Flom i Kvam gjennom tidene
Bli medlem av Fron historielag og kom på årsmøtet onsdag 9. september kl 19 på Sødorp Gjestgivergard. Du kjem i godt selskap, for hit kjem òg historikaren Arild Teigen og fortel frå boka si Falne døler 1940-45. Han kan fortelje meir, og det kan du lese på denne heimesida. Kvam og flom har liksom høyrt i hop gjennom tidene, og det veit Arild Teigen mykje om:
ARILD TEIGEN: “All historie er samtidshistorie” var det ein klok kar som sa. Det fekk eg prov på, kvelden den 22. mai, 2013. Ved åttetida banka det på utgangsdøra vår, på Øvermofeltet, midt i Kvam sentrum. På dørhella stod to ukjente karar frå Raude Kross. Beskjeden var grei: “Kom døkk onda, nå kjem åa!” Les meir