Ho gjekk frå tenesta på ein gard i Kvam

RAGNAR ØVRELID: I det gamle samfunnet var det vanleg at barn og ungdom måtte ut å tene. Storparten av tenarane var rekrutterte frå husmansstanden. Husmennene hadde ikkje råd til å ha barna sine heime. Når ein tok seg teneste, var det i regelen på eitt år, frå 14. april til 14. april. Det var straffbart å forlate tenesta si før det avtalte året – eller halvåret – var ute. Ei lov frå 1754 sa klart frå om det. Vi har ei sak frå Kvam, som viser korleis det kunne gå med ei jente som forlet tenesta si.
Mari Bosåen festa seg våren 1820 på ein gard i Kvam. Ho gikk frå tenesta si etter ei tid, men kom tilbake. Men i august gikk ho frå for godt. Husbonden melde henne til lensmannen, og Mari kom for retten i februar 1821. Mari hevda ho ikkje orka tenesta, fordi husmora var «ond mod henne.» Husbonden nekta på dette. Og Mari vart dømt til å betale husbondsfolket og staten 5 1/2 riksdaler, eitt og eit halvs års løn, i bot. Og det var ikkje det verste, Mari måtte også «settes i gabestokken eller halsjernet i 2 timer på prædikedag» og betale bygdevektaren 24 skilling for bryderiet.
Dette var siste gongen vi veit at gapestokken vart brukt i Fron, denne vanærande straffen, som kunne skjemme ut eit menneske i bygda for alltid.
Historia om Mari er sjølvsagt ikkje typisk. dei fleste tenarane fann seg i kåra sine, som gav dei husrom og mat, klede og litt løn. Men historia fortel noko om kor viktig det var for gardbrukarane å ha stabil arbeidshjelp.