Møt Gard, Roger og Ellen Kathrine

Mykje godt og interessant på smittetrygg lansering av Fronsbygdin

Roger Slåstuen kjem, og han fekk kulturprisen i Nord-Fron i 2018. Foto: Ketil Sandviken, GD.

Det blir ein gild kveld! Med lansering av Fronsbygdin 2020 i Inntunet på Vinstra videregåande torsdag 29. oktober kl 1900. Kva for farge er det på omslaget i år? Kva for godbitar gøymer seg mellom permane?

Gard Espeland kjem til å danse seg gjennom artiklane, slik berre han kan det. Einaste avsløringa de får her, er at boka har med ei forteljing om kva for eit drama det var å byggje hus i Fron under krigen. Som om ikkje det var nok: Roger Slåstuen kjem og spelar tre slåttar frå Skåbu. Og så: Ellen Kathrine Friis, arkeolog ved Kulturhistorisk museum fortel om busetting ved Olstappen, Skåbu i 10.000 år. Funn som var ein sensasjon. Her på denne heimesida finn du litt oppvarming.

Gard Espeland. Foto frå Oslo elveforum
Ellen Kathrine Friis frå arkeologisk seksjon ved Kulturhistorisk museum kjem og fortel at det budde menneskje i Skåbu for 10 000 år sidan! Foto: Else Børte

Biteti og kaffi blir det med alle naudsynlege smitteverntiltak, så du kan trygt møte fram på lanseringa av Fronsbygdin 2020 til ein triveleg kveld. Og er du ikkje medlem av Fron historielag – meld deg inn her. Velkomen!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s