre:

 egilm@bbnett.no
tlf.: 970 67 723

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Forteljarkveld i Sør-Fron kulturhus torsdag 5. november

Det blir forteljarkveld i Sør-Fron kulturhus torsdag 5. november kl. 18.30. Asbjørn Myrvang vil fortelje både om og frå den gamle skulen på Glasmestermoen. Her blir det fokus på skulesoge og på den store betydninga og rolla skulen hadde i lokalsamfunnet. PS! Koronasikkert arrangement. Det vil også bli lagt opp til omvising på Glasmestermoen. Ope for alle medlemmar. Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon