Skulstuguførkja og Dale-Gudbrand

Mykje lesverdig frå Fron i Årbok for Gudbrandsdalen 2020

CARL HENRIK GRØNDAHL: Mykje godt og interessant stoff frå Fron i Årbok for Gudbrandsdalen 2020, som nå er i butikkane. Redaktøren, Geir Beitrusten har gått vidare på Ivar Kleiven si forteljing om Skulstuguførkja, Ragnild Skulstugun frå Sødorp, drikkfeldig, bråsint og noko så sjeldan som ei kvinneleg slåstbikkje med frykteleg slagkraft. Han går bak bygdesladder og mytar og set ho inn i ein større samanhang:

Heile livsløpet til Ragnild Skulstugun fall saman med ein mørk periode i norsk historie. Det var krig, blokade, misvekstår, rot med statsfinansane og dødelege epidemiar. Gjennomsnittleg levealder for både norske menn og kvinner låg godt under 50 år. Sjølv om folk heldt seg med store ungekull, gjekk folketalet ned dei verste åra. Mange småkårsfolk rak gardimellom med tiggarposen sin. (…) Eit anna vesentleg trekk ved det samfunnet Ragnild levde i, var det enorme konsumet av alkohol. Flatfylla rådde, og stupfulle småungar var ikkje noko særsyn.

Det er ein vond lagnad og eit sterkt bilde Geir Beitrusten her teiknar i ein særs leseverdig og god artikkel.

Bildet på forsida av boka fortel at ein gud skal knusast, og Bjørn Sletten skriv om Gudbrandsdalens Game of Thrones og jakta på den gåtefulle Dale-Gudbrand. Snorre si forteljing om Dale-Gudbrand og Olav Haraldsson gjorde Hundorp til eit nasjonalt kjend namn. Markeringa i 2021 er ei gåvepakke til Sør-Fron kommune og til heile Gudbrandsdalen som eining, skriv han. Da er det planlagt ei stortstilt markering av tusenårsjubileet for dei symboltunge hendingane på Hundorp.

Her er ôg plass til hyttehistorie. Velståande byfolk tok til å skaffe seg hytter i austnorske setertrakter tidleg på 1900-talet, og Kari Løchen Blakstad fortel historia om «Nisseheimen», ei hytte på Fagerli i Nord-Fron vestfjell. Påska 1951 gjekk turen frå Oslo med bil til Ruste og så slede fra Ruste til Fagerli.

Vi var et stort følge på ti personer pluss kjørekarer og ei jente som skulle hjelpe til med husholdet. Hvor mange sleder det var, husker jeg ikke, men det var mange. (…) Første etappe på turen var opp til Feforosen, der skulle hestene ha vann og en liten hvil.

Mest interessant er det ho skriv om hyttelivet under krigen, da hytta var ein stad ein kunne gå i dekning.

I ein rikhaldig og morosam artikkel skriv Anton Løkken om bestefar sin, urmakaren Anton Jonsson Berge (1890-1961). Han fekk ingen lett inngang i livet. Mora var gardjente på Berge, faren ein ung tenestegut. Ho vart jaga frå garden, og før guten fylte to år, døydde ho av tuberkulose. Far hans, tenesteguten, drog til Amerika før Anton vart fødd. Han voks opp hos Anna og Hans Joten og fekk ein trygg og god barndom der. I 1911 var han ferdig med læretida som urmakar hos Jon Skoe på Vinstra. Men han var meir enn det, samfunnsengasjert fotograf, oppfinnar, musikar, organist, dirigent, opplysningsmann og skuleven. Han var sjølve drivfjøra i musikklivet på Vinstra i mange år. Anton Løkken lar oss møte eit menneskje med eit uvanleg stort register.

Anton J. Berge (1890 – 1961) spiller fele ca 1908, i urmaker Jon Skoes (Skaaden) heim på Vinstra,  hvor han gikk i lære. Han var født i Sør-Fron, sønn av Jon J Rolstadlien og Anna Torsdatter Berge.  Han var urmaker og musiker, først på Dovre fra 1911 til 1917. Høsten 1916 bosatte han seg som urmaker på Vinstra. Han var organist i 50 år, musikkdirigent i 40 år, sangkordirigent i 25 år, og holdt også på med mange andre musikkaktiviteter.

Les meir om Berge Ur og Optikk på Vinstra

Klassemotsetnadene i bygdesamfunnet var store, storingane og øverheitspersonane misbrukte makta si mot dei på det lågaste steget i samfunnet. Slikt vart det protestviser av. I ein innhaldsrik artikkel fortel Paul Henrik Hage om bestemor si, Maria Lykkjom (1874-1969). Ho like å synge gamle viser og kunne tallause utanat. «Det var som ho song ut ein protest kot uretten som småkårsfolk hadde vore utsett for, og som ho visste mykje om sjølv», skriv han. Her kan du høye ho synge visa. Og her fortel ho om korleis det var å koma ut i arbeid som underbudeie 14-15 år gammal.

Fredsvåren 1945 vart Kristian P. Åsmundstad frå Kvikne (1885-1976) suspendert frå stillinga som kyrkjesongar «etter ordre frå høiere kirkelig hold» fordi han hadde gjort teneste i gravferda etter ein stornazist, som motstandsrørsla likviderte. I artikkelen «Eit liv i med- og motgang» skildrar sonen Per Åsmundstad livet til far sin og hevdar at skuldingane mot faren var meiningslause og heilt urettvise. Kristian Åmundstad vart omsider frikjend og fekk at klokkarstillinga og tok til att som lærar.

Det er ikkje berre lett å skrive slik om sin eigen far. Det var mange som kjende på at dei sveik og svikta under den andre verdskrigen utan at det var vondt meint. Sjølv skreiv han: «Mitt brotsverk var ikkje at eg gjorde ei vond gjerning, men at eg let vera å gjera ei god gjerning, det vil seia at eg let vera å protestere mot ei ulovleg lov.» Likevel veit eg at han kjende seg korkje ærelaus eller venelaus da han fekk det heile på fråstand.

Ein god artikkel som minner oss om vanskelege val i ei vanskeleg tid.

Dette er berre noko av innhaldet i ei meget god utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen. Redaktør Geir Beitrusten har gjort ein framifrå jobb, og boka har fin layout med gode illustrasjonar.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s