Tenestejentene sov mellom båsrekkene

Og tenestegutane løp fra gard til gard på jentejakt

Lørdagsfrieri i ordna former. Måleri av C. F. Sundt-Hansen.

RAGNAR ØVRELID: Skikken frå gammalt i Fron var at tenarane låg i fjøset. Sokneprest Schiøth meiner i 1743 at det er ein skammeleg skikk som få hedenske land ville tåle at bøndene lar såvel «drenge som piger» ligge i fjøset. Dette fører til «stort lettferdighet», skriv presten, jentene og gutane er knapt 15-16 år før dei ligg saman. Om nettene er fjøsa ofte fulle av tenestegutar som løper fra en gard til den neste etter pikene. Det same skjer på setrane, «hvor de om natten har leilighed til at ligge med hinanden.»

Desse forholda bruker ungdommen til å drive utukt, skriv Schiøth. Dei meiner at det korkje er synd eller skam. Av den grunn kan ein finne ugifte jenter som har to, tre, fire barn. Mest i kvar husmannsstove finst «et besovet kvinnemenneske», og atskillege gutar har på eitt år sett barn på både to og tre jenter.

Les meir om sokneprestens syn på frøningane

Slik var det i 1730- og 40-åra, enda presten overdriv ein del. Noko betre vart det sidan. Men fjøset heldt fram som opphaldssted for tenarane. I 1850-åra la Eilert Sundt merke til at til og med nye fjøsbygningar var innreidde med soveplassar. Ein stad her i bygda fann han «et stort system av dobbelt-senge, en nede og en ovenover, hver stor nok til tre eller fire personer. jentene skulle ligge nede og gutane oppe.

Les kva Eilert Sundt meinte om kvinneleg vanære i Kvam

Sundt forelt om eit anna fjøs. Bakerst, i den skitne gangen mellom båsrekkene låg jentene, slik at all slags skvett og stank kunne nå dei. Bak den illeluktande grisebingen sov tenestegutane og legdsmannen. For å komme fram til sengene sine måtte dei vasse gjennom sauebingen. Til og med på prestegarden fann Eilert Sundt slike forhold.

Skikken med å ligge i fjøset er ut til å vere på tilbakegang i Fron etter 1850. Tenarane fekk eige rom i vånigshuset eller i egne drengestover. Men framleis låg mange i fjøset. På dei fleste gardane frå Fosse til Sylte ligg jentene i fjøset, mens gutane ligg i huset. Jentene skulle passe dyra, og mange fjøs hadde eldstader som også måte passast.

Å Herrgud, lukk opp da, jenter, Gud velsigne dere, lukk opp da! Teikning: Theodor Kittelsen

Berre på ein gard, på Graupe, låg jenter og gutar saman i fjøset i 1875. Der var til og med ei av jentene og ein av tenestegutane gifte, ho var 52 år, han 60. Og dei hadde ei dotter liggande der, 12 år gammal.

I 1875 hadde likevel fleira gardar tatt i bruk andre bygningar til tenarane, til innerstar og kåfolk. Dei låg gjerne i «nystuen» eller i «gammelstuen». På Harildstad låg 11 tenarar i eldhuset.

Men skikken med at tenarane skulle ligge i fjøset, særleg budeiene, heldt seg fleire stader i Fron til etter 1900.

Frå Historia om Fron fram til 1940.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s